Semesters
JOU102 Journalistikk 2
Må ha godkjend innføringskurset i journalistisk arbeidsteknikk (JOU100) og arbeidskrava knytta til Journalistikk 1 (JOU101).
Emnet er ei vidareføring av JOU 101. Det vert gitt innføring i undersøkjande og oppsøkande journalistiske metodar, med vekt på å arbeide fram eigne nyheiter og forteljingar og sikre kvalitet i journalistikkens innhald. Verifiserte fakta skal bere ei journalistisk forteljing. Val og bruk av kjelder, kjeldekritikk og analyse av kjeldematerialet er her heilt sentralt.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket skal studenten ha følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten skal
- ha god forståing av ulike typar kjelder og kjeldekritikk (kjeldekunnskap)
- ha god kunnskap om kjeldekritisk analyse, kjeldemakt og -styring
- ha god forståing av reporterens ulike journalistiske metodar
- ha god kunnskap om offentleglova og reglar for innsyn
- ha god forståingfor det etiske regelverket
- ha god forståing for nyheits- og reportasjesjangere og ei journalistisk forteljing
- ha grunnleggjande kunnskap om den journalistiske arbeidsprosess frå utvikling av idé til undersøking, analyse og forteljing
- ha god forståing for journalistrolla og det journalistiske samfunnsoppdraget
Studenten skal
- kunne utvikle eigne idear og gjennomføre undersøkjande prosjekt
- kunne problematisere kjeldekritiske, etiske og analytiske utfordringar i reporterens arbeid
- kunne meistre metodane intervju, observasjon og å leite fram dei sentrale skriftelege kjeldene (inkludert nett, bilete osv)
- kunne jobbe i team med andre reporterar
Studenten skal
- vere i stand til å gjennomføre større sjølvstendige prosjekt
- vere i stand til samarbeide i team, og samstundes ta eige ansvar og jobbe sjølvstendig
- kunne finne og formidle nyheiter/forteljingar som i sitt innhald er vesentlege for samfunnet og enkeltmennesket
Emnet vil strekkje seg over eitt (1) semester og er samansett av førelesingar, seminar, journalistisk teamarbeid med lærar som rettleiar/arbeidsleiar og til slutt refleksjon over eige arbeid. I emnet vert journalistisk teori, analyse og praksis integrert.
Studenten skal jobbe i team (gruppe) og teamet skal saman levere
a) eit (felles) kvalifisert journalistisk produkt og
b) ein felles metoderapport.
Ramme for oppgåva vert kunngjort tidleg i semesteret. Oppgåva er obligatorisk.
Arbeidskravet skal vere levert til fristar som er fastsatt i undervisningsplanen.
Godkjend oppgåve er ein føresetnad for å gå opp til eksamen.
Sensur blir gjennomført i samsvar med Forskrift om studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11.
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Home exam | Individual | 6 Hours | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | 100 |