Semesters
JOA202 Undersøkande journalistikk
Emnet skal bidra til auka kvalitet i journalistisk produksjon der studentane skal oppnå solid kompetanse og ein anvendt, refleksiv kunnskap om den journalistiske arbeidsprosessen. Viktige element i emnet er utvikling av idear og hypoteser, metodiske val og systematikk i eigen research. Andre viktige område er val og bruk av ulike typar kjelder og kjeldemateriale, etiske dilemmaog kjeldekritisk analyse knytt til ulike former for journalistiske undersøkingar og metodeval.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket skal studenten ha følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten skal ha
oversikt og innsikt i journalistisk metode
analytisk kunnskap om etikk, kjeldekritikk og rekonstruksjon i den journalistiske arbeidsprosessen
kjennskap til mediekritiske innvendingar mot metoder og etiske/kjeldekritiske val som kan bli praktiserte innanfor ramma av ”journalistisk undersøkelse og produksjon”.
Studenten skal kunne
bruke metodar, teknikkar og strategiar for å finne idear, nyheiter eller saker som til dels er skjult, til dels vanskeleg tilgjengeleg eller ”oversett” i dagens mediebilde
utvikle, planlegge og gjennomføre eigne prosjekt ved bruk av intervju, observasjon og skriftleg kjeldemateriale
finne, forstå og bruke statistikk på ein adekvat måte
bruke offentleglova og andre lover og reglar, som gir innsynsrett og tilgang til sentrale skriftlege kjelder
produsere reportasjar og lage skriftlege, analytiske metoderapportar knytt til disse
Studenten skal ha
kompetanse og kunnskap om den journalistiske arbeidsprosessen: Utvikling av idé og hypotesar, metodiske val og systematikk i eigen research
Undervisinga skjer i form av forelesingar/seminarer, arbeidsverkstader og eit praksisførebuande kurs. Undervisinga vil integrere journalistisk teori, analyse og praksis. Studentane kan jobbe med sine prosjekt i det interne redakjsonsmiljøet. Det blir lagt vekt på at studentane arbeider sjølvstendig med kursets faglege problemstillingar, knytt til både eigne prosjekt og eit felles undervisingsopplegg.
Frammøtekrav:
Det er krav om minst 80% obligartorisk frammøte til undervising.
Arbeidskrav:
Studenten skal jobbe med eitt større eller 2-3 mindre journalistiske prosjekt med fristar for
a) idé og plan seinast to veker etter emnets start (Gjennom denne godkjenninga blir omfanget av kvar enkelt students eksamensarbeid avklart).
b) levere inn to rapportar om eige prosjektarbeid i perioden (minimum 1500 ord per rapport)
Studentane skal også delta på det praksisførebuande kurset.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Portfolio | Individual | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade |
Emne som gir reduksjon | Grad av overlapp | Vektingsreduksjon |
---|---|---|
MMP303 Investigative Journalism | 10 | |
DJM302 Undersøkende journalistikk | 10 |
a) Et fullført journalistisk eksamensprosjekt (ett større eller 2 mindre journalistiske produkt).
b) En metodeoppgave der arbeidet skal presenteres og der sentrale metodiske, etiske og kildekritiske dilemmaer og valg skal analyseres. Refleksjonen skal knyttes til pensumtekster.