Semesters

HI204 Lokal- og regionalhistorie

Course code: 
HI204
Duration: 
1 semester
Credits (ECTS): 
15
Level of study: 
Specialization level (bachelor’s degree level)
Course name in Norwegian Nynorsk: 
Lokal- og regionalhistorie
Teaching semester: 
2021 Spring
Course name in Norwegian Bokmål: 
Lokal- og regionalhistorie
Assessment semester: 
2021 Spring
Language of instruction: 
Norwegian
Required prerequisite knowledge

Minimum 30 studiepoeng i historie grunnemne: Anten HI101 / HI111 / HI111N / HI111N-AVG og / eller HI102 / HI112 / HI112N / HI112N-AVG og / eller HI103 / HI113 / HI113N / HI113N-AVG. Andre relevante fag og erfaring kan vurderast etter søknad.

Course content

Lokalhistorie er eit lokalt, regionalt og eit globalt forskingsområde. Alle menneske har hatt eller har tilknyting til ein familie og eit eller fleire lokalsamfunn, og vi finn lokalhistorisk interesserte menneske over heile verda. Lokalhistoria i Noreg er også ei stor folkerørsle; det er historie-/ sogelag (tilsvarand) over heile landet. I tillegg er lokalhistorie i praksis eit forskingsfelt ved alle høgskular og universitet; det store fleirtalet av historikarar i Noreg har erfaring frå forsking som kan kallast lokalhistorisk – også fordi feltet kan definerast vidt; eit lokalsamfunn kan vere alt frå éin gard, ei bustadblokk o.l. til ein region. Det kan også vere ein by eller bydel, eller ein person, ein organisasjon, ei bedrift o.a.. Det er mange studietilbod som kan reknast inn under ein lokalhistorisk paraply, sjølv namna kanskje ikkje syner det.

Emnet gir studentane ei innføring i dette lokal- og regionalhistoriske forskings- og arbeidsfeltet i Noreg. Emnet er todelt: Pensumdelen gjev innføring i metodar og teoriar, og oppgåvedelen gjev studentane høve til å prøve desse i praksis. Siste del vert løyst ved at studentene sjølv vel emne for ein oppgåve.  

Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket skal studenten ha følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Learning outcome knowledge

Studenten skal ha

  • gode kunnskapar om lokal- og regionalhistorie som rørsle og forskingsfelt
  • gode kunnskapar om generell metode innan desse fagfelta
  • grunnleggjande kunnskapar om kjeldegrunnlaget for desse fagfelta
  • grunnleggjande kunnskapar om kjelde- og arkivarbeid
Learning outcome skills

Studenten skal kunne

  • tileigne seg, ordne og systematisere kunnskap på logisk konsekvent vis for å svare på ei lokal- og / eller regionalhistorisk problemstilling
  • sette seg inn i og granske lokal- og regionalhistoriske data, primærkjelder og litteratur, og trekke sjølvstendige slutningar på grunnlag av slikt materiale
  • skrive ei lokal- eller regionalhistorisk fagtekst av eit omfang på 8–15 sider på eiga hand og innafor instruks gjeve av instituttet
  • drøfte lokal- og regionalhistoriske problemstillingar og kritisk vurdere andre slike framstillingar
  • reflektere over eige fagleg arbeid og justere dette under rettleiing
  • formidle kunnskap om faget og emneinnhaldet til fagmiljø og eventuelt eit allment publikum, t.d. gjennom digitale medium slik som blogg.
Learning outcome qualification

Studenten skal kunne

  • sette seg inn i nye problemområde og analysere saker frå fleire sider
  • handtere informasjonsmengder av eit visst omfang, og ordne og systematisere kunnskap på logisk konsekvent vis
  • dokumentere skriftlege arbeid i samsvar med generelt vedtekne krav innafor høgare utdanning.
Working and learning activities

Emnet er eit nettstudium. Det blir gitt førelesingar i opptak, og tilbod om samlingar i Volda om det melder seg nok studentar.

Alle studentar som tek emnet, kan bli fordelte i basisgrupper, á 3-4, for gjennomføring av mappeevalueringa (sjå nedanfor). Kvar student får ein faglærar som rettleiar, som godkjenner arbeidskrava og gjev fagleg tilbakemelding på oppgåveutkast og kommentarar til medstudentar.

Assessment requirements

Studentane sitt sjølvstendige og individuelle arbeid gjennom semesteret blir lagt til grunn for vurderinga i emnet. Følgjande arbeidskrav skal gjennomførast:

  • Levere ein førebels problemstilling, disposisjon og oversikt over kjelder og litteratur som den sjølvstendige oppgåva skal byggje på
  • Levere eit utkast til den sjølvstendig oppgåva i samsvar med nærare oppsette formkrav og framdriftsplan. Utkastet skal ha eit omfang på minst 2500 ord, med lineavstand 1,5 og 12 pkt skrift
  • Dokumentere lokal- og regionalhistorisk kunnskapstileigning i digitale medium etter nærare instruks frå instituttet
Evaluation system
Minimum number of students: 
8
Maximum number of students: 
35
Person in charge: 
Åsmund Svendsen
Used in other programs
  • Bachelor in religious studies
  • History - bachelor
  • History - bachelor (net-based)
  • History - yearcourse
  • History - yearcourse (netbased, part time)
  • History In depth study (net-based)
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Oppgave
Individual
1 Semester
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
60
Eksamensoppgåva er endeleg versjon av den sjølvvalde oppgåva, sjå under Arbeidskrav. Eksamensoppgåva skal leverast elektronisk. Fyldig informasjon om gjennomføring av eksamenane vert lagt ut i Canvas i god tid før eksamen.
Minst 3000 ord, men ikkje over 5500 ord.
Home exam
Individual
9 Days
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
40
Approval signature: 
Randi Bergem 05.10.2020