Semesters

HI208 Spania – identitetar, nasjonar, regionar

Course code: 
HI208
Duration: 
1 semester
Credits (ECTS): 
15
Level of study: 
Specialization level (bachelor’s degree level)
Teaching semester: 
2015 Autumn
Assessment semester: 
2015 Autumn
Language of instruction: 
Norwegian
Required prerequisite knowledge

Minimum 30 stp. i historie grunnemne: Anten HI101/111/111N/111N-AVG og/eller HI102/112/112N/112N-AVG og/eller HI103/113/113N/113N-AVG. Andre relevante fag kan vurderast etter søknad.

Course content

Formålet med emnet er å gi studentane ei innføring i spansk historie frå siste del av mellomalderen og fram til vår tids demokratiske og uavhengige spanske stat. Hovudfokus ligg på nyare spansk historie, med særleg vekt på spenningane mellom liberale og demokratiske moderniseringsprosjekt mot meir autoritære og tradisjonalistiske ideologiar og rørsler. I tillegg kjem utviklinga av kryssande identitetar  i spenningsfeltet mellom delvis overlappande og konkurrerande regionale og nasjonale rørsler. Emnet handlar såleis, på den eine sida, om spanske nasjonale identitetar eller nasjonsbyggingsprosjekt, som til dømes den liberale 1800-talsnasjonalismen og Francoregimets nasjonalkatolisisme. På den andre sida handlar det om framveksten og konsolideringa av regionale identitetar, til dømes i Baskarland, Catalonia og Galicia. Forholdet til omverda (som Latin-Amerika, Europa/EU og NATO) blir også analysert.  Kjønnsperspektivet står sentralt, ikkje berre realhistorisk, men også idéhistorisk. Emnet tek såleis føre seg både gryande tankar om ei meir sjølvstendig kvinneleg borgarrolle i opplysningstida og den første og den andre kvinnesaksbølgja i nyare tid. Det handlar også om at synet på religion, kjønnsroller og familie medvite har vore brukt til å dra skiljeliner dei ulike rivaliserande rørslene.  Emnet er delt i 4 hovudbolkar: Det spanske samfunnet frå mellomalderen til tidleg nytid - pluralisme, dynasti og einsretting. Det spanske imperiet - opphav, ekspansjon og kulminasjon Det liberale og det tradisjonalistiske Spania - konstitusjonelle monarki, den republikanske tradisjonen og Den 2. republikken, borgarkrigen og Franco-regimet Den demokratiske autonomistaten 1975 - overgangen til demokratiet, dei autonome regionane, det vanskelege nasjonsomgrepet, økonomisk vekst og krise, arven frå Franco-tida og kampen om det historiske minnet.

Learning outcome

 Kjem.

Learning outcome knowledge

Det er eit mål at studenten har grunnleggande oversyn over moderne spansk historie og utviklingslinjene attende til det spanske imperiet og kongedømma i seinmellomalderen. har kunnskapar om ideologiar og politiske rørsler, om kryssande identitetar og konkurrerande nasjonsbyggingsprosjekt i Spania. har kunnskapar om Spania sitt forhold til omverda (Latin-Amerika, Europa/EU, NATO).

Learning outcome skills

Det er eit mål at studenten kan analysere og samanlikne aktørar, hendingar og strukturar innanfor det spanske samfunnet til ulike tider kan tileigne seg, ordne og systematisere kunnskap på logisk og konsekvent vis for å svare på ei historisk problemstilling kan granske historiske data og litteratur, og trekke sjølvstendige slutningar på grunnlag av slikt materiale kan skrive fagtekstar av eit visst omfang på eiga hand og innafor gjevne tidsrammer kan drøfte historiske problemstillingar og kritisk vurdere historiske framstillingar kan reflektere over eige fagleg arbeid og justere dette under rettleiing.

Learning outcome qualification

Ingen.

Working and learning activities

Emnet vert tilbode som nettstøtta studium. Det blir utarbeidd studiespørsmål til pensum for å lette tileigninga av stoffet – og som underlag for kollokviegrupper som studentane sjølve organiserer. Ei forelesing til kvart tyngdepunkt blir lagt tilgjengeleg i Fronter. Det blir gjeve forelesingar i emnet dersom det melder seg minst 8 lokalstudentar. Kvar student får ein faglærar som rettleiar, som godkjenner arbeidskrava og gir fagleg tilbakemelding på oppgåveutkast.All innlevering av oppgåveutkast m.m. skjer i Fronter. Det er derfor ein føresetnad at studenten er kjend med elementær internettbruk (navigering i nettlesar, t.d. Microsoft Explorer, bruk av diskusjonsforum, opp- og nedlasting av filer). Det blir gitt innføringskurs i desse teknikkane ved semesterstart, og det blir lagt ut detaljerte rettleiingar på nettet.

Assessment requirements

Studentane sitt sjølvsendige og individuelle arbeid gjennom heile semesteret blir lagt til grunn for vurdering i emnet. Følgjande arbeidskrav skal gjennomførast:

  • Levere ei tilnærma ferdig oppgåve (førsteversjon i ein læringsprosess) i samsvar med nærare oppsette formkrav og framdriftsplan. Prosessoppgåva skal ha eit omfang på om lag 4000 ord med lineavstand 1,5 og 12 pkt skrift. Ein student som ikkje har fått godkjent på arbeidskravet, får ein ny sjanse innan ein kort frist. Etter kommentarar frå faglærar på Fronter har studenten høve til å bearbeide førsteversjonen (prosessoppgåva). Den endelege versjonen skal evaluerast og inngår i den samla karakteren.
  • Skrive eit refleksjonsnotat, som skal innehalda korte evalueringar av undervisning, pensum, oppgåveskriving, administrative tenester og generelle kommentarar til opplegget på fagemnet. Eit refleksjonsnotat skal ha eit omfang av 400–600 ord.

Detaljane i arbeidskrava (formelle krav til utforming m.m.) blir gitt i eige skriv.

Arbeidskrava blir vurdert til godkjent/ikkje godkjent. Ein student som får ikkje godkjent, får høve til å forbetre elementet til godkjent nivå same semester. Begge arbeidskrav må vere godkjende for at studenten skal kunne gå opp til eksamen. Arbeidskrava og del 1 av eksamen må gjennomførast i same semester. Alle arbeidskrav skal vere sjølvstendige og individuelle arbeid.

Evaluation

Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem

Minimum number of students: 
8
Maximum number of students: 
25
Used in other programs
  • History In depth study (net-based)
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Oppgave
Individual
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
60
Endeleg versjon av prosessoppgåva (jf. 1. pkt. under Arbeidskrav).

Begge delar må ha ståkarakter for å få endeleg karakter i emnet.
Om lag 4000 ord.
Written Exam
Individual
5 Hours
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
40