Semesters

IFL204 Friluftsliv II

Course code: 
IFL204
Duration: 
1 semester
Credits (ECTS): 
15
Level of study: 
Foundation level (bachelor’s degree level)
Course name in Norwegian Nynorsk: 
Friluftsliv II
Teaching semester: 
2018 Spring
Course name in Norwegian Bokmål: 
Friluftsliv 4
Assessment semester: 
2018 Spring
Language of instruction: 
Norwegian
Required prerequisite knowledge

IFL203 (Friluftsliv 1) og IFL205 (Helse)

Course content

Emnet "Friluftsliv II" har vekt på vinter, snø og skred, der ein bygger vidare på kunnskapen frå grunnivået. På vinteren er det fokus på skred og ferdsel på ski i fjellet og det blir fordjupingstur i alpint friluftsliv i Sveits, arktisk friluftsliv på Svalbard eller friluftsliv i Norge (Sveits og Svalbard kan ha eit avgrensa tal plassar). I emnet så inngår det ein praksisperiode, ei studiesamling på snødekka bre og det blir segltokt på Sunnmørskysten som siste faglege samling. Emnet inngår som eit av fire emner i Fordjupingstudium friluftsliv.

Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Learning outcome knowledge

Studenten har

  • allsidig kjennskap til ulike former for natur under vekslande tilhøve, bygd på opplevingar og erfaringar i naturen
  • kunnskap om trygg ferdsel på ski på lagdelt vintersnø
  • kunnskap om vegleiing i friluftsliv
  • kunnskap om trygg ferdsel på ski på snødekka bre
  • kunnskap om segling på kysten
  • kunnskap om eit sjølvvalt fordjupingsområde
  • kunnskap til å vurdere eigen og andre sine føresetnader i forhold til å ferdast i ulike naturtypar
  • Ha kunnskap om planlegging og tilrettelegging for læring i og om natur 
  • Kunne anvende faglege kunnskapar på praktiske og didaktiske problemstillingar
Learning outcome skills

Studenten kan

  • ta ansvar for grupper i læringssituasjoner i friluftsliv
  • anvende vegleiing som metode 
  • praktiske og teoretiske ferdigheiter som medfører trygg og lærerik ferdsel i natur
  • planlegge og legge til rette for læring i og om natur
Learning outcome qualification

Studenten

  • kan bidra til utvikling av god praksis innan fagområdet gjennom utveksling av synspunkt og erfaringar
  • forstår verdien tindefriluftslivets tradisjoner
  • kan reflektere over og vurdere analytisk, kreativt og kritisk hvordan vegleiing blir utøvd og også forstå friluftslivet sin plass i samfunnsutviklinga
  • forstår verdien av naturen som lærings- og opplevelsesarena
  • kan ta ansvar for og forstå viktigheita av kontinuerlig personleg eigenutvikling 

 

Working and learning activities

Arbeidsmåte og organisering i studiet er prega av aktivt friluftsliv. Opplevingar, erfaringar ein får ute vil gje grunnlag for drøfting og anna studiearbeid. Studiearbeidet vil veksle mellom drøftingar i plenum/forelesing, seminar, gruppearbeid og opphald ute. Undervisninga baserer seg på studentaktive arbeidsmåtar som krev eigenstudie, deltaking og medansvar. 

Assessment requirements

Godkjent deltaking etter høgskulens reglar for obligatorisk oppmøte. Det er obligatorisk deltaking på dei fleste praktiske opplegg, utandørsopplegg og førebuing og etterarbeid i samband med dette. Enkelte praktiske opplegg krev 100 % deltaking. Semesterplan gjev nærare informasjon om obligatoriske delar i studiet.

Evaluation system

Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, kap 5.

Evaluation

Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.

Maximum number of students: 
20
Person in charge: 
Stig Løland
Expenses

Materialpengar kr. 300,-.

Used in other programs
  • Bachelor in friluftsliv/outdoor life education
  • Outdoor life/Friluftsliv, intermediate course
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Oral examination
Individual
1 Hours
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
100
Annen vurderingsform, definer i kommentarfelt
1 Week
Pass / fail
Skredsamling.
Annen vurderingsform, definer i kommentarfelt
1 Week
Pass / fail
Vårskitur.
Annen vurderingsform, definer i kommentarfelt
1 Week
Pass / fail
Segltokt.
Approval signature: 
Aud Folkestad