Semesters
JOF203 Journalistikk 3 for fjernsyn
Målet med emnet er å gi studentane praktisk journalistisk trening i fleire sjangrar. Studentane skal drive journalistisk arbeid i utdanninga sine øvingsmedia der dei får arbeide med spesielle samfunns- og stoffområde. Det er også førelesingar og seminar fokusert på nyheitsreportasjen og på analyserande, kommenterande og skildrande journalistikk. Evaluering og diskusjon av journalistiske produkt og arbeidsprosessar er også sentralt.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket skal studenten ha følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten skal
- ha innsikt i fleire sjangrar og utvalde journalistiske stoffområde
- ha innsikt i ulike publiseringsplattformer
Studenten skal
- kunne levere faste og sjølvstendige bidrag til regelmessig publisering og følgje og vidareutvikle redaksjonelle rutinar
- kunne utvikle rutiner for sjølvstendig overvaking av nyheitsbildet
- meistre oppsøkande undersøkande metode
- kunne utføre komplisert journalistisk arbeid og tenke kvalitet i formidlinga
- kunne tenke fleirmediale løysingar i forhold til journalistisk arbeid (planlegge, organisere og gjennomføre fleirmediale prosjekt)
- vere allsidig og meistrar views og news (kommentar- og reporterrollen)
- kunne analysere eige arbeid i lys av teori og litteratur
Studenten skal
- vere i stand til å gjere ei kritisk og analytisk vurdering av eigne og andre sine produkt og prosessar
Emnet strekkjer seg over eitt (1) semester og inneheld førelesingar, seminar og redaksjonell praksis. Studentane er organiserte i redaksjonar der dei prøver ulike roller og arbeider etter ein oppsett vaktplan.
Det er obligatorisk deltaking i produksjon etter oppsett vaktplan. Alt fråver skal godkjennast av emneansvarleg.
Vaktplanen vert kunngjort tidleg i semesteret.
Sensur blir gjennomført i samsvar med Forskrift om studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11.
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Portfolio | Individual | 1 Semester | Pass / fail | 100 | Digital innlevering. Mappa skal innehalde ein metoderapport som skal vere knytt til ei av sakene frå praksisperioden der studenten legg vekt på eigen idé-utvikling i saka. Metoderapporten er eit akademisk arbeid og skal ha pensumreferansar. | Metoderapporten/essayet skal vere på 1800 - 2200 ord. |