Semesters
- 2025 Spring
- 2024 Autumn
- 2024 Spring
- 2023 Autumn
- 2023 Spring
- 2022 Autumn
- 2022 Spring
- 2021 Autumn
- 2020 Autumn
- 2019 Autumn
IKF105 Ernæring og fysisk aktivitet
Ingen.
Fysisk aktivitet og ernæring er sentralt i både idrett, daglegliv og i arbeid for å fremje folkehelse. Ved fullføring av emnet skal studenten kunne rettleie innan kosthald og ernæring i forhold til fysisk aktivitet, idrettsprestasjon, helse og vekt, samt trivsel knytt til mat. Studentane skal gjennom emnet tileigne seg teoretisk og praktisk kunnskap. Emnet gir ei grunnleggande innføring i kosthald og praktisk rettleiing av personar med ulike mål.
Dette er eit obligatorisk emne i bahelor idrett og kroppsøving. Emnet kan også takast som eit frittståande studium.
Innhald
- Funksjon, omsetning, behov og utnytting av karbohydrat, protein og fett, behov og utnytting av ulike vitamina og minerala
- Nasjonale anbefalingar for inntak av dei ulike næringsstoffa og kosttilskot
- Diettar
- Kosthaldsinformasjon
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten skal kunne
- gjere greie for og vurdere matvarer sitt innhald av næringsstoff
- gjere greie for bakgrunn og innhald i dei nasjonale kostanbefalingane
- gjere greie for kosthald/næring og væskeinntak knytt til fysisk aktivitet og trening
- gjere greie for ulike diettar og kunne vurdere disse
- kunne planlegge og vurdere kosthald knytt til fysisk aktivitet og trening i ulike grupper av befolkninga.
Studenten kan
- registrere, berekne og vurdere næringsinnhaldet i ulike måltid
- sette opp kosthaldsplan og gi praktisk rettleiing for personar med ulike mål og føresetninader.
Studenten:
- kan sjølvstendig analysere, vurdere og planlegge kosthald for ulike individ knytt til fysisk aktivitet, idrettsprestasjon og god helse.
Canvas er læringsplattforma. Emnet er eit nettstudium. Emnet har både teoretisk og praktisk tilnærming til fagområda. Det blir gitt innspelt undervisning til kvar modul i Canvas. Studiet er organisert i tre modular, med eitt individuelt arbeidskrav knytt til kvar modul. Modulane må vere godkjende før ein kan gå vidare til neste modul.
Modul 1: Grunnleggande ernæringslære
Modul 2: Helse og ernæring
Modul 3: Idrett og ernæring
Arbeidskrav:
Følgjande arbeidskrav skal gjennomførast:
- Modul 1: Fleirsvarsoppgåve i Canvas
- Modul 2: Lage individuelt eit 5 min. fagleg innlegg i knytt til tema i pensum. innlegget skal filmast og leverast i Canvas.
- Modul 3: Studenten skal levere ei skriftleg oppgåve i Canvas med tema knytt til pensum (omlag 1500 ord).
- Bachelor in Sports Education
- Physical Education - bachelor
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Home exam | Individual | 24 Hours | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | 100 | Alle | 2500 ord |