Semesters
JOU102 Journalistikk 2
Må ha godkjend innføringskurset i journalistisk arbeidsteknikk (JOU100) og arbeidskrava knytta til Journalistikk 1 (JOU101).
Emnet er ei vidareføring av JOU 101. Det vert gitt innføring i undersøkjande og oppsøkande journalistiske metodar, med vekt på å arbeide fram eigne nyheiter og forteljingar og sikre kvalitet i journalistikkens innhald. Verifiserte fakta skal bære ei journalistisk forteljing. Val og bruk av kjelder, kjeldekritikk og analyse av kjeldematerialet er her heilt sentralt.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
- god forståing av ulike typar kjelder og kjeldekritikk (kjeldekunnskap)
- god kunnskap om kjeldekritisk analyse, kjeldemakt og -styring
- god forståing av reporterens ulike journalistiske metodar
- god kunnskap om offentleglova og reglar for innsyn
- god forståingfor det etiske regelverket
- god forståing for nyheits- og reportasjesjangere og ei journalistisk forteljing
- grunnleggjande kunnskap om den journalistiske arbeidsprosess frå utvikling av idé til undersøking, analyse og forteljing
- god forståing for journalistrolla og det journalistiske samfunnsoppdraget
- kan utvikle eigne idear og gjennomføre undersøkjande prosjekt
- kan problematisere kjeldekritiske, etiske og analytiske utfordringar i reporterens arbeid
- meistrar metodane intervju, observasjon og å leite fram dei sentrale skriftelege kjeldene (inkludert nett, bilete osv)
- kan jobbe i team med andre reporterar
- er i stand til å gjennomføre større sjølvstendige prosjekt
- er i stand til samarbeide i team, og samstundes ta eige ansvar og jobbe sjølvstendig
- kan finne og formidle nyheiter/forteljingar som i sitt innhald er vesentlege for samfunnet og enkeltmennesket
Emnet vil strekkje seg over eitt semester og er samansett av forelesingar, seminar, journalistisk teamarbeid med lærar som rettleiar/arbeidsleiar og til slutt refleksjon over eige arbeid. I emnet vert journalistisk teori, analyse og praksis integrert.
Studenten skal jobbe i team (gruppe) og teamet skal saman levere
a) eit (felles) kvalifisert journalistisk produkt og
b) ein felles metoderapport.
Ramme for oppgåva vert kunngjort tidleg i semesteret. Oppgåva er obligatorisk.
Arbeidskravet skal vere levert til fristar som er fastsatt i undervisningsplanen.
Godkjend oppgåve er ein føresetnad for å gå opp til eksamen.
Sensur blir gjennomført i samsvar med Forskrift om studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11.
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Home exam | Individual | 6 Hours | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | 100 | Eksamen blir avvikla i Inspera. | Alle |