Semesters
IKF102 Idrett og samfunn
Ingen.
Emnet gir ei grunnleggjande innføring i temaet idrett og samfunn.
Denne delen omhandlar samfunnsmessige problemstillingar retta mot den organsierte barne- og ungdomsidretten.
Hovudtemaet for kurset er idrettshistorie, idrettssosiologi, sjølvoppfatning i idrett, psykologiske læringsklima og læring i idrettsgrupper.
Dei praktiske kursa i emnet er i hovudsak arbeid med didaktiske problemstillingar og fagleg kunnskap knytt til tilrettelegging for læring og utvikling for ulike grupper i orientering, friidrett, kystfriluftsliv, leik og idrettsaktivitetar.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten:
- har innsikt i idretten si historie, verdigrunnlag og samfunnsmandat
- har innsikt i tema sjølvoppfatning og idrett
- har grunnleggjande kunnskap om psykologiske læringsklima og læring i idrettsgrupper
- har innsikt i relevant forskings- og utviklingsarbeid innanfor fagområdet
- har kunnskap om grunnleggande kystfriluftsliv og ferdsel i kystnære strøk
- har fagkunnskap og didaktisk kunnskap knytt til å leie instruksjon i orientering, friidrett, kystfriluftsliv, leik, idrettsaktivitetar og tidsaktuelle rørsleformer
- har kunnskap om korleis ein kan planlegge, legge til rette for, tilpasse og gjennomføre praktisk metodiske opplegg i utvalde aktivitetar
Studenten:
- kan sjå på idretten i samfunnet frå eit større samfunnsperspektiv
- kan reflektere over idrettshistoriske og idrettssosiologiske problemstillingar
- kan kommunisere om problemstillingar knytt til kroppsleg læring som er relevante i den organiserte idretten
- har kunnskap om grunnleggande kystfriluftsliv og ferdsel i kystnære strøk
- kan ta seg fram og leggje til rette for ferdsel i ukjent terreng ved hjelp av kart og kompass
- kan bruke digitale verktøy i orienteringa både i terrenget og i undervisninga
- kan identifisere farer og ivareta tryggleik i ulike aktivitetar og rørslemiljø
- kan planleggje, leie, leggje til rette for, gjennomføre og vurdere allsidig aktivitet for ulike målgrupper på ulike utviklingsnivå og med ulike føresetnader
- har erfaring med grunnleggjande fagdidaktikk i praksis, og kan vise fagleg kunnskap og didaktisk refleksjon
Studenten:
- kan trekke hovudlinjene i norsk idrettshistorie frå ca. år 1000 og fram til i dag
- kan gjere greie for idrett som idrettssosiologisk fenomen
- kan reflektere over idretten sin plass i samfunnet
- kan kommunisere om problemstillingar knytt til organisert idrett og kroppsleg læring
- kan reflektere- og kommunisere om problemstillingar knytt til opplæring- og instruksjon i orientering, leik og idrettsaktivitetar, friidrett og kystfrilufliv
- kan ta ansvar for kontinuerlig utvikling av eigen profesjonalitet
- kan forstå, utøve og utvikle eigen profesjonalitet som trenar og kroppsøvings/idrettslærar
Ein vil variere mellom forelesingar, seminar, digitalt læringsarbeid, gruppe- og individuelt arbeid. Undervisning i orientering, friidrett, leik og idrettaktivitetar vil foregå i sal, ute, på treningssenter og eigna områder i nærområdet. Undervisning i kystfriluftsliv vert gjennomført på basen vår på Yksnøya.
Canvas vert nytta i kommunikasjon med studentane.
Emnet vil bestå av:
Kurs 1: Idrett og samfunn
Praktiske kurs med fokus på didaktiske problemstillingar knytt til tilrettelegging av aktivitetar i ulike rørslemiljø i kroppsøving og idrett:
Kurs 2: Orientering
Kurs 3: Leik og idrettsaktivitetar
Kurs 4: Friidrett
Kurs 5: Kystfriluftsliv
Frammøtekrav:
Krav om 80% oppmøte i kurs 1, 2, 3 og 4
Krav om 100% deltaking i kurs 5
Obligatorisk undervisning kjem fram av kvar einskild kursplan.
Arbeidskrav:
Individuell skriftleg innlevering i kurs 1. Omfang: 800-1000 ord
Godkjent praktisk metodisk oppgåve (PMO) med individuell/gruppevis rapport i utvalt kurs
Godkjent idrettsteorioppgåve/prøve i kurs 2, 3 og 4.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11
200 kr
- Physical Education - bachelor
- Sports/physical education - year course
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Oral examination | Individual | 20-25 Minutes | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | 100 | Kurs 1: Idrett og samfunn | ||
Annen vurderingsform, definer i kommentarfelt | Individual | 3 Days | Pass / fail | Kurs 5: Kystfriluftsliv. Vurderingsgrunnlag: Praktisk dugleik og aktiv deltaking på tur, førebuing og etterarbeid. |