Semesters
JOU213 Journalistikk 3 - Juridiske og presseetiske publiseringsreglar
I dette emnet går ein djupare inn i reglane for kva journalistar kan publisere. Emnet tek føre seg dei viktigaste publiseringsreglane som gjeld for journalistar. Emnet vidareførar og utdjuper det studentane allereie har lært om presseetikk, og i tillegg får studentane ei innføring i det pressejuridiske regelverket.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten:
har grunnleggande kunnskap om forskjellen mellom pressejuss og presseetikk
har grunnleggande forståing for kva rettsleg argumentasjon og rettskjelder er
har brei kunnskap om innhaldet i Ver Varsam-plakaten og presseetikken
har grunnleggande kunnskap om den rettslege avveginga mellom ytringsfridom og andre omsyn
har grunnleggande kunnskap om dei viktigaste rettsreglane for journalistisk publisering
Studenten:
kan identifisere og formulere rettslige og presseetiske problemstillingar som oppstår ved journalistisk publisering
kan finne fram til dei presseetiske kjeldene og dei mest sentrale rettskjeldene
kan vurdere rettslige og presseetiske problemstillinger basert på rettskjelder og presseetiske kjelder
kan foreta avveging mellom ytringsfridomen og personvernet
kan vurdere bruk av opphavsrettsleg verna materiale
Studenten
kan foreta sjølvstendige vurderingar i saker der ytringsfridomen må vegast mot andre omsyn
kan reflektere godt rundt dei juridiske og presseetiske publiseringsreglane
Forelesningar, videoforelesningar og ulike studentaktive læringsformer som til dømes gruppearbeid, gruppediskusjon og plenumsdiskusjon.
Frammøtekrav:
Det er obligatorisk frammøte til all undervisning i emnet med minimum 80 prosent deltaking.
Arbeidskrav:
- evaluering av emnet
Emnet har også andre arbeidskrav som er obligatoriske og må vere godkjente for å kunne gå opp til eksamen.
Følgjande informasjon blir tilgjengeleggjort skriftleg i Høgskulens læringsplattform Canvas ved oppstart av emnet:
- type arbeidskrav
- tal arbeidskrav
- organisering
- omfang
- frist
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 9-4.
- Journalism - bachelor
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Written Exam | Individual | 6 Hours | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | 100 | Ver Varsam-plakaten og relevante lovtekstar |