Semesters
JON111 Praksis i nettavis
Det er avgrensa tal plassar på dette emnet. I 2. semester (førsteårsstudentar) er maks antall studentar 22. I 4. semester (andreårsstudentar) er maks antall studentar 10.
Dersom det melder seg fleire søkjarar enn det er tal på plassar, vil studentane sine opptakspoeng til emnet i 2. semester vere avgjerande for rangeringa.
I 4. semester vil karakteren i JOU112 Journalistikk 2 – Kjeldearbeid og formidling vere avgjerande for rangeringa. Ved like resultat vil ein også ta med resultat i MEV121 Medievitskap 1 – Medium, ytringsfridom og offentlegheit.
Hovuddelen av emnet er den seks veker lange interne praksisperioden. Teoretisk kunnskap skal omsetjast til praktiske ferdigheiter gjennom produksjon av nyheiter og aktualitetar for nettavis. Studentane får også erfaring med å bruke lyd og video i sakene sine. Språkbruk, forteljarteknikk og saksoppbygging er viktige tema. Studentane skal også meistre dei tekniske produksjonsverktøya som er i bruk i internpraksisen.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten:
- kan forklare nettmediet sin eigenart og omgrep brukt i produksjon av nettjournalistikk
- kan forklare enkel forteljeteknikk og saksoppbygging for nett
- kan forklare nyheitsformidling på nett
- kan forklare god journalistisk språkbruk
- kan forklare bruk av foto i nettjournalistikk
- kan forklare korleis ein redigerer og publiserer nettsaker
Studenten:
- kan redigere og publisere saker i redaksjonen sitt publiseringsprogram
- kan gå inn i ulike journalistiske roller i ein nyheitsredaksjon
- kan gjere grunnleggjande vurderingar og prioriteringar av saker ut frå nyheitsverdi
- kan bruke enkle modellar for forteljeteknikk og gjere vurderingar ut frå nyheitskriteria
- kan ta gode redaksjonelle bilde, og bruke video og lyd i nettsaker
Studenten:
- kan arbeide sjølvstendig i ein nyheitsredaksjon
- kan samarbeide godt i eit redaksjonelt miljø
- kan evaluere eigne og andre sine nyheitsproduksjonar
Forelesingar og studentaktive læringsformer som til dømes innføringskurs og praktisk, redaksjonelt arbeid.
Frammøtekrav:
Det er obligatorisk frammøte til all undervisning og praksis i emnet med minimum 80 prosent deltaking.
Arbeidskrav:
- praksislogg
- evaluering av emnet
Arbeidskrava er obligatoriske og må vere godkjente for å kunne gå opp til eksamen.
Følgjande informasjon blir tilgjengeleggjort skriftleg i Høgskulens læringsplattform Canvas ved oppstart av emnet:
- omfang
- frist
- Journalism - bachelor
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Portfolio | Individual | Pass / fail | Innlevering i Inspera. | Alle | Innlevering av ei nyheitssak til nett. Skrive ein metoderapport på 1800 – 2200 ord, med vurderingar og prioriteringar basert på pensumlitteratur |