Semesters
MGL1-7NO1B Norsk 1B: Grunnleggande lese- og skriveopplæring
Ingen.
I norsk 1B står begynnaropplæring i lesing og skriving i småskulen sentralt, men også vidareutvikling av lese- og skriveferdigheitene til elevar til og med sjuande klasse. Studentane skal lære å arbeide med dei grunnleggande ferdigheitene lesing, skriving, munnleg bruk av språket, rekning og bruk av digitale verktøy i norskfaget, og på tvers av faga. Dei skal utvikle ei god forståing av samanhengen mellom fag, fagdidaktikk og praksis. I tillegg blir det lagt særleg vekt på arbeid med å førebygge lese- og skrivevanskar, og korleis den profesjonelle norsklæraren kan planlegge og gjennomføre relevante tiltak tilpassa den einskilde eleven. I denne samanhengen blir det også framheva korleis ulike kartleggingsverktøy kan brukast konstruktivt i undervisninga, både for å identifisere utfordringar tidleg og for å sette i verk tilpassa undervisning.
Hovudtemaet for praksis andre studieår er elevrolla, elevmangfaldet, og eleven sitt møte med skule og fag, med særleg fokus på begynnaropplæring.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket skal studenten ha følgande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten
• kan analysere og produsere skriftlege og multimodale tekstar på nynorsk og bokmål i ulike sjangrar og medium
• har kunnskap om eit utval skjønnlitterære tekstar i ulike sjangrar og medium, med vekt på litteratur for barn.
• har brei kunnskap om metodar i den første lese- og skriveopplæringa
• har kunnskap om lese- og skrivevanskar, samt relevante tiltak
• har kunnskap om digitale læremiddel og andre i begynnaropplæringa, samt kartleggingsprøver og nasjonale prøver
• kjenner til intervju som relevant forskingsmetode i norskfaget
Studenten
• kan planlegge, gjennomføre og evaluere elev- og klassesamtaler
• kan bruke ulike metodar i den første lese- og skriveopplæringa
• kan kjenne att teikn på lese-, skrive- og språkvanskar
• kan kartlegge og vurdere lese- og skriveferdigheiter
• kan vurdere ulike norskfaglege læremiddel, digitale og andre
• meistrar skriftleg nynorsk og bokmål og kan undervise elevar i begge målformer.
• har kunnskap om kva som kjenneteiknar multimodale tekstar
• kan nytte intervju som forskingsmetode
Studenten
• kan legge til rette for at elevane på barneskulen blir tekstkyndige, trygge språkbrukarar som kan delta aktivt i klasserommet og på andre sosiale arenaer
• kan vurdere eigen praksis med gjeldande læreplanar, fagkunnskap og fagdidaktisk innsikt som grunnlag
Undervisingsformene vekslar mellom plenumsforelesing, seminar med studentaktivitet, arbeid i basisgrupper og individuelt arbeid. Det er ein føresetnad at studentane tileignar seg lærestoff gjennom sjølvstudium utanom den organiserte undervisningstida. Studentane skal gjennom heile studiet bruke språket aktivt i skriftleg og munnleg kommunikasjon med medstudentar og faglærarar – mellom anna i form av faglege framlegg og med støtte i digitale verktøy. Ved sidan av dei obligatoriske arbeidskrava som er presiserte nedanfor, vil studentane bli møtte med forventningar om aktiv deltaking gjennom heile studieprosessen.
- To skriftlege arbeidskrav på 1500 ord (+/- 10 %) med erfaringar og refleksjonar frå praksis knytt til læreplan og relevant teori. Den eine teksten skal vere skriven på bokmål og den andre på nynorsk. Til kvart av dei skriftlege arbeidskrava skal det inngå ein læringsfremjande respons til ein medstudent.
- Gruppeoppgåve med digital forteljing og ein munnleg presentasjon. Studentane skal vise evne til refleksjon rundt arbeidsprosessen og produktet, samt didaktisk bruk av digital forteljing i klasserommet.
- Ei didaktisk refleksjonsoppgåve knytt til datamateriale innsamla i eigen praksis.
Det er obligatorisk frammøte til all undervisning, sjå Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 4-6 http://lovdata.no/forskrift/2014-12-04-1697. Studentane må vere budde på mindre oppgåver knytt til undervisninga i tillegg til arbeidskrava.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11.
- Primary and Lower Secondary Teacher Education for Years 1-7 - master (5 years)
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Portfolio | Individual | 1 Semester | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | Mappeeksamen: Studenten skal velje eitt av dei to skriftlege arbeidskrava og utvide dette til 2000 ord (+/- 10 %), i tillegg må mappa innehalde ein refleksjonstekst på 500 ord (+/- 10 %) der studenten grunngjev valet og drøftar innhaldet i lys av fagdidaktiske mål, i tillegg til medstudentresponsen. Målform: valfri målform på teksten, refleksjonsteksten skal vere på den andre målforma |