Semesters

IKF105 Ernæring og fysisk aktivitet

Course code: 
IKF105
Duration: 
1 semester
Credits (ECTS): 
15
Level of study: 
Foundation level (bachelor’s degree level)
Course name in Norwegian Nynorsk: 
Ernæring og fysisk aktivitet
Teaching semester: 
2024 Autumn
Course name in Norwegian Bokmål: 
Ernæring og fysisk aktivitet
Assessment semester: 
2024 Autumn
Language of instruction: 
Norwegian
Required prerequisite knowledge

Ingen. 

Course content

Fysisk aktivitet og ernæring er sentralt i både idrett, daglegliv og i arbeid for å fremje folkehelse. Ved fullføring av emnet skal studenten kunne gjere greie for kosthald og ernæring i forhold til fysisk aktivitet, idrettsprestasjon, helse og vekt, samt trivsel knytt til mat. Studentane skal gjennom emnet tileigne seg teoretisk og praktisk kunnskap.

Dette er eit obligatorisk emne i bachelor idrett og kroppsøving. Emnet kan også takast som eit frittståande studium. 

Innhald

  • Funksjon, omsetnad, behov og utnytting av næringsstoff
  • Nasjonale anbefalingar for inntak av dei ulike næringsstoffa og kosttilskot
  • Kosthaldsinformasjon
  • Idrettsernæring
Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Learning outcome knowledge

Studenten:

  • kan gjere greie for og vurdere matvarer sitt innhald av næringsstoff
  • kan gjere greie for bakgrunn og innhald i dei nasjonale kostanbefalingane
  • kan gjere greie for kosthald/næring og væskeinntak knytt til fysisk aktivitet og trening
  • kan planlegge og vurdere kosthald knytt til fysisk aktivitet og trening i ulike grupper av befolkninga
Learning outcome skills

Studenten:

  • kan registrere, berekne og vurdere næringsinnhaldet i ulike måltid
  • kan sette opp kosthaldsplan 
Learning outcome qualification

Studenten:

  • kan sjølvstendig analysere, vurdere og planlegge kosthald for ulike individ knytt til fysisk aktivitet, idrettsprestasjon og god helse.
Working and learning activities

Canvas er læringsplattforma. Emnet er eit nettstudium. Emnet har både teoretisk og praktisk tilnærming til fagområda. Det blir gitt innspelt undervisning til kvar modul i Canvas. Det er derfor ingen faste eller obligatoriske samlingspunkt og er såleis eit fleksibelt emne som passar godt for dei som ynskjer å kombinere jobb og studiar. Studiet er organisert i tre modular, med eitt individuelt arbeidskrav knytt til kvar modul. Modulane må vere godkjende innan gitte tidsfristar før ein kan gå vidare til neste modul.  

Modul 1: Grunnleggande ernæringslære

Modul 2: Helse og ernæring

Modul 3: Idrett og ernæring

Assessment requirements

Arbeidskrav: 

Følgjande arbeidskrav skal gjennomførast:

  • Modul 1: Fleirsvarsoppgåve i Canvas
  • Modul 2: Lage individuelt eit 5 min. fagleg innlegg knytt til tema i pensum. Innlegget skal filmast og leverast i Canvas.
  • Modul 3: Studenten skal levere ei skriftleg oppgåve i Canvas med tema knytt til pensum (omlag 1500 ord). 
Evaluation system
Maximum number of students: 
100
Person in charge: 
Magnhild Håskjold
Used in other programs
  • Physical Education - bachelor
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Home exam
Individual
24 Hours
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
100
Alle
2500 ord
Approval signature: 
Unni Hagen