Semesters

HI208 Spania – identitetar, nasjonar, regionar

Course code: 
HI208
Duration: 
1 semester
Credits (ECTS): 
15
Level of study: 
Specialization level (bachelor’s degree level)
Teaching semester: 
2025 Autumn
Assessment semester: 
2025 Autumn
Language of instruction: 
Norwegian
Required prerequisite knowledge

Minimum 30 studiepoeng i historie grunnemne: Anten HI111/HI111N og/eller HI112/HI112N og/eller HI113/HI113N, eller tilsvarande.

Course content

Formålet med emnet er å gi studentane ei innføring i spansk historie frå siste del av mellomalderen og fram til vår tids demokratiske og uavhengige spanske stat. Hovudfokus ligg på nyare spansk historie, med særleg vekt på spenningane mellom liberale og demokratiske moderniseringsprosjekt mot meir autoritære og tradisjonalistiske ideologiar og rørsler. I tillegg kjem utviklinga av kryssande identitetar i spenningsfeltet mellom delvis overlappande og konkurrerande regionale og nasjonale rørsler. Emnet handlar såleis, på den eine sida, om spanske nasjonale identitetar eller nasjonsbyggingsprosjekt, som til dømes den liberale 1800-talsnasjonalismen og Francoregimets nasjonalkatolisisme. På den andre sida handlar det om framveksten og konsolideringa av regionale identitetar, til dømes i Baskarland, Catalonia og Galicia. Forholdet til omverda (som Latin-Amerika, Europa/EU og NATO) blir også analysert. Kjønnsperspektivet står sentralt, ikkje berre realhistorisk, men også idéhistorisk. Emnet tek såleis føre seg både gryande tankar om ei meir sjølvstendig kvinneleg borgarrolle i opplysningstida og den første og den andre kvinnesaksbølgja i nyare tid. Det handlar også om at synet på religion, kjønnsroller og familie medvite har vore brukt til å dra skiljeliner mellom dei ulike rivaliserande rørslene. 

Emnet er delt i fire hovudbolkar:

  • Det spanske samfunnet frå mellomalderen til tidleg nytid - pluralisme, dynasti og einsretting.
  • Det spanske imperiet - opphav, ekspansjon og kulminasjon
  • Det liberale og det tradisjonalistiske Spania - konstitusjonelle monarki, den republikanske tradisjonen og Den 2. republikken, borgarkrigen og Franco-regimet
  • Den demokratiske autonomistaten 1975 - overgangen til demokratiet, dei autonome regionane, det vanskelege nasjonsomgrepet, økonomisk vekst og krise, arven frå Franco-tida og kampen om det historiske minnet.
Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket skal studenten ha følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Learning outcome knowledge

Studenten: 

  • har grunnleggande oversyn over moderne spansk historie og utviklingslinjene attende til det spanske imperiet og kongedømma i seinmellomalderen
  • har kunnskapar om ideologiar og politiske rørsler, om kryssande identitetar og konkurrerande nasjonsbyggingsprosjekt i Spania
  • har kunnskapar om Spania sitt forhold til omverda (Latin-Amerika, Europa/EU, NATO).
Learning outcome skills

Studenten: 

  • kan analysere og samanlikne aktørar, hendingar og strukturar innanfor det spanske samfunnet til ulike tider
  • kan tileigne seg, ordne og systematisere kunnskap på logisk og konsekvent vis for å svare på ei historisk problemstilling
  • kan granske historiske data og litteratur, og trekke sjølvstendige slutningar på grunnlag av slikt materiale
  • kan skrive fagtekstar av eit visst omfang på eiga hand og innafor gjevne tidsrammer
  • kan drøfte historiske problemstillingar og kritisk vurdere historiske framstillingar
  • kan reflektere over eige fagleg arbeid og justere dette under rettleiing.
Learning outcome qualification

Studenten: 

  • kan sette seg inn i nye problemområde og analysere saker frå fleire sider
  • kan handtere informasjonsmengder av eit visst omfang, og ordne og systematisere kunnskap på logisk konsekvent vis
  • kan dokumentere skriftlege arbeid i samsvar med generelt vedtekne krav innafor høgare utdanning.
Working and learning activities

Emnet vert tilbode som nettstudium. I tillegg til nettbasert undervisning blir det utarbeidd studiespørsmål til pensum for å lette tileigninga av stoffet – og som underlag for kollokviegrupper som studentane sjølve organiserer.

Kvar student får ein faglærar som rettleiar, som godkjenner arbeidskrava og gir fagleg tilbakemelding på oppgåveutkast. All innlevering av oppgåveutkast m.m. skjer i Canvas. Det er derfor ein føresetnad at studenten er kjend med elementær internettbruk (navigering i nettlesar, bruk av diskusjonsforum, opp- og nedlasting av filer). Det blir gitt innføringskurs i desse teknikkane ved semesterstart, og det blir lagt ut detaljerte rettleiingar på nettet.

Assessment requirements

Studentane sitt sjølvstendige og individuelle arbeid gjennom heile semesteret blir lagt til grunn for vurdering i emnet. Følgjande arbeidskrav skal gjennomførast:

  • Levere ei tilnærma ferdig oppgåve (førsteversjon i ein læringsprosess) i samsvar med nærare oppsette formkrav og framdriftsplan. Denne versjonen skal ha eit omfang på minimum 3000 ord med lineavstand 1,5 og 12 pkt skrift. Ein student som ikkje har fått godkjent på arbeidskravet, får ein ny sjanse innan ein kort frist. Etter at kommentarar frå faglærar er lagt ut i Canvas, skal studenten bearbeide førsteversjonen (prosessoppgåva) til ei ferdig eksamensoppgave med eit omfang på ca. 4000 ord. Den endelege eksamensoppgåva skal evaluerast og inngå i den samla karakteren.
  • Presentere eit tema knytt til pensumdelen av emnet, i samsvar med plan og instruks oppsett frå instituttet. 

Detaljane i arbeidskrava (formelle krav til utforming m.m.) blir gitt i eige skriv.

Arbeidskrava blir vurdert til godkjent/ikkje godkjent. Ein student som får ikkje godkjent, får høve til å forbetre elementet til godkjent nivå same semester. Prosessoppgåva og presentasjon av tema må vere godkjend som arbeidskrav for at studenten skal kunne gå opp til eksamen. Arbeidskrava og del 1 av eksamen må gjennomførast i same semester. Alle arbeidskrav skal vere sjølvstendige og individuelle arbeid.

Evaluation system
Minimum number of students: 
8
Maximum number of students: 
55
Person in charge: 
Harald Endre Tafjord
Used in other programs
  • History - bachelor
  • History - bachelor (net-based)
  • History - yearcourse (netbased, part time)
  • History In depth study (net-based)
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Portfolio
Individual
1 Semester
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
100
Mappa skal innehalde den ferdige oppgåva og presentasjonen av tema frå pensumdelen av emnet. Eksamensmappa skal leverast elektronisk. Fyldig informasjon om gjennomføring av eksamenane vert lagt ut i Canvas i god tid før eksamen.

Begge delar må ha ståkarakter for å få endeleg karakter i emnet.
Eksamen vert gjennomført i tråd med retningslinjene for eksamen ved HVO og i samsvar med instruks frå Historisk institutt
Omfang på prosessoppgåva er om lag 4000 ord.
Approval signature: 
Randi Bergem 23.02.2023