Semesters
IPA171 Grunnleggande innføring i leiing
Ingen.
Emnet er todelt. Første del gir ei grunnleggande innføring i sentrale spørsmål som gjeld leiing av medarbeidarar med fokus på kommunikasjon, motivering, samhandling, leiarroller og konflikthandtering. I andre del er søkelyset retta mot medarbeidarskap, sjølvleiing, førebygging av konfliktar og utvikling av velfungerande arbeidsgrupper.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket skal studenten ha følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten skal ha kunnskap om og forståing av grunnleggande tema og problemstillingar om leiing og leiarar sin situasjon i verksemder.
Studenten skal
- ha ferdigheiter til å reflektere fagleg rundt sentrale spørsmål og problemstillingar som gjeld leiing av medarbeidarar
- kritisk kunne vurdere rolla som leiar.
Studenten skal kunne vurdere praktiske problemstillingar, som ein møter som leiar, ut frå ulike synsvinklar, og på bakgrunn av dette drøfte ulike handlingsalternativ.
Læringsutbytte blir ivaretatt gjennom studentaktive læringsformer og vurderingsformer som legg vekt på fagleg refleksjon. I undervisningssituasjonen kan dette bli gjort gjennom at studentane aktivt deltek i gruppearbeid og drøftingar i plenum. Aktuelle arbeidsformer er litteraturstudium, klasseundervisning, ulike studentaktive undervisningsformer, rettleiing og skriftleg arbeid. Bruk av digitale verktøy er ein viktig del av emnet. Studentane skal bruke tilgjengeleg programvare og ressurssider på internett for løysing av oppgåver og for å tileigne seg kunnskap innanfor emnet.
Studentane får tilgang til ei digital læringsplattform (Canvas), der program for undervisninga, førelesingsnotat, videoar, arbeidsoppgåver m.m. blir tilgjengeleg, og der studentane kan levere oppgåver for kommentar.
Arbeidskrava må vere godkjende for å gå opp til eksamen
- To individuelle heimeoppgåver med tildelt tema. Kvar av oppgåvene har eit omfang på 3000 ord +/- 10 % (utan framside, innhaldsliste, litteraturliste og vedlegg). Det blir gitt tilbod om rettleiing.
- Ei individuell heimeoppgåve med valfritt tema, eller ha minimum 80 prosent frammøte til den undervisninga som står på planen. Problemstilling for oppgåva skal godkjennast av faglærar. Oppgåva skal ha eit omfang på 3000 ord +/- 10 % (utan framside, innhaldsliste, litteraturliste og vedlegg). Det blir gitt tilbod om rettleiing.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 9-4.
- PR, Communication and Media - bachelor
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Home exam | Individual | 2 Days | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | 100 |