Semesters

KOH116 Leire - design og handverk

Course code: 
KOH116
Duration: 
1 semester
Credits (ECTS): 
15
Level of study: 
Foundation level (bachelor’s degree level)
Teaching semester: 
2022 Autumn
Assessment semester: 
2022 Autumn
Language of instruction: 
Norwegian
Required prerequisite knowledge

Ingen. 

Course content

Emnet er eit obligatorisk emne i studieprogrammet Bachelor i design, kunst og handverk. Emnet er også ope for vidareutdanningsstudentar. Gjennom kreative prosessar, problemløysning og produktutvikling vert det utvikla formkompetanse, materialforståing og designkompetanse innanfor materialet leire. 

Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne: 

Learning outcome knowledge

Studenten:

  • har kunnskap om fagområdet leire som materiale, i designprosess og skulefag
  • har kunnskap om kunst og kulturstoff  knytt til gjenstandskulturen
  • har kunnskap om kreativitet og estetiske prosessar
  • har kunnskap om form- og funksjonsanalyse.
Learning outcome skills

Studenten:

  • kan bruke ulike konstruksjons- og overflateteknikkar i materialet
  • kan bruke form- og funksjonsanalyse som verkty i vurdering av eigne og andre sine arbeid
  • kan jobbe  med ideutvikling og skissearbeid som del av ein kreativ prosess
  • kan planlegge og gjennomføre produksjonsprosessar frå ide til ferdig form
  • kan planlegge, organisere og vedlikehalde gode verkstader.
Learning outcome qualification

Studenten:

  • kan utnytte faget sitt potensiale til å fremje gjenbruk og berekraftig utvikling
  • kan reflektere over relevante HMS-tiltak knytt til fagområdet
  • kan bruke verdiar i faget til å stimulere til eiga personlegdomsutvikling og danning.
Working and learning activities

Arbeids- og undervisningsformene i studiet er ein kombinasjon av førelesing, bruk av digitale formidlings- og læringsressursar og praktisk og teoretisk oppgåveløysing i verkstaden.

Undervisninga vert organisert både individuelt og i grupper, og arbeidet kan vere både lærar- og studentstyrt.      

Studenten får prosessevaluering i arbeidsøktene og i framleggingssituasjonar. 

Assessment requirements

Det er obligatorisk frammøte og deltaking i alle organiserte læringsaktivitetar og undervisning, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen, om obligatorisk frammøte og deltaking §4-6 ( https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2014-12-04-1697).

Med deltaking meiner ein at studentane skal arbeide med  aktiv oppgåveløysning slik at lærar og medstudentar kan få innsyn i læringsprosessane. Studentar som er borte frå undervisninga, har sjølve ansvar for å setje seg inn i gjennomgått fagstoff i deira fråver.

Arbeidskrav: Eit praktisk arbeid med prosessdokumentasjon, lagt fram til fastsett frist.

Minimum number of students: 
12
Maximum number of students: 
30
Person in charge: 
Sissel Midtlid
Expenses

Studenten betalar ei materialavgift på kr 600,- til innføringsblokkene. Studenten betalar sjølv materiale til eksamensoppgåva.

Used in other programs
  • Design, Arts and Crafts - bachelor
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Praktisk eksamen
Individual
Semester
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
Ei praktisk oppgåve, arbeidsbok og rapport
Approval signature: 
Unni Hagen