Semesters

IFL201 Prestasjonsutvikling

Course code: 
IFL201
Duration: 
1 semester
Credits (ECTS): 
15
Level of study: 
-
Teaching semester: 
2015 Autumn
Assessment semester: 
2015 Autumn
Required prerequisite knowledge

IFL101, IFL102, IFL103, IFL104 (årsstudium Idrett eller tilsvarande)

Course content

Ved fullføring av emnet skal studenten kunne drive opplæring innan prestasjonsutvikling med vekt på tilrettelegging for trening av fysisk kapasitet, bevegelse og idrettspsykologi for individ på ulike nivå.Studentane skal gjennom emnet tileigne seg teoretisk og praktisk kompetanse innan utvikling av prestasjon. Det vert tett kopling mellom teori og praksis. Kurs 1. Treningslære - Analyse av arbeidskrav og kapasitet innan individuell idrett og lagidrett. - Testing av fysisk kapasitet.- Fysiologiske tilpassingar ved trening for prestasjonsutvikling i idrett. Kurs 2. Bevegelseslære.- Teoretisk og praktisk innføring i teknikk og bevegelsesanalyse i utvalde idrettar. Kurs 3. Idrettspsykologi. - Effekten av mentale ferdigheiter i eit idrettsperspektiv. - Motivasjonens betyding for prestasjon. - Konkurranse (konkurranseplan, førebuing, gjennomføring, evaluering, praktiske eksempel) innan idrett.- ”Gruppeprosessar - coaching” i livssituasjon, trenings- og konkurransesituasjon.Emnet inngår som obligatorisk del av Bacholor I Idrett.

Learning outcome

Etter gjennomført emne skal studentane: • Ha kunnskap og ferdigheiter til planlegge og gjennomføre trening med fokus på utvikling av prestasjon. • Ha kunnskap om arbeidskrav og kapasitetsanalyse innan utvalde idrettar. • Ha kunnskap og ferdigheiter innan metodar for testing av fysisk kapasitet. • Ha kunnskap og ferdigheiter til å analysere bevegelsar med fokus på funksjonell teknikk. • Ha kunnskap til å kunne reflektere over effekten av mentale ferdigheiter i eit idrettsperspektiv. • Ha kunnskap om motivasjon si betyding for prestasjon innan idrett.• Ha kunnskap om mentale prosessar i høve prestasjon.

Learning outcome knowledge

-

Learning outcome skills

-

Learning outcome qualification

-

Working and learning activities

Studiet har både teoretisk og praktisk tilnærming til fagområda. Innanfor prestasjonsutvikling vil både lagidrettar og individuelle idrettar ha fokus, og studentane skal jobbe sjølvstendig og kritisk til idrettsfaglege problemstillingar. Studiearbeidet vil veksle mellom forelesing / plenumsdrøftingar, seminar, individuelt arbeid, gruppearbeid, praktiske prosjekt, ekskursjonar, aktivitetar i nærmiljø/symjehall/sal/ treningsrom / testlab. Studenten sine opplevingar, observasjonar og erfaringar vil gje grunnlag for drøfting og refleksjon. Undervisninga baserer seg på studentaktive arbeidsmåtar som krev eigenstudie, deltaking og medansvar.Obligatorisk frammøte og aktiv deltaking i Kurs 2. Bevegelseslære. IKTFronter vert nytta for kommunikasjon med studentane. Gjennom undervisninga vil studentane få eit bevisst forhold til bruk av IKT. Informasjonsteknologi vil vere eit reiskap i samband med informasjonssøking, arrangement, testing, studentpresentasjonar og undervisning i faget.Godkjent obligatorisk frammøte/deltaking i tråd med forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, §4-6. Semesterplanen gjev nærare informasjon om obligatoriske delar i studiet. MaterialpengarDet vil bli kravd inn kr 150 i materialpengar, som skal dekke bruk av utstyr og materiell.

Assessment requirements

-

Evaluation

Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem

Maximum number of students: 
20
Used in other programs