Semesters

IKF102 Pedagogikk og samfunn

Course code: 
IKF102
Duration: 
1 semester
Credits (ECTS): 
15
Level of study: 
Foundation level (bachelor’s degree level)
Teaching semester: 
2018 Autumn
Assessment semester: 
2018 Autumn
Language of instruction: 
Norwegian
Required prerequisite knowledge

Ingen. 

Course content

Emnet gir ei grunnleggjande innføring i temaet pedagogikk og samfunn i i kroppsøving og idrett.

Denne delen omhandlar pedagogiske og samfunnsmessige problemstillingar retta mot kroppsøving og den organsierte barne- og ungdomsidretten.

Hovudtemaet for kurset er motivasjon, meistring, sjølvoppfatning, sosialisering, danning, læring, utvikling, kjønn, likestilling/likeverd og kropp.

Dei praktiske kursa i emnet er i hovudsak arbeid med didaktiske problemstillingar og fagleg kunnskap knytt til tilrettelegging for læring og utvikling for ulike grupper i orientering, friidrett, kystfriluftsliv, leik og idrettsaktivitetar.  

Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Learning outcome knowledge

 Studenten: 

  • har innsikt i grunnleggjande pedagogiske teoriar om kva som fremjer meistring, trivsel, utvikling, læring, danning og motivasjon i kroppsøving og idrett 

  • har innsikt i tema idrett, kroppsøving og sjølvbilete 

  • har innsikt i relevant forsking- og utviklingsarbeid innanfor fagområdet 

  • har innsikt i den organiserte barne- og ungdomsidretten si historie, verdigrunnlag og samfunnsmandat 

  • har kunnskap om grunnleggande kystfriluftsliv og ferdsel i kystnære strøk 

  • har fagkunnskap og didaktisk kunnskap knytt til å leie instruksjon i orientering, friidrett, kystfriluftsliv, leik, idrettsaktivitetar og tidsaktuelle rørsleformer

  • har kunnskap om korleis ein kan planlegge, legge til rette for, tilpasse og gjennomføre praktisk metodiske opplegg i utvalde aktivitetar 

Learning outcome skills

Studenten: 

  • kan forholde seg kritisk til kroppsøving- og idrettspedagogiske teoriar og praksis 

  • kan kommunisere om problemstillingar knytt til kroppslig læring som er relevante i kroppsøving og den organiserte idretten 

  • har erfaring med grunnleggjande fagdidaktikk i praksis, og kan vise fagleg kunnskap og didaktisk refleksjon 

  • kan ferdast i kystnære strøk 

  • kan ta seg fram og leggje til rette for ferdsel i ukjent terreng ved hjelp av kart og kompass 

  • kan identifisere farer og ivareta tryggleik i ulike aktivitetar og rørslemiljø 

  • kan planleggje, leie, leggje til rette for, gjennomføre og vurdere allsidig aktivitet for ulike målgrupper på ulike utviklingsnivå og med ulike føresetnader 

  • har erfaring med grunnleggjande fagdidaktikk i praksis, og kan vise fagleg kunnskap og didaktisk refleksjon 

Learning outcome qualification

Studenten: 

  • kan vurdere analytisk og kritisk korleis kroppsøving saman med andre skulefag bidreg til eleven si allmenndanning 

  • kan kommunisere om problemstillingar knytt til kroppsøving, organisert idrett og kroppsleg læring 

  • kan reflektere- og kommunisere om problemstillingar knytt til opplæring- og instruksjon i orientering, leik og idrettsaktivitetar, friidrett og kystfrilufliv. 

  • kan ta ansvar for kontinuerlig utvikling av eigen profesjonalitet 

  • kan forstå, utøve og utvikle eigen profesjonalitet som trenar og kroppsøving/idrettslærar  

Working and learning activities

Ein vil variere mellom forelesningar, seminar, webinar, gruppe- og individuelt arbeid. Undervisning i orientering, friidrett, leik og idrettaktivitetar vil foregå i sal, ute, på treningssenter og eigna områder i nærområdet. Undervisning i kystfriluftsliv vert gjennomført på basen vår på Yksnøya.   

Canvas vert nytta i kommunikasjon med studentane. Gjennom undervisninga vil studentane få eit bevisst forhold til bruk av digitale verktøy. Dette vil vere ein reiskap i samband med informasjonssøking, studentpresentasjonar, arbeidskrav og undervisning i faget. 

 

Emnet vil bestå av: 

Kurs 1: Pedagogikk og samfunn 

Praktiske kurs med fokus på didaktiske problemstillingar knytt til tilrettelegging av aktivitetar i ulike rørslemiljø i kroppsøving og idrett:

Kurs 2: Orientering 

Kurs 3: Leik og idrettsaktivitetar 

Kurs 4: Friidrett 

Kurs 5: Kystfriluftsliv 

Assessment requirements

Frammøtekrav:

Krav om 80 % oppmøte i kurs 1, 2, 3 og 4 

Krav om 100 % deltaking i kurs 5 

Arbeidskrav:

  • Seminarpresentasjon i grupper med respons i kurs 1 

  • Individuell skriftleg innlevering i kurs 1. Omfang: 1500-2000 ord 

  • Skuleovertaking. Eit samarbeid med praksisfeltet. Førebuing, gjennomføring og evaluering av skuleovertaking (16.11.2018). Godkjent refleksjonsnotat på ca. 400 ord 
  • Godkjent praktisk metodisk oppgåve (PMO) med individuell/gruppevis rapport i utvalt kurs  

  • Godkjent idrettsteorioppgåve/prøve i kurs 2, 3 og 4. 

Evaluation system

Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11 (http://lovdata.no/forskrift/2014-12-04-1697/%C2%A75-11)

Evaluation

Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem. (http://www.hivolda.no/hivolda/om-hogskulen/kvalitetsarbeid)

Maximum number of students: 
55
Person in charge: 
Elisabeth Innselset
Expenses

200 kr

Used in other programs
  • Bachelor in friluftsliv/outdoor life education
  • Physical Education - bachelor
  • Sports/physical education - year course
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Oral examination
Individual
ca. 25 Minutes
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
100
Kurs 1: Pedagogikk og samfunn
Annen vurderingsform, definer i kommentarfelt
Individual
3 Days
Pass / fail
Kurs 5: Kystfriluftsliv.
Vurderingsgrunnlag: Praktisk dugleik og aktiv deltaking på tur, førebuing og etterarbeid.
Approval signature: 
Aud Folkestad