Semesters

HI204 Lokal- og regionalhistorie

Course code: 
HI204
Duration: 
1 semester
Credits (ECTS): 
15
Level of study: 
Specialization level (bachelor’s degree level)
Teaching semester: 
2026 Spring
Assessment semester: 
2026 Spring
Language of instruction: 
Norwegian
Required prerequisite knowledge

Minimum 30 studiepoeng i historie grunnemne: Anten HI101 / HI111 / HI111N / HI111N-AVG og / eller HI102 / HI112 / HI112N / HI112N-AVG og / eller HI103 / HI113 / HI113N / HI113N-AVG. Andre relevante fag og erfaring kan vurderast etter søknad.

Course content

Lokalhistorie er eit lokalt, regionalt og eit globalt forskingsområde. Alle menneske har hatt eller har tilknyting til ein familie og eit eller fleire lokalsamfunn. Vi finn lokalhistorisk interesserte menneske over heile verda. Lokalhistoria i Noreg er ei stor folkerørsle, og det er historielag over heile landet. I tillegg er lokalhistorie i praksis eit forskingsfelt ved alle høgskular og universitet. Det store fleirtalet av historikarar i Noreg har erfaring frå forsking som kan kallast lokalhistorisk. Lokalhistorie kan definerast vidt. Eit lokalsamfunn kan vere alt frå éin gard, ei bustadblokk, ein bydel, ei grend, ein region eller ein familie eller ein person.

Emnet gir studentane ei innføring i det lokal- og regionalhistoriske forskings- og arbeidsfeltet i Noreg. Emnet er todelt: Pensumdelen gjev innføring i metodar, teoriar og i fagfeltet generelt, medan oppgåvedelen gjev studentane høve til å prøve kunnskapane på desse områda i praksis. Siste del vert løyst ved at studentene skal skrive ei oppgåve med utgangspunkt i eit sjøvvalt tema. 

Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket skal studenten ha følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Learning outcome knowledge

Studenten: 

  • har gode kunnskapar om lokal- og regionalhistorie som rørsle og forskingsfelt
  • har gode kunnskapar om generell metode innan desse fagfelta
  • har grunnleggjande kunnskapar om kjeldegrunnlaget for desse fagfelta
  • har grunnleggjande kunnskapar om kjelde- og arkivarbeid
Learning outcome skills

Studenten: 

  • kan tileigne seg, ordne og systematisere kunnskap på logisk konsekvent vis for å svare på ei lokal- og / eller regionalhistorisk problemstilling
  • kan sette seg inn i og granske lokal- og regionalhistoriske data, primærkjelder og litteratur, og trekke sjølvstendige slutningar på grunnlag av slikt materiale
  • kan skrive ei lokal- eller regionalhistorisk fagtekst i samsvar med allmenne krav og normer innanfor fagfeltet
  • kan drøfte lokal- og regionalhistoriske problemstillingar og kritisk vurdere andre slike framstillingar
  • kan reflektere over eige fagleg arbeid og justere dette under rettleiing
Learning outcome qualification

Studenten: 

  • kan sette seg inn i nye problemområde og analysere saker frå fleire sider
  • kan handtere informasjonsmengder av eit visst omfang, og ordne og systematisere kunnskap på logisk konsekvent vis
  • kan dokumentere skriftlege arbeid i samsvar med generelt vedtekne krav innafor høgare utdanning.
Working and learning activities

All undervisnng i emnet skjer på nett i HVO sitt digitale læringssystemet. Det kan bli gjevne tilbod om undervisning lokalt hvis det meldar seg fleire enn åtte lokalstudentater.

Kvar student får ein faglærar som rettleiar. Rettleiar godkjenner arbeidskrava og gir fagleg tilbakemelding. All innlevering av oppgåveutkast m.m. blir gjort i HVO sitt digitale læringssystem. Det er difor ein føresetnad at studenten er kjend med elementær internettbruk (navigering i nettlesar, bruk av diskusjonsforum, opp- og nedlasting av filer).

Assessment requirements

Studentane sitt sjølvstendige og individuelle arbeid gjennom semesteret blir lagt til grunn for vurderinga i emnet. Følgjande arbeidskrav skal gjennomførast:

  • Levere forslag til tema for sjølvstendig oppgåve. Rettleiar skal godkjenne tema. Slik godkjenning er naudsynt for å kunne gå vidare med oppgåva. Ein student som ikkje har fått godkjent på arbeidskravet, får ein ny sjanse innan ein kort frist. 
  • Levere ein førebels problemstilling, disposisjon og oversikt over kjelder og litteratur som den sjølvstendige oppgåva skal byggje på. Rettleiar skal godkjenne utkastet. Slik godkjenning er naudsynt for å kunne gå vidare med oppgåva. Ein student som ikkje har fått godkjent på arbeidskravet, får ein ny sjanse innan ein kort frist.
  • Levere eit utkast til den sjølvstendig oppgåva i samsvar med nærare oppsette formkrav og framdriftsplan. Utkastet skal ha eit omfang på 3000-5000 ord, med lineavstand 1,5 og 12 pkt skrift. Rettleiar skal godkjenne utkastet. Slik godkjenning er naudsynt for å kunne gå vidare med oppgåva. Ein student som ikkje har fått godkjent på arbeidskravet, får ein ny sjanse innan ein kort frist. Oppgåva skal skrivast ferdig og leverast som ferdig eksamensoppgåve.
Evaluation system
Minimum number of students: 
8
Maximum number of students: 
35
Person in charge: 
Harald Johannes Krøvel
Used in other programs
  • History - bachelor
  • History - bachelor (net-based)
  • History - yearcourse (netbased, part time)
  • History In depth study (net-based)
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Assignment
Individual
1 Semester
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
60
Eksamensoppgåva er endeleg versjon av den sjølvvalde oppgåva, sjå under Arbeidskrav. Eksamensoppgåva skal leverast elektronisk. Informasjon om gjennomføring av eksamenane vert lagt ut i Canvas i god tid før eksamen.
Eksamen vert gjennomført i tråd med retningslinjene for eksamen ved HVO og i samsvar med instruks frå Historisk institutt
Oppgåva skal ha eit omfang på 3000-5000 ord.
Home exam
Individual
3 Days
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
40
Heimeeksamen vert gjennomført i tråd med retningslinjene for eksamen ved HVO og i samsvar med instruks frå Historisk institutt
Approval signature: 
Randi Bergem 23.02.2023