Semesters

HI111N Norsk og internasjonal oversynshistorie ca. 300–1536

Course code: 
HI111N
Duration: 
1 semester
Credits (ECTS): 
15
Level of study: 
Foundation level (bachelor’s degree level)
Teaching semester: 
2023 Spring
Assessment semester: 
2023 Spring
Language of instruction: 
Norwegian
Required prerequisite knowledge

Ingen

Course content

Formålet med dette emnet er å gje studentane eit samanhengande oversyn i norsk og internasjonal historie frå seinantikken i Europa (vikingtida i Noreg) og fram til 1536. Studentane skal utvikle forståing av sentrale endringsprosessar i perioden innanfor tema som folketalsutvikling, økonomi, sosiale forhold, politikk og religion. Dei skal òg vere i stand til å plassere Noreg i eit komparativt europeisk perspektiv. Emnet gjev også innblikk i framveksten og utviklinga av utvalde ikkje-europeiske sivilisasjonar frå tida før den europeiske påverknaden sette inn med full tyngd.

Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Learning outcome knowledge

Studenten skal ha

  • grunnleggjande oversyn over norsk og internasjonal historie frå ca. 300 (norsk frå ca. 800) til midten av 1500-talet og kan sjå samanhengar og samanlikne tilhøve i tid og rom
  • grunnleggjande kunnskapar om historisk metode og teori
Learning outcome skills

Studenten skal kunne

  • tileigne seg, ordne og systematisere kunnskap på logisk konsekvent vis for å svare på ei historisk problemstilling
  • skrive fagtekstar av eit visst omfang på eiga hand og innanfor gjevne tidsrammer
  • formidle kunnskap om emneinnhaldet til fagmiljø og eventuelt eit allment publikum, t.d. gjennom digitale medium
  • reflektere over eige fagleg arbeid og justere dette under rettleiing
Learning outcome qualification

Studenten skal kunne

  • sette seg inn i nye problemområde og analysere saker frå fleire sider
  • handtere informasjonsmengder av eit visst omfang, og ordne og systematisere kunnskap på logisk konsekvent vis
  • dokumentere skriftlege arbeid i samsvar med generelt vedtekne krav innafor høgare utdanning
Working and learning activities

All innlevering av oppgåveutkast m.m. (sjå Vilkår for å framstille seg til eksamen nedanfor) skjer i eit digitalt læringsverktøy. Det er derfor ein føresetnad for å kunne studere historie i Volda at studenten er kjend med elementær internettbruk – navigering i nettlesar, bruk av diskusjonsforum, opp- og nedlasting av filer. Det blir lagt ut rettleiingar i desse teknikkane på nettet.

Av 100 plassar på emnet, er 10 plassar reservert studentar på Bachelor i Religion og kultur, nettstudium.

Assessment requirements

Studentane sitt sjølvstendige og individuelle arbeid gjennom heile semesteret blir lagt til grunn for vurderinga i fagemnet. Kvar student skal gjennomføre følgjande arbeidskrav:

  • Levere ein tilnærma ferdig versjon av ei individuell prosessoppgåve over oppgjeve tema i samsvar med semesterplanen. Den tilnærma ferdige versjonen skal ha eit omfang på om lag 2500 ord i tekstbehandling, og blir gjennomgått av ein faglærar som vurderer om den kan godkjennast. Slik godkjenning er nødvendig for at studenten skal kunne gå vidare på emnet. I tilfelle det første framlegget blir underkjent, får studenten høve til å levere ein ny versjon.
  • Gjennomføre to fleirvalsprøver (multiple-choice) til godkjent nivå. Desse prøvene tek utgangspunkt i heile pensum i emnet. Ein student som får «ikkje godkjent» på ei prøve, får ein ny sjanse.
  • Dokumentere historisk kunnskapstileigning i digitale medium etter nærare instruks frå instituttet.

Detaljane i arbeidskrava – nærare formkrav og framdriftsplan, forklaring og døme på dei ulike prøvetypane – blir presiserte i eigne skriv og lagt ut i det aktuelle emneromet i det digitale læringsverktøyet. Som det går fram ovanfor, får kvar student som ikkje har fått godkjent eit arbeidskrav, ein ny sjanse innan ein kort frist. Alle arbeidskrav må vere godkjende for at studenten skal kunne gå opp til eksamen. Arbeidskrava og eksamensdel 1 må gjennomførast i same semester.

Evaluation system
Maximum number of students: 
150
Person in charge: 
Harald Endre Tafjord
Used in other programs
  • History
  • History - bachelor (net-based)
  • History - yearcourse (netbased, part time)
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Oppgave
Individual
1 Semester
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
60
Endeleg versjon av prosessoppgåva studenten har skrive, jf. 1. punkt under Vilkår for å framstille seg til eksamen. I sluttevalueringa kan det bli lagt vekt på prosessen.
Oppgåva skal leverast elektronisk. Fyldig informasjon om gjennomføring av eksamenane vert lagt ut i Canvas i god tid før eksamen.
Alle
3000 - 3500 ord
Home exam
Individual
4 Hours
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
40
Alle
Emne som gir reduksjonGrad av overlappVektingsreduksjon
SRS101N
2
Approval signature: 
Randi Bergem 03.03.2022