Semesters
IFL101 Motorisk læring
Ingen
Emnet er samansett av fyljande kurs: Kurs 1. Leik og sansemotorikk - Leik og leikemiljø som stimulerande og variert moglegheit for livsutfalding, meistring og sosialt samvær. - Observasjon og analyse av born i leik - Allsidig og grunnleggande rørsleerfaring sin betyding for barn og unge si utvikling av eit funksjonelt sanseapparat og kroppsmedvit - Grunnleggande rørsler sin betyding for born og unge si deltaking i leik, idrett, idrettsaktivitet og friluftsliv i skule og fritid. - Grunnleggande og enkle prinsipp og metodar for tilrettelegging av fysisk aktivitet for barn og unge Kurs 2. Bevegelseslære I - Grunnleggande anatomi med tanke på fysisk utfalding - Grunnleggande prinsipp i bevegelseslæra, mekaniske og organiske forhold ved bevegelsar - ErgonomiPraktiske kurs: Didaktiske problemstillingar knytt til tilrettelegging for barn og unge i kurs 3 og 4. Kurs 3. Praktisk aktivitet: - Stup - Eit utval stupøvingar frå sviktbrett og tårn - Turn - Grunnleggjande turnøvingar ute og i sal- Generell koordinasjon - Utvikling av generelle koordinative eigenskapar Kurs 4. Kystfriluftsliv- Innføringskurs i grunnleggjande dugleikar i friluftsliv. Oppstartstur på Yksnøya med overnatting
Etter å ha fullført studiet skal studentane ha kunnskap om:- leik og sansemotorikk som grunnlag for fysisk aktivitet for born og unge- allsidig og grunnleggande rørsleerfaring si betyding for barn og unge si totale utvikling og framtidige deltaking i leik, idrettaktivitet og friluftsliv i skule og fritid- korleis ein kan observere og analysere rørsleaktiviteten til born i ulike rørslemiljø- grunnleggjande prinsipp og metodar for trening av barn og unge- grunnleggande anatomi med tanke på fysisk utfalding- grunnleggande prinsipp i bevegelseslæra, mekaniske og organiske forhold ved bevegelsar- grunnleggjande ergonomi- den spesifikke didaktikken og fagkunnskapen knytt til grunnleggjande tilrettelegging for læring i dei praktiske aktivitetane i kurs 3- grunnleggjande friluftsliv og ferdsel i kystnære strøkEtter å ha fullført studiet skal studentane ha ferdigheiter i:- å leggje til rette for læring i dei praktiske aktivitetane i kurs 3 og 4 for barn og unge- grunnleggjande øvingar og element i dei praktiske aktivitetane i kurs 3- å ferdast i kystnære strøk
-
-
-
Ein vil variere mellom forelesingar, seminar, gruppe- og individuelt arbeid, praksis og ekskursjonar, aktivitetar i nærmiljø, ved kysten, på baner, i symjehall og i sal, og bruke varierte undervisnings- og arbeidsformer som høyrer faget og utdanninga til.Det er krav om 80% frammøte til all obligatorisk undervisning/aktivitetar i alle kurs, jf. Forskrift om opptak, studium og eksamen § 4-6, med unntak av Kurs 3, Praktisk aktivitet, der ein krev 80% frammøte totalt og med minstekrav om 60% frammøte pr. delkurs Kurs 4, Kystfriluftsliv, der ein krev 100% frammøte på overnattingsturen. Obligatorisk frammøte og aktiv deltaking i dei praktiske aktivitetane på kurs 3, samt førebuing, evt. instruksjon, observasjon og ekskursjonar i kurs 1, Leik og sansemotorikk Seksjonen nyttar Fronter i kommunikasjon med studentane. Gjennom undervisninga vil studentane få eit bevisst forhold til bruk av IKT. Informasjonsteknologi vil vere ein reiskap i samband med informasjonssøking, arrangement, testing, studentpresentasjonar og undervisning i fagetStudentane kan rekne med å få utgifter til transport og opphald i samband med ekskursjonar i kurs 1 og kurs 4 (ca. 400,-), samt fråvær frå heimen i inntil 3 dagarMaterialpengar: 200 kr.
-
Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.