Semesters
KOH138 Fagdidaktikk, kunst- og formkultur
Ingen
Fagdidaktikk, kunst- og formkultur er eit emne i studieprogrammet Bachelor i Kunst og handverk. Fagdidaktikken handlar om å gje studenten kunnskapar om faget Kunst og handverk sin plass i skule og samfunn. Gjennom teoretiske førelesingar og praktiske døme skal studenten tileigne seg kunnskap om kunst og formkultur. Emnet vil ta for seg sentrale kunsthistoriske tidsepokar, og gje studentane erfaring med korleis ein kan hente inspirasjon til eige skapande arbeid.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten:
- har kunnskap om kunst- og handverksfaget si historiske utvikling
- har kunnskap om sentrale trekk ved kunst og formkulturen
- har kunnskap om barn si læring og utviking i arbeid med to- og tredimensjonal form
- har kunnskap om visuell analyse
- har kunnskap om kreativitet og estetiske læringsprosessar
- har kunnskap om kunstformidlingsprosessar knytt til eige og andre sitt arbeid
Studenten:
- kan reflektere rundt kunst- og handverksfaget si historiske utvikling, og verdi for framtida
- kan presentere, formidle og reflektere rundt sentrale trekk ved kunst og formkulturen
- har grunnleggande ferdigheiter i fortolking av to- og tredimensjonale formuttrykk ved bruk av ulike analysemetodar
- kan bruke teori kring estetiske læringsprosessar og kreativitet i drøfting av eige og andre sitt skapande arbeid
Studenten:
- har evne til å vere aktiv aktør og kritisk deltakar i skule og samfunn
- har evne til å grunngje eige og andre sitt praktiske arbeid ut frå ein fagleg ståstad
- har innsikt i og forståing for kunst og formkultur og faget sin tverrfaglige relevans
Undervisningsformene vekslar mellom plenumsførelesing, seminar med studentaktivitet, arbeid i grupper og individuelt arbeid. Studentar får prosessevalueringar i arbeidsøktene og i framleggingssituasjonar. Studentar som er borte frå undervisninga har sjølve ansvar for å orientere seg om det som gjekk føre seg i deira fråvær.
Det er obligatorisk oppmøte og deltaking til alle organiserte læringsaktivitetar, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 4-6.
Arbeidskrav:
Individuell skriftleg oppgåve på omlag 1800 ord.
Sensur blir gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11.
Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.
- Design, Arts and Crafts
- Design, Arts and Crafts - bachelor
- Design, Arts and Crafts - year course
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Home exam | Individual | 3 Days | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | Leverast i Fronter. | Oppgåva skal vere på omlag 2000 ord. |