Semesters
MGL1-7NA1A Naturfag 1A: Fysikk, kjemi og fagdidaktikk
Ingen
Undervisninga i MGL1-7NA1A, saman med MGL1-7NA1B, skal gje studentane fagleg og fagdidaktisk grunnlag for å undervise naturfag på barnesteget i grunnskulen tilsvarande naturfag 1 i nasjonale retningslinjer for fem-årig grunnskulelærarutdanning steg 1-7. Emnet tek for seg tema i fysikk, kjemi og naturfagdidaktikk. På grunnlag av etablert og ny kunnskap/forsking frå naturvitskap og fagdidaktikk, og i samspel med skulepraksis, vil ein utdanne reflekterte lærarar med evne til å gje undervisning i teoretiske, praktiske og haldningsskapande sider av faget både i byrjaropplæringa og i overgangen til ungdomssteget.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten
- skal ha faglege og fagdidaktiske kunnskapar i nokre grunnleggande naturvitskaplege tema frå fysikk og kjemi
- skal ha kunnskap om undervisning og læring knytt til elevane si forståing av naturfaglege omgrep, arbeids- og tankemåtar, inkludert byrjaropplæringa og overgangen frå barnehage til skule
- skal ha kunnskap om gjeldande læreplan i naturfag og tilhøvet mellom læreplan, læremateriell og eiga undervisning
- skal ha kjennskap til fagdidaktisk forsking om undervisning og læring, tilpassa opplæring og vurdering i naturfag
- skal ha kunnskap om sentrale særmerke ved energiformer som bevaring, overføring og kvalitet i alle områder av naturfaget
- skal ha kunnskap om rørsle og likevekt, slik som krefter og samhandling mellom lekam eller partiklar
- skal ha kunnskap om bølgjer, lyd og lys og korleis desse påverkar liv og livsprosessar
- skal ha kunnskap om bygnaden og eigenskapar til vanlege stoff og enkle kjemiske reaksjonar relatert til fenomen i kvardagen og i naturen
- skal ha kunnskap om arbeids- og tankemåtar innan naturvitskap og teknologi
- skal ha kunnskap om, og erfaring med, tryggleik og tryggleiksrutinar ved arbeid i laboratorium og ved praktisk naturfagundervisning generelt
Studenten
- skal ha praktiske ferdigheiter i nokre grunnleggande naturvitskaplege tema frå fysikk og kjemi, slik som å utføre målingar, gjere utrekningar, nytte relevant utstyr og gjennomføre aktivitetar med naudsynte tryggleikstiltak
- skal kunna planlegge og utføre allsidig undervisning i skulefaget naturfag innanfor ulike rammer og samanhengar
- skal ha ferdigheiter i å undervise og vurdere elevar si læring tilpassa den einskilde elev sine evner og føresetnader
- skal utvikla evne til å nytte naturfaglege tema som ein viktig del av fleir- og tverrfagleg undervisning
- skal kunna planlegge, utføre og reflektere over eiga undervisning på barnetrinnet på grunnlag av fagdidaktisk forsking, teori og praksis
- skal kunna planlegge og utføre naturfagundervisning der grunnleggjande ferdigheiter og digital kompetanse er ein tydeleg og integrert del av faget
- kan gjennomføre undervisning der teknologi blir knytt til relevante tema i naturfag
Studenten
- skal kunne nytte kunnskapar og ferdigheiter på ein sjølvstendig måte i utdannings- og yrkessamanheng gjennom å syne samarbeidsevne, ansvarskjensle, og evne til refleksjon og kritisk tenking
- skal kunne knyte rolla som naturfaglærar til etiske, sosiale, økonomiske og politiske problemstillingar som vedkjem naturvitskap og teknologi i samfunnet
Emnet er organisert med teoretisk og praktisk undervisning. I tillegg kjem skriftlege arbeidskrav som skal leverast digitalt. Arbeidskrava vil verte gjevne i form av individuelle innleveringar eller gruppearbeid. Den praktiske undervisninga består av to økter ved HVO pr. semester, kvar på 3 dagar. Nærare informasjon om dette vert gjeve i semesterplanen.
Det er obligatorisk frammøte til all undervisning, sjå «Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda» (https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2014-12-04-1697#KAPITTEL_4, §4-1-7).
Kvar student skal gjennomføre følgjande arbeidskrav:
- levere fagrapport frå to laboratorieøvingar
- levere samlerapportar frå alt anna laboratoriearbeid
- ei naturfagdidaktisk refleksjonsoppgåve
Minst ein av fagrapportane skal vere knytt til eigen skulepraksis, og alle rapportar skal knytast til aktuelle kompetansemål i gjeldande læreplanverk. Arbeidskrava må vere godkjende for å oppnå eksamensrett i emnet. Detaljar knytt til arbeidskrava vert kunngjorde i semesterplanen.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11.
Ingen
Ingen
- Primary and Lower Secondary Teacher Education for Years 1-7 - master (5 years)
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Home exam | Individual | 6 Hours | Pass / fail | Alle hjelpemiddel tillatt | Eksamen er delt i to hovuddelar (fysikk, kjemi) samt ein mindre del (naturfagdidaktikk). Begge hovuddelane må vurderast til stått (dårlegast karakteren E) for at svaret samla skal kunne vurderast til stått. |