Semesters
MAT160 Innføring i matematikkdidaktisk forsking
Ingen
Emnet er ei innføring i matematikkdidaktisk forsking, og inkluderer korleis ein kan nytte forsking for å grunngje matematikkdidaktiske val i matematikkundervisinga. Dette emnet er vinkla mot studentar som ønskjer å spesialisere seg vidare i matematikkdidaktisk forsking, til dømes ved å ta ei mastergrad.
I emnet får studentane vidareutvikle sitt matematikkdidaktiske og faglege grunnlag for å kunne planlegge, organisere, tilpasse, gjennomføre og evaluere ulike læreprosessar i matematikk for elevar i grunnskulen.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten har
- kunnskap om matematikkdidaktisk forsking med relevans for utvikling av undervisningskunnskap i matematikk og elevar si matematikklæring i grunnskulen
- inngåande undervisningskunnskap knytt til progresjonen i matematikkopplæringa gjennom grunnskulen.
Studenten skal kunne
- formidle spesialkunnskap i eit utvalt matematikkdidaktisk emne
- vurdere elevane si læring i faget opp mot matematikkdidaktisk teori
- bruke ulike arbeidsformer i faget forankra i teori og eigne erfaringar.
Studenten skal kunne
- initiere og leie lokalt utviklingsarbeid knytt til matematikkundervisning
- bruke matematikkdidaktiske kunnskapar på ein sjølvstendig måte.
Studiet er organisert som eit reint nettstudium med både synkron og asynkron nettundervisning. På den synkrone undervisninga er det obligatorisk frammøte. Kommunikasjonen mellom studentar og høgskulen vil for det meste skje gjennom e-læringsverktøy.
Frammøtekrav:
Det er krav om 80% frammøte til den synkrone undervisninga; jf. § 6-6 i Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda.
Arbeidskrav:
For å kunne gå opp til eksamen i emnet må studenten ha levert og fått godkjent alle arbeidskrav innan fastsette fristar. Arbeidskrava blir spesifisert i semesterplanen.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 9-4.
- Continued education in mathematics for teachers
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Oral examination | Individual | 30 Minutes | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | 100 | Digital eksamen på nett |