Semesters
IKF103 Undervisningslære i kroppsøving og idrett
Ingen.
Emnet er ei grunnleggjande innføring i det å vere kroppsøvingslærar eller trenar innan idretten. Undervisningslæra bygger på ei eksemplarisk og praktisk tilnærming.
Studenten får prøve seg på ulike aktivitetsformer og variert undervisning, samt reflektere rundt korleis dette er eigna til å fremje kroppsleg læring og meistring, positiv sjølvforståing og rørsleglede for for barn og ung med ulike føresetnader.
Dei praktiske kursa i emnet er i hovudsak arbeid gjennom kroppsleg læring- og erfaring, arbeid med relevante didaktiske problemstillingar og fagleg kunnskap knytt til tilrettelegging for læring.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten:
har kunnskap om kroppsøvingsfaget sitt føremål, eigenart og legitimering til andre skulefag
har kunnskap om kva som kan fremje rørsleglede for ulike individ/målgrupper på ulike nivå og med ulike føresetnader
har kunnskap om korleis ein kan planlegge, legge til rette for, tilpasse, gjennomføre og evaluere praktisk undervising
- har kunnskap om klasse- og gruppeleiing og utvikling av gode relasjoner til og mellom elever/utøvarar
har kunnskap om grunnleggjande element knytt til tilpassa opplæring for barn og ungdom med ulike føresetnader og funksjonsnedsettingar
har fagkunnskap og didaktisk erfaring- og kunnskap knytt til å leie instruksjon/undervisning i dans, ski, friluftsliv og fysisk aktivitet
Studenten:
- kan, med utgangspunkt i gjeldande styringsdokument og forskings- og erfaringsbasert kunnskap, planlegge, gjennomføre og reflektere over undervisning, individuelt og i samarbeid med andre
kan vurdere barn og ungdom/eleven si kroppslege utvikling og føresetnader som grunnlag for tilpassa opplæring og læringsfremjande tilbakemeldingar
kan utvikle og utforske eigne dugleikar og kunnskapar i varierte rørsleaktivitetar som dans, ski, friluftsliv og fysisk aktivitet med tanke på opplæring og undervisning/instruksjon
kan utforske eigne kroppslege uttrykk og leie og gjennomføre skapande prosessar der rørsleglede og refleksjon er sentralt
- kan identifisere og arbeide systematisk med grunnleggjande dugleikar
kan planleggje, leie, leggje til rette for, gjennomføre og vurdere allsidig aktivitet for ulike målgrupper på ulike utviklingsnivå og med ulike føresetnader og funksjonsnedsettingar
- kan motivere og rettleie elevane/utøvarane, og tilpasse opplæringa til eleven/utøvaren sine evner og anlegg, interesser og sosiale og kulturelle bakgrunn
har erfaring med grunnleggjande fagdidaktikk i praksis, og kan vise fagleg kunnskap og didaktisk refleksjon
Studenten:
kan drøfte på kva måte kroppsøving bidreg til eleven si allmenndanning
kan kommunisere om problemstillingar knytt til kroppsøving, organisert idrett, kroppsleg læring og tilrettelagt undervisning
kan reflektere og kommunisere om problemstillingar knytt til opplæring- og instruksjon i dans, ski, friluftsliv og fysisk aktivitet
kan ta ansvar for kontinuerlig utvikling av eigen profesjonalitet
Ein vil variere mellom forelesningar, seminar, webinar, gruppe- og individuelt arbeid. Undervisning i dans, ski, friluftsliv, fysisk aktivitet og funksjonsnedsettingar vil foregå i sal, ute, i nærmiljøet og andre eigna områder (avhengig av snøtilhøve).
Canvas vert nytta i kommunikasjon med studentane. Gjennom undervisninga vil studentane få eit bevisst forhold til bruk av digitale verktøy. Dette vil vere ein reiskap i samband med informasjonssøking, studentpresentasjonar, arbeidskrav og undervisning i faget.
Emnet vil bestå av:
Kurs 1: Undervisningslære i kroppsøving og idrett
Praktiske kurs med fokus på didaktiske problemstillingar knytt til tilrettelegging av aktivitetar i ulike rørslemiljø i kroppsøving og idrett:
Kurs 2: Dans
Kurs 3: Ski
Kurs 4: Friluftsliv, fysisk aktivitet og funksjonsnedsettingar
Frammøtekrav:
Krav om 80 % oppmøte i kurs 1 og 2.
Krav om 100 % deltaking i kurs 3 og 4.
Arbeidskrav:
Obligatorisk seminar i kurs 1.
Individuell skriftleg innlevering i kurs 1. Omfang: ca. 1500 ord
Godkjent praktisk metodisk oppgåve (PMO) med individuell/gruppevis rapport i utvalt kurs.
Godkjent idrettsteorioppgåve/prøve i kurs 2.
Refleksjonsnotat knytt til praksis vedrørande friluftsliv, fysisk aktivitet og funksjonshindringar. Omfang: ca. 1000 ord.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11 (http://lovdata.no/forskrift/2014-12-04-1697/%C2%A75-11)
Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem. (http://www.hivolda.no/hivolda/om-hogskulen/kvalitetsarbeid)
200 kr
- Bachelor in friluftsliv/outdoor life education
- Physical Education - bachelor
- Sports/physical education - year course
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Digital examination | Individual | 3 Hours | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | 100 | Kurs 1: Undervisningslære i kroppsøving og idrett | ||
Annen vurderingsform, definer i kommentarfelt | Individual | 5 Days | Pass / fail | Kurs 3: Ski Gjennomføring og godkjenning av kurset. Vurderingsgrunnlag: Aktiv deltaking på kurset, førebuing og etterarbeid. Det er krav om 100% deltaking. | |||
Annen vurderingsform, definer i kommentarfelt | Individual | 5 Days | Pass / fail | Kurs 4: Friluftsliv, fysisk aktivitet og funksjonshindringar. Gjennomføring og godkjenning av kurset. Vurderingsgrunnlag: Praktisk dugleik og aktiv deltaking på kurset, førebuing og etterarbeid. Det er krav om 100% deltaking. |