Semesters
- 2026 Spring
- 2025 Autumn
- 2025 Spring
- 2024 Autumn
- 2024 Spring
- 2023 Autumn
- 2023 Spring
- 2022 Autumn
- 2022 Spring
- 2021 Autumn
- 2021 Spring
- 2020 Autumn
- 2020 Spring
- 2019 Autumn
- 2019 Spring
- 2018 Autumn
- 2018 Spring
- 2017 Autumn
- 2016 Autumn
HI111N Norsk og internasjonal oversynshistorie ca 300–1536
Ingen
Formålet med dette emnet er å gje studentane eit samanhengande oversyn i norsk og internasjonal historie frå tidleg mellomalder i Europa (vikingtida i Noreg) og fram til 1536. Dei skal forstå korleis den føydale samfunnsordninga voks fram og endra seg fram til 1500-talet, og vere i stand til å plassere Noreg i eit komparativt europeisk perspektiv med særleg vekt på sentrum–periferirelasjonar. Dei skal òg ha innblikk i framveksten og utviklinga av utvalde ikkje-europeiske sivilisasjonar frå tida før den europeiske påverkinga sette inn med full tyngd.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten
- har grunnleggjande oversyn over norsk og internasjonal historie frå ca 400 (norsk frå ca 800) til ca 1600 og kan sjå samanhengar og samanlikne tilhøve i tid og rom
- har grunnleggjande kunnskapar om historisk metode, teori og historiografi
Studenten
- kan tileigne seg, ordne og systematisere kunnskap på logisk konsekvent vis for å svare på ei historisk problemstilling
- kan skrive fagtekstar av eit visst omfang på eiga hand og innanfor gjevne tidsrammer
- kan reflektere over eige fagleg arbeid og justere dette under rettleiing
Studenten
- kan sette seg inn i nye problemområde og analysere saker frå fleire sider
- kan handtere informasjonsmengder av eit visst omfang, og ordne og systematisere kunnskap på logisk konsekvent vis
- kan dokumentere skriftlege arbeid i samsvar med generelt vedtekne krav innafor høgare utdanning
All innlevering av oppgåveutkast m.m. (sjå Vilkår for å framstille seg til eksamen nedanfor) skjer i Fronter. Det er derfor ein føresetnad for å kunne studere historie i Volda at studenten er kjend med elementær internettbruk – navigering i nettlesar, bruk av diskusjonsforum, opp- og nedlasting av filer. Det blir lagt ut rettleiingar i desse teknikkane på nettet.
Studentane sitt sjølvstendige og individuelle arbeid gjennom heile semesteret blir lagt til grunn for vurderinga i fagemnet. Følgjande fire arbeidskrav skal kvar student gjennomføre:
- Levere ein tilnærma ferdig versjon av ei Individuell prosessoppgåve over oppgjeve tema i samsvar med semesterplanen. Den tilnærma ferdige versjonen skal ha eit omfang på minst 2500 ord i tekstbehandling, og blir gjennomgått av ein faglærar som vurderer om den kan godkjennast. Slik godkjenning er nødvendig for at studenten skal kunne gå vidare på emnet. I tilfelle det første framlegget blir underkjent, får studenten høve til å levere ein ny versjon.
- Gjennomføre to fleirvalsprøver (multiple-choice) til godkjent nivå. Desse prøvene tek utgangspunkt i heile pensum i emnet. Ein student som får «ikkje godkjent» på ei prøve, får ein ny sjanse.
- Skrive eit refleksjonsnotat, som skal innehalda korte evalueringar av undervisning, pensum, oppgåve- og kommentarskriving, heimeeksamen, administrative tenester og generelle kommentarar til opplegget på fagemnet. Eit refleksjonsnotat skal ha eit omfang av 200–500 ord i tekstbehandling.
Detaljane i arbeidskrava – nærare formkrav og framdriftsplan, forklaring og døme på dei ulike prøvetypane – blir presiserte i eigne skriv og lagt ut i det aktuelle emneromet i Fronter. Som det går fram ovanfor, får kvar student som ikkje har fått godkjent eit arbeidskrav, ein ny sjanse innan ein kort frist. Alle arbeidskrav må vere godkjende for at studenten skal kunne gå opp til eksamen. Arbeidskrava og eksamensdel 1 må gjennomførast i same semester.
Sensur blir gjennomført i samsvar med § 12-2. i Forskrift om studium og eksamen ved Høgskulen i Volda.
Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.
- History - yearcourse (netbased, part time)
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Oppgave | Individual | 1 Semester | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | 60 | (endeleg versjon av prosessoppgåva studenten har skrive, jf. 1. punkt under arbeidskrav) | Alle | 3000 - 3500 ord |
Home exam | Individual | 4 Hours | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | 40 | Alle |
Emne som gir reduksjon | Grad av overlapp | Vektingsreduksjon |
---|---|---|
SRS101N | 2 |