Semesters

IFL106 Snø, ski og bre

Course code: 
IFL106
Duration: 
1 semester
Credits (ECTS): 
30
Level of study: 
Foundation level (bachelor’s degree level)
Teaching semester: 
2017 Spring
Assessment semester: 
2017 Spring
Language of instruction: 
Norwegian
Required prerequisite knowledge

IFL105

Course content

Emnet "Snø, ski og bre"omhandlar friluftsliv om vinteren, og friluftsliv i samband med bre og fjell. Ein viktig del av dette emnet er pedagogikk/fagdidaktikk, planarbeid og praksis. Emnet inneheld òg forvaltning, naturkjennskap og utstyrslære. Emnet inngår som andre emnet av Årsstudium Friluftsliv.

Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne: 

Learning outcome knowledge

 

- ha grunnleggande kunnskapar om samspelet i naturen, og forståing for mennesket sin plass i naturen sett frå ein økologisk og naturfilosofisk synsstad

- ha kjennskap og kunnskap om vegledning i friluftsliv

- ha kjennskap til dei rammevilkår og krav som er aktuelle i høve til friluftsliv i barnehage, skuleverk og fritid

Learning outcome skills

- planlegge og praktisere trygg og skånsam ferdsel i ulike naturmiljø

- ha allsidig kjennskap til ulike former for natur under vekslande tilhøve, bygd på opplevingar og erfaringar i naturen 

- ha dei kunnskapar, ferdigheiter og haldningar som er nødvendige for å kunne vurdere eigne og andre sine føresetnader i høve til ulike naturkrav 

Learning outcome qualification

 

Studenten skal

  • ha innsikt i relevante faglege og etiske problemstillingar og kunne utøve kvalifiserte skjønn.
  • ha grunnlag for å kunne utveksle synspunkt og erfaringar for å kunne utvikle god praksis innan fagfeltet.
Working and learning activities

Arbeidsmåte og organisering i studiet er prega av aktivt friluftsliv. Opplevingar, erfaringar ein får ute vil gje grunnlag for drøfting og anna studiearbeid. Studiearbeidet vil dermed veksle mellom turprega utandørsopphald og ferd (som kan vare over fleire døgn), gruppearbeid og plenumsdrøftingar/forelesing. Undervisninga baserer seg på studentaktive arbeidsmåtar som krev deltaking og medansvar. Ferdighetsprøver kan legges inn.

Assessment requirements

Godkjent deltaking etter høgskulens reglar for obligatorisk oppmøte. Det er obligatorisk deltaking på dei fleste utandørsopplegg og på førebuing og etterarbeid i samband med dette. Enkelte praktiske opplegg krev 100% deltaking. Semesterplan gjev nærare informasjon om obligatoriske delar.

ARBEIDSKRAV

Alle arbeidskrav må vere godkjende før ein kan gå opp til eksamen i IFL106

- Rapport frå praksis skal vere levert til fastsett tid i semesterplanen
- Studenten skal ved semesterstart revidere Eigenutviklingsplan og dei personlege læringsmål. Eigenutviklingsplan skal leverast til fastsett tid i semesterplanen
- Godkjent oppgåve på 2000 ord knytt til skred
- Godkjent oppgåve på 2000 ord knytt til skiferd i fjellet

 

Evaluation system

Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, kap 5.

 

Evaluation

Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.

Maximum number of students: 
30
Person in charge: 
Dag Erik Wold
Expenses

Materialpengar kr 400,-

Studentane kan rekne med å få utgifter til transport og opphald i samband med undervisning/ekskursjonar.

Used in other programs
  • Bachelor in friluftsliv/outdoor life education
  • Outdoor Life - year course
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Annen vurderingsform, definer i kommentarfelt
Individual
2 Weeks
Pass / fail
Gjennomføring og godkjenning av Skredsamlinga. Vurderingsgrunnlag: Praktisk dugleik og aktiv deltaking på tur, førebuing og etterarbeid. Det krevs 100% deltaking.
Annen vurderingsform, definer i kommentarfelt
Individual
2 Weeks
Pass / fail
Gjennomføring og godkjenning av Vinterfriluftsliv i fast leir. Vurderingsgrunnlag: Praktisk dugleik og aktiv deltaking på tur, førebuing og etterarbeid. Det krevs 100% deltaking.
Annen vurderingsform, definer i kommentarfelt
Individual
2 Weeks
Pass / fail
Gjennomføring og godkjenning av Skiferd i høgfjell og Eigenferd i gruppe. Vurderingsgrunnlag: Praktisk dugleik og aktiv deltaking på tur, førebuing og etterarbeid. Det krevs 100% deltaking.
Annen vurderingsform, definer i kommentarfelt
Individual
2 Weeks
Pass / fail
Gjennomføring og godkjenning av Vårskitur. Vurderingsgrunnlag:Praktisk dugleik og aktiv deltaking på tur, førebuing og etterarbeid. Det krevs 100% deltaking.
Annen vurderingsform, definer i kommentarfelt
Individual
2 Weeks
Pass / fail
Gjennomføring og godkjenning av Bresamlinga. Vurderingsgrunnlag: Praktisk dugleik og aktiv deltaking på tur, førebuing og etterarbeid. Det krevs 100% deltaking.
Oral examination
Individual
30 Minutes
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
100
Approval signature: 
Aud Folkestad