Semesters
JOR111 Praksis i radio
Det er avgrensa tal plassar på dette emnet. I 2. semester (førsteårsstudentar) er maks antall studentar 22. I 4. semester (andreårsstudentar) er maks antall studentar 10.
Søknad om deltaking på emnet skal gjerast i undervisningsopptaket.
Dersom det melder seg fleire søkjarar enn det er tal på plassar, vil studentane sine opptakspoeng til emnet i 2. semester vere avgjerande for rangeringa.
I 4. semester vil karakteren i JOU112 Journalistikk 2 – Kjeldearbeid og formidling vere avgjerande for rangeringa. Ved like resultat vil ein også ta med resultat i MEV121 Medievitskap 1 – Medium, ytringsfridom og offentlegheit.
Hovuddelen av emnet er den seks veker lange interne praksisperioden. Teoretisk kunnskap skal omsetjast til praktiske ferdigheiter gjennom produksjon av nyheiter og aktualitetar for radio. Studentane får også erfaring med å lage nettversjonar av sakene sine. Språkbruk, forteljarteknikk og saksoppbygging er viktige tema. Studentane skal også meistre dei tekniske produksjonsverktøya som er i bruk i internpraksisen.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten:
- kan forklare radiomediet sin eigenart og omgrep brukt i radioproduksjon
- kan forklare enkel forteljarteknikk og saksoppbygging for radio
- kan forklare nyheitsformidling på radio
- kan forklare bruk av teknisk utstyr i studio
- kan forklare teknisk utstyr for å sende direkte utanfrå studio
- kan forklare bruk av redigeringsutstyr
Studenten:
- kan gjere opptak, redigere og publisere nyheiter for radio
- kan gå inn i ulike journalistiske roller i ein nyheitsredaksjon
- kan gjere grunnleggande vurderingar og prioriteringar av saker ut frå nyheitsverdi
- kan bruke enkle modellar for forteljarteknikk og gjere vurderingar ut i frå nyheitskriterier
- kan omarbeide radio-saker til nettsaker
Studenten:
- kan arbeide sjølvstendig i ein nyheitsredaksjon
- kan samarbeide godt i eit redaksjonelt miljø
- kan evaluere eigne og andre sine nyheitsproduksjonar
Forelesingar og studentaktive læringsformer som til dømes innføringskurs og praktisk, redaksjonelt arbeid.
Frammøtekrav:
Det er obligatorisk frammøte til all undervisning og praksis i emnet med minimum 80 prosent deltaking.
Arbeidskrav:
- praksislogg
- evaluering av emnet
Arbeidskrava er obligatoriske og må vere godkjente for å kunne gå opp til eksamen.
Følgjande informasjon blir tilgjengeleggjort skriftleg i Høgskulens læringsplattform Canvas ved oppstart av emnet:
- omfang
- frist
- Journalism - bachelor
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Portfolio | Individual | - | Pass / fail | 100 | Innlevering i Inspera. | Alle. | Innlevering av ei 3 minutt lang bulletinsending med eigne nyheitsmeldingar og saker. Skrive ein rapport på 1800 – 2200 ord med vurderingar og prioriteringar basert på pensumlitteratur. |