Semesters
MGL1-7NA1B Naturfag 1B: Biologi, geofag og fagdidaktikk
Ingen
Undervisninga i MGL1-7NA1B, saman med MGL1-7NA1A, skal gje studentane fagleg og fagdidaktisk grunnlag for naturfagundervisning i grunnskulen på 1.-7. steg (jf. Nasjonale retningslinjer for grunnskolelærerutdanningen 1.- 7. trinn).
Emnet tek for seg tema i biologi, geofag og fagdidaktikk. Anatomi, fysiologi, økologi, berekraft og landformande prosessar er sentrale faglege tema. I fagdidaktikk blir det lagt vekt på å utvikle kompetanse og vurderingsevne i å legge til rette for omgrepsutvikling og grunnleggande ferdigheiter i naturfag. Det å kunne legge til rette for oppdagarglede, undring og naturglede, samt utvikle elevane sitt naturfagspråk er ein viktig del av denne kompetansen.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten skal ha
kunnskap om undervisning og læring knytt til elevane si forståing av omgrep, arbeids- og tankemåtar som blir nytta i naturfag
kunnskap om gjeldande læreplan i naturfag og tilhøvet mellom læreplan, lærebøker, digitale verktøy og eiga undervisning
kunnskap om anatomi og fysiologi hjå plantar og dyr
kunnskap om bygnad og funksjon til nokre sentrale organsystem hjå mennesket og korleis dei blir påverka av livsstil og helse
kunnskap om økologi, berekraft og miljø- og klimautfordringar, samt korleis undervise desse tema gjennom tverrfagleg undervisning og ved bruk av læringsaktivitetar inne og ute
kunnskap om ulike naturtypar og biologisk mangfald, samt kunne namnsette og ha kunnskap om artar tilpassa norsk natur
kunnskap om ytre og indre geologiske prosessar på jorda og korleis desse har vore med på å forme landskapet
Studenten skal kunne
planlegge, gjennomføre og reflektere over eiga undervisning i naturfag på 1.-7. steg forankra i forsking, teori og praksis og med spesielt fokus på grunnleggande ferdigheiter og nødvendige basisferdigheiter som trengs for å jobbe utforskande
gjennomføra praktisk undervisning i biologi og geofag inne og ute med bruk av relevant utstyr, vurdere nødvendige tryggleikstiltak og gjere målingar og utrekningar med og utan digitale verktøy
gjennomføre undervisning der teknologi og bruken av digitale verktøy vert knytt til relevante tema i naturfag
Studenten
har innsikt i naturvitskaplege metodar og tenkemåtar og naturfag si rolle som allmenndannande fag
kan analysere og bruke gjeldande læreplan i naturfag som utgangspunkt for naturfagundervisning
kan legge til rette for overgangen frå barnehage til grunnskulen og frå barnetrinn til ungdomstrinn
kan drøfte og vurdere eigen rolle, praksis og utviklingsmoglegheiter som naturfaglærar
forstår korleis digital teknologi, digitale læremiddel og læringsressursar kan bidra til å motivere og støtte elevane sin læringsprosess
Undervisninga i emnet er organisert i form av førelesingar, digitale økter, oppgåveløysing og praktisk arbeid i laboratorium og i felt. Nærmare informasjon om organisering av emnet vert gjeve i semesterplanen.
Det er obligatorisk frammøte til all undervisning, sjå «Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda» (https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2014-12-04-1697#KAPITTEL_4, §4-1-7).
Kvar student skal ha fått godkjent følgjande arbeidskrav:
- Bestå to digitale artsprøvar basert på ei liste på 150 pensumartar
- Levere ein fagartikkel inkludert medstudentvurdering
- Levere samlerapport frå laboratoriearbeid
- Utvikle eit undervisningsopplegg med individuell didaktisk grunngjeving
- Munnleg rapportering frå feltarbeid
Detaljar knytt til arbeidskrava vert kunngjorde på Canvas.
Arbeidskrava og oppmøtekravet må vere godkjend for å oppnå eksamensrett i emnet.
Sensur vert gjennomførd i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11.
- Primary and Lower Secondary Teacher Education for Years 1-7 - master (5 years)
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Portfolio | Individual | Semester | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | 40 | 1. Fagartikkel 2. Utvikling av eit undervisnings-opplegg med individuell didaktisk grunngjeving | ||
Oral examination | Individual | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | 60 | Ingen |