Semesters
JOF203 Journalistikk 3 for fjernsyn
Målet med emnet er å gi studentane praktisk journalistisk trening i fleire sjangrar. Studentane skal drive journalistisk arbeid i utdanninga sine øvingsmedia der dei får arbeide med spesielle samfunns- og stoffområde. Det er også forelesingar og seminar fokusert på nyheitsreportasjen og på analyserande, kommenterande og skildrande journalistikk. Evaluering og diskusjon av journalistiske produkt og arbeidsprosessar er også sentralt.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
- har innsikt i fleire sjangrar og utvalde journalistiske stoffområde
- har innsikt i ulike publiseringsplattformer
- kan levere faste og sjølvstendige bidrag til regelmessig publisering og følge og vidareutvikle redaksjonelle rutinar
- kan utvikle rutiner for sjølvstendig overvaking av nyheitsbildet
- meistrar oppsøkande undersøkande metode
- kan utføre komplisert journalistisk arbeid og tenke kvalitet i formidlinga
- kan tenke fleirmediale løysingar i forhold til journalistisk arbeid (planlegge, organisere og gjennomføre fleirmediale prosjekt)
- er allsidig og meistrar views og news (kommentar- og reporterrollen)
- kan analysere eige arbeid i lys av teori og litteratur
- er i stand til å gjere ei kritisk og analytisk vurdering av eigne og andre sine produkt og prosessar
Emnet strekkjer seg over eitt semester og inneheld forelesingar, seminar og redaksjonell praksis. Studentane er organisert i redaksjonar der dei prøver ulike roller og arbeider etter ein oppsett vaktplan.
Det er obligatorisk deltaking i produksjon etter oppsett vaktplan. Alt fråvær skal godkjennast av emneansvarleg.
Vaktplanen vert kunngjort tidleg i semesteret.
Sensur blir gjennomført i samsvar med Forskrift om studium og eksamen ved Høgskulen i Volda.
Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Portfolio | Individual | 1 Semester | Pass / fail | 100 | Digital eksamen. Mappa skal innehalde ein metoderapport eller eit skriftleg arbeid (essay). Metoderapporten skal vere knytt til ei (1) av sakene frå praksisperioden. Her skal studenten legge vekt på eigen idé-utvikling i saka. Vel studenten å besvare med eit skriftleg arbeid (essay) skal dette vere knytt til problemstillingar frå praksisperioden. | Metoderapporten/essayet skal vere på 1800 - 2200 ord. |