Semesters
LEIBHG1-KFB Endringsleiing og utviklingsarbeid
Ingen.
Emnet Endringsleiing og utviklingsarbeid skal legge grunnlag for at studentane utviklar kompetanse for leiing av utviklingsarbeid i barnehagen. I tråd med føringar i rammeplan for barnehagen skal studenten planlegge eit utviklingsarbeid tilpassa barnegruppa sine erfaringar, interesser, synspunkt og initiativ. Eit mangfaldsperspektiv skal styre studenten sine val, planar og leiing av utviklingsarbeidet. Utviklingsarbeidet skal gjennomførast i emne 2, Barnehagelæraren som leiar av utviklingsarbeid.
Emnet er profesjonsretta og gir studenten teoretisk og empirisk grunnlag som støtte for arbeidet med kvalitetsutvikling i barnehagen. Profesjonsforsking dannar grunnlag for refleksjon og utfordring av eigen profesjonsutøving og av kollektiv praksis. For å utvikle barnehagekvalitet, legg emnet vekt på kritisk analyse og diskusjon av vurderingsmåtar, dokumentasjonar og implementering av intensjonane i politiske styringsdokument. I emnet studerer studenten kva som kjenneteiknar ein lærande organisasjon og korleis den kan utviklast gjennom samskapt læring. I eit utviklingsperspektiv er målsetjinga å utvikle innsikt og fagleg skjønn som grunnlag for å leie, vurdere og dokumentere arbeidet med kompetansebygging for personalgruppa. Emnet nyttar varierte arbeidsformer og bygger vidare på barnehagelærarane sin kompetanse.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten har
- avansert kunnskap om sentrale teoriar og forsking knytt til profesjonar, profesjonsutøving og profesjonsutvikling
- inngåande kunnskap om barnehagen som pedagogisk institusjon i historisk og samtidig perspektiv, samt i nasjonale og internasjonale perspektiv
- kunnskap om, og kompetanse i, korleis planlegge og leie utviklingsarbeid som inkluderer heile personalet
- kunnskap om korleis mangfaldet i foreldre- og barnegruppa og behovet for medverknad kan takast omsyn til
Studenten
- kan analysere utdanningspolitiske dokument og trekke linjer til konsekvensar for rolla som barnehagelærar og barnehagen som samfunnsinstitusjon
- kan bruke relevante metodar for fagleg utvikling som grunnlag for å drøfte leiing og profesjonsutøving i lys av faglege, etiske og politiske tilnærmingar
- kan leie personalet i planlegging av kompetansebygging
- har eit analytisk og kritisk blikk på eiga rolle som profesjonsutøvar og som leiar av utviklingsarbeid
Studenten kan
- analysere og reflektere over barnehagen si rolle i samfunnet i lys av relevante faglege og forskingsetiske problemstillingar
- gjennom å utvikle ei grunnleggande forståing for barnehagen sitt mandat og konsekvensar for eiga rolle som profesjonsutøvar, anvende kunnskap og ferdigheiter på nye måtar som grunnlag for kvalitetsutvikling
- nytte profesjonsspråket i drøftingar av faglege problemstillingar, analysar og konklusjonar innanfor fagområdet
- bidra til nytenking og fornying i arbeid med kvalitetsutvikling
1. samling: To-dagars samling på Høgskulen i Volda. Personleg frammøte
Mellomarbeid som støttar arbeidet med arbeidskrav 2 og 3
2. samling: Digital samling over to dagar
Mellomarbeid som støttar arbeidet med arbeidskrav 4
3. samling: To-dagars samling på Høgskulen i Volda. Personleg frammøte
Arbeidskrav:
- 80 % frammøte
- Gjennomføre eit kort feltarbeid med jobbskygging i barnehage etter problemstilling knytt til aktuell forsking frå pensum. Feltarbeidet vert presentert for medstudentar og faglærar.
- Arbeide fram ein akademisk poster som byggjer på feltarbeidet. Kvar student presenterer sin poster.
- Planlegge eit pedagogisk utviklingsarbeid i eigen barnehage basert på problemområda som akademisk poster aktualiserer. (Gjennomføringsfase i emne II)
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 9-4.
- Management of development work in early childhood education - Competence for the future
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Oppgave | Individual | 1 Semester | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | I eksamen skal studenten bygge ut grunnlaget frå posteren til ei akademisk tekst | 3000 ord |