Semesters
IPA308 Masteroppgåve i samfunnsplanlegging og leiing (30 stp)
I alt 60 studiepoeng av masterprogrammet må vere fullført for å få opptak til emnet. Det inkluderer dei obligatoriske emna IPA301 Regional planlegging og utvikling og IPA303 Offentleg leiing og kommunikasjon, som må vere fullført med karakteren C eller betre som resultat. Talet på studieplassar er avgrensa til 20. Søkjarane blir rangerte på grunnlag av oppnådde karakterar på dei obligatoriske emna, deretter på grunnlag av karakterar på dei valfrie emna. Studentar med karakterar A eller B får først tilbod (gruppe 1). Deretter får studentar med C tilbod inntil studieplassane er fylt opp (gruppe 2).
Eit samfunn i kontinuerleg omstilling stiller store krav til leiarar, både i offentleg og privat sektor. Det er viktig å kunne etablere gode strategiar til fordel for eigen organisasjon. Med ein mastergrad i Samfunnsplanlegging og leiing får du ei solid og spesialisert utdanning som gjer deg til ein ettertrakta leiar og samfunnsplanleggar. Masterstudiet gir deg viktig yrkesretta kompetanse i planlegging, utviklingsarbeid og leiing i samfunn og organisasjonar. Det inneber kompetanse til å utvikle og å leie plan- og utviklingsarbeid. Det vert lagt vekt på at plan- og utviklingsarbeid skjer i samhandling (partnarskap) mellom offentleg, privat og frivillig sektor i kommunikative og opne prosessar.
Emna IPA307 Forskingsmetode og vitskapsteori og emnet IPA308 Masteroppgåve i samfunnsplanlegging og leiing er fagleg integrerte og koordinert.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten skal ha:
- inngåande kunnskap om ulike kvalitative og kvantitative design innanfor samfunnsvitskapleg forsking
- inngåande kunnskap om forskingsetiske retningslinjer
- omfattande kunnskap om feltet han/ho vel å forske på
- forskingsmetodisk kunnskap til å kunne analysere og vurdere eiga og andre si forsking
- kunnskap om krav til akademisk skriving
Studenten skal:
- ha ferdigheiter til å utvikle eit samfunnsfagleg forskingsopplegg som gir relevante data; innsamla og analysert med vitskaplege metodar.
- kunne vurdere om ulike forskingsdesign er tenlege for å utvikle kunnskap og analysere og drøfte eiga og andre si forsking
- ha ferdigheiter til å kunne gjere grundige vurderingar av forskingsetiske omsyn gjennom heile forskingsprosessen
- kunne finne og bruke relevant litteratur, og kunne setja eiga forsking inn i ei teoretisk fruktbar ramme
- meistre akademisk skriving og kunne presentere eigne forskingsprosjekt, resultat og faglege drøftingar både skriftleg og munnleg
- Studenten skal utvikle kompetanse til å planlegge, gjennomføre, presentere og reflektere over sjølvstendige forskings- og utviklingsprosjekt.
Arbeidet med masteroppgåva går parallelt med emnet IPA307 Forskingsmetode og vitskapsteori i haustsemesteret. Studentane skal levere eit oppgåvenotat, samt presentere status for oppgåva for medstudentar og rettleiarar på oppgåveseminar undervegs i haustsemesteret. I det påfølgjande vårsemesteret vert det arrangert to samlingar med undervisningstilbod rundt oppgåveskriving og analyse. På desse samlingane vert det også oppgåvepresentasjonar frå studentane, der rettleiiarar og medstudentar deltek.
Studentane får kvar tildelt ein rettleiar som kan bruke inntil 30 timar på oppgåvelesing og individuell rettleiing.
Oppgåveseminar i samband med masteroppgåva og undervisninga i Forskingsmetode og vitskapsteori er lagt til dei same undervisningssamlingane:
- Samling 1: veke 34 - Notatskriving
- Samling 2: veke 43 - Presentasjon og tid til rettleiing
- Samling 3: veke 48 - Tid til rettleiing
- Samling 4: veke 3 (2021) - Om oppgåveskriving, presentasjon og tid til rettleiing
- Samling 5: veke 11 (2021) - Om analyse, presentasjon og tid til rettleiing
Til den tredje samlinga skal heiltidsstudentane levere ein prosjektplan for masteroppgåva. Studentar som gjennomfører master på deltid skal levere prosjektplanen innan 01.februar påfølgjande semester. Vidare rettleiing føreset at prosjektplanen er levert og godkjent.
For å levere masteroppgåva til vurdering, må studenten ha stått til eksamen i emnet IPA 307 Forskingsmetode og vitskapsteori. Vidare må masteroppgåva vere stått for å få gå opp til munnleg justerande eksamen.
Studenten må ha presentert masteroppgåva og gitt førebudde kommentarar til medstudentar, på minst to samlingar.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11
- Planning and Leadership - master (part time)
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Master's thesis | Individual | 2 Semester | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | Masteroppgåva blir evaluert av ein kommisjon med to medlemmar og får ein førebels bokstavkarakter. | 25.000 ord (+/- 10%). Skrifttype Times New Roman, linjeavstand 1,5 og bokstavstorleik 12-punkt. Standard framside, obligatorisk samandrag (norsk og engelsk), forord, litteraturliste og eventuelle vedlegg tel ikkje med i talet på ord. | ||
Adjusting oral examination | Individual | 1 Hours | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | 100 | Munnleg justerande eksamen der masteroppgåva skal forsvarast. Munnleg justerande eksamen fastset den endelege karakteren i emnet. |