Semesters

KUM309 Mikrohistorie

Course code: 
KUM309
Duration: 
1 semester
Credits (ECTS): 
15
Level of study: 
Master
Course name in Norwegian Nynorsk: 
Mikrohistorie
Teaching semester: 
2019 Autumn
Course name in Norwegian Bokmål: 
Mikrohistorie
Assessment semester: 
2019 Autumn
Language of instruction: 
Norwegian
Required prerequisite knowledge

Ingen. 

Course content

Emnet utforskar mulegheiter og avgrensingar som ligg i det internasjonale fagfeltet mikrohistorie, med vekt på korleis det kan brukast i analysar av kulturmøte. Emnet er todelt, der ein pensumdel tek for seg metodar og teoriar innan feltet og ein oppgåvedel gjev høve til å prøve desse i praksis.

Pensumdelen av emnet er òg todelt, der den første delen er ein historiografisk gjennomgang. Den andre delen inneheld ein del meir eller mindre anerkjente mikrohistoriske framstillingar som studentane skal drøfte opp mot varierande definisjonar av feltet.

Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket skal studenten ha følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Learning outcome knowledge

Studenten skal ha:

  • inngåande kunnskap om teoriar og metodar innan mikrohistoriefeltet, og skal kunne bruke kunnskapen på nye område innafor feltet
  • avansert kunnskap om korleis særskilte tema kan behandlast mikrohistorisk
  • spesialisert innsikt i utvalde døme på mikrohistoriske tilnærmingar, med vekt på kulturmøte
Learning outcome skills

Studenten skal kunne:

  • vurdere kritisk eksisterande teoriar og empiriske mikrohistoriske framstillingar
  • analysere mikrohistoriske problemstillingar og nytte relevante teoriar, metodar og kjelder til sjølvstendig fagleg arbeid innan feltet
Learning outcome qualification

Studenten skal kunne:

  • analysere og ta konsekvensane av forskingsetiske problemstillingar knytt til mikrohistoriefeltet
  • utvikle eigne mikrohistoriske problemstillingar og vurdere andre sine på ein reflektert måte
  • kommunisere om eige og andre sitt arbeid på fagområdet i undervisning og formidling
Working and learning activities

På emnet vil ein nytte varierte undervisnings- og arbeidsformer – seminar og førelesning, delvis med nettstøtte, i tillegg til prosessorientert skriving.

Assessment requirements

Frammøtekrav:

Delta på ein obligatorisk seminardag og leggje fram eit emne frå pensumlitteraturen.

Arbeidskrav:

  • Skrive ei oppgåve med sjølvvald tema og problemstilling i samsvar med nærare oppsette formkrav og framdriftsplan. Oppgåva skal ha eit omfang av ca. 3000-5500 ord med 1,5 i lineavstand og 12 pkt. skrift.
  • Skrive kortare kommentarar (responsar) til sjølvalde oppgåver frå eit antal medstudentar. Ein kommentar skal ha eit omfang av 400–600 ord med 1,5 i lineavstand og 12 pkt. skrift.
  • Evaluere eit utval tekster innan mikrohistoriefeltet og presentere desse i digital form.

Nærare instruks for arbeidskrava blir presenterte i eige skriv frå instituttet ved semesterstart. Arbeidskrava blir vurderte til godkjent/ikkje godkjent. Ein student som får ikkje godkjent på eitt eller fleire av arbeidskrava, får høve til å forbetre elementet til godkjent nivå same semester.

Den sjølvvalde oppgåva (sjå det første punktet over) skal bearbeidast til eksamensoppgåve etter kommentarar frå medstudentar og faglærar. Den skal leverast som eksamensoppgåve, i same semester som arbeidet er utført. Sjå under «Vurderingsform». Eksamensoppgåva skal ha eit omfang av ca. 3000-5500 ord.

Evaluation system
Minimum number of students: 
5
Maximum number of students: 
30
Person in charge: 
Harald Johannes Krøvel
Used in other programs
  • Cultural Encounters - master
  • Cultural Encounters - master
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Oppgave
Individual
1 Semester
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
60
Alle
Ca. 3000-5500 ord med 1,5 i lineavstand og 12 pkt. skrift
Home exam
Individual
10 Days
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
40
Alle
Approval signature: 
Odd Ragnar Hunnes 27.02.19