Semesters
MGL1-7NA1B Naturfag 1B: Biologi, geofag og fagdidaktikk
Byggjer på kunnskapar tilsvarande MGL1-7NA1A, som kan takast parallelt.
Undervisninga i MGL1-7NA1B, saman med MGL1-7NA1A, skal gje studentane fagleg og fagdidaktisk grunnlag for å undervise naturfag på barnesteget i grunnskulen tilsvarande naturfag 1 i nasjonale retningslinjer for femårig grunnskulelærarutdanning steg 1-7. Emnet tek for seg tema i naturfagdidaktikk. På grunnlag av etablert og ny kunnskap/forsking frå naturvitskap og fagdidaktikk, og i samspel med skulepraksis, vil ein utdanne reflekterte lærarar med evne til å gje undervisningi teoretiske, praktiske og haldningsskapande sider av faget både i byrjaropplæringa og i overgangen til ungdomssteget.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten
- skal ha faglege og fagdidaktiske kunnskapar i nokre grunnleggande naturvitskaplege tema frå biologi og geofag
- skal ha kunnskap om undervisning og læring knytt til elevane si forståing av naturfaglege omgrep, arbeids- og tankemåtar, inkludert byrjaropplæringa og overgangen frå barnehage til skule
- skal ha kunnskap om gjeldande læreplan i naturfag og tilhøvet mellom læreplan, læremateriell og eigen undervisning
- skal ha kjennskap til fagdidaktisk forsking om undervisning og læring, tilpassa opplæring og vurdering i naturfag
- skal ha kunnskap om bygnad og funksjon til celler og nokre sentrale organ/organsystem i menneskekroppen og korleis dei blir påverka av livsstil og helse
- skal ha kunnskap om artar og grupper av organismar som er vanlege i norsk natur og korleis dei har utvikla seg gjennom tilpassing til miljøet
- skal ha kunnskap om viktige prosessar og miljøutfordringar i økosystem og om naturtypar som er aktuell i feltarbeid på barnetrinnet
- skal ha kunnskap om jorda sin plass i universet, dei einskilde delane av solsystemet og korleis desse flyttar seg i forhold til kvarandre
- skal ha kunnskap om ytre og indre geologiske prosessar på jorda og bergartane sitt krinslaup, inkludert kjennskap til utvalde norske mineralar og bergartar
- skal ha kunnskap om arbeids- og tankemåtar innan naturvitskap
- skal ha kunnskap om, og erfaring med, tryggleik og tryggleiksrutinar ved arbeid i laboratorium og i felt
Studenten
- skal ha praktiske ferdigheter i nokre grunnleggande naturvitskaplege tema frå biologi og geofag, slik som å nytte relevant utstyr, undervise i felt og gjennomføre aktivitetar med naudsynte tryggleikstiltak
- skal kunna planlegge og utføre allsidig undervisning i skulefaget naturfag innanfor ulike rammer og samanhengar
- skal ha ferdigheiter i å undervise og vurdere elevar si læring tilpassa den einskilde elev sine evner og føresetnader
- skal utvikle evne til å nytte naturfaglege tema som ein viktig del av fleir- og tverrfagleg undervisning
- skal kunna planlegge, utføre og reflektere over eiga undervisning på barnetrinnet på grunnlag av fagdidaktisk forsking, teori og praksis
- skal kunna planlegge og utføre naturfagundervisning der grunnleggjande ferdigheiter og digital kompetanse er ein tydeleg og integrert del av faget
- kan gjennomføre undervisning der teknologi blir knytt til relevante tema i naturfag
Studenten
- skal kunne nytte kunnskapar og ferdigheiter på sjølvstendig måte i utdannings- og yrkessamanheng gjennom å vise samarbeidsevne, ansvarskjensle, og evne til refleksjon og kritisk tenking
- skal kunne knyte rolla som naturfaglærar til etiske, sosiale, økonomiske og politiske problemstillingar som vedkjem naturvitskap og teknologi i samfunnet
Emnet er organisert med teoretisk og praktisk undervisning. I tillegg kjem skriftlege arbeidskrav som skal leverast digitalt. Arbeidskrava vil verte gjevne i form av individuelle innleveringar eller gruppearbeid. Den praktiske undervisninga består av to økter ved HVO pr. semester, kvar på 3 dagar. Nærare informasjon om dette vert gjeve i semesterplanen.
Det er obligatorisk frammøte til all undervisning, sjå «Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda» (https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2014-12-04-1697#KAPITTEL_4, §4-1-7).
Kvar student skal gjennomføre følgjande arbeidskrav:
- levere fagrapport frå to laboratorieøvingar/feltarbeidsøkter
- levere samlerapportar frå alt anna laboratorie- og feltarbeid
- bestå ei artsprøve basert på ei liste på 150 pensumartar
- ei naturfagdidaktisk refleksjonsoppgåve
Minst ein av fagrapportane skal vere knytt til eigen skulepraksis, og alle rapportar skal knytast til aktuelle kompetansemål i gjeldande læreplanverk. Arbeidskrava må vere godkjende for oppnå eksamensrett i emnet. Detaljer knytt til arbeidskrava vert kunngjorde i semesterplanen.
Sensur vert gjennomførd i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11.
Ingen
Ingen
- Primary and Lower Secondary Teacher Education for Years 1-7 - master (5 years)
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Home exam | Individual | 6 Hours | Pass / fail | Alle hjelpemiddel tillatt |