Semesters
MGL1-7NO1B Norsk 1B: Begynnaropplæringa i lesing og skriving
Ingen.
I norsk 1B står begynnaropplæring i lesing og skriving i småskulen sentralt. Studentane skal utvikle ei god forståing av samanhengen mellom fag, fagdidaktikk og praksis. I tillegg blir det lagt særleg vekt på arbeid med å førebygge lese- og skrivevanskar, og korleis den profesjonelle norsklæraren kan planlegge og gjennomføre relevante tiltak tilpassa den einskilde eleven. I denne samanhengen blir det også framheva korleis ulike kartleggingsverktøy kan brukast konstruktivt i undervisninga, både for å identifisere utfordringar tidleg og for å sette i verk tilpassa undervisning. Studentane skal lære å arbeide med dei grunnleggande ferdigheitene lesing, skriving, munnleg bruk av språket og bruk av digitale verktøy i norskfaget, og på tvers av faga.
Hovudtemaet for praksis andre studieår er elevrolla, tilpassa opplæring og eleven sitt møte med skule og fag, med særleg fokus på begynnaropplæringa i lesing og skriving.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket skal studenten ha følgande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten
- har brei kunnskap om arbeidsmåtar og metodar i den første lese- og skriveopplæringa
- har inngåande kunnskap om multimodalitetsteori
- har kunnskap om eit utval skjønnlitterære tekstar i ulike sjangrar og medium, med vekt på litteratur for barn
- har kunnskap om lese- og skrivevanskar, samt relevante tiltak
- har kunnskap om digitale og andre læremiddel i begynnaropplæringa
- har kunnskap om kartleggingsprøver og nasjonale prøver
- har kunnskap om akademisk skriving og kjenner til intervju som relevant forskingsmetode i norskfaget
- har kunnskap om begynnaropplæring i lesing og skriving for elevar med eit anna morsmål enn norsk
Studenten
- kan bruke ulike arbeidsmåtar og metodar i den første lese- og skriveopplæringa
- kan kjenne att teikn på lese-, skrive- og språkvanskar
- kan kartlegge og vurdere lese- og skriveferdigheiter
- kan vurdere ulike norskfaglege læremiddel, digitale og andre
- meistrar skriftleg nynorsk og bokmål og kan undervise elevar i begge målformer
- kan analysere og produsere skriftlege og multimodale tekstar på nynorsk og bokmål i ulike sjangrar og medium
- kan skrive ein akademisk tekst og nytte intervju som forskingsmetode
- kan vurdere og bruke ulike metodar og læringsressursar i den første lese- og skriveopplæringa og tilpasse opplæringa for elevar med ulik bakgrunn og varierande ferdigheiter i norsk
Studenten
- kan legge til rette for at elevane på barneskulen blir tekstkyndige, trygge språkbrukarar som kan delta aktivt i klasserommet og elles i samfunnet
- kan vurdere eigen praksis som norsklærar med utgangspunkt i gjeldande læreplanar, fagkunnskap og fagdidaktisk innsikt som grunnlag
Undervisingsformene vekslar mellom plenumsforelesing, seminar med studentaktivitet, arbeid i basisgrupper, digitale undervisingsformer og individuelt arbeid. Det er ein føresetnad at studentane tileignar seg lærestoff gjennom sjølvstudium utanom den organiserte undervisningstida. Studentane skal gjennom heile studiet bruke språket aktivt i skriftleg og munnleg kommunikasjon med medstudentar og faglærarar – mellom anna i form av faglege framlegg og med støtte i digitale verktøy. Ved sidan av dei obligatoriske arbeidskrava som er presiserte nedanfor, vil studentane bli møtte med forventningar om aktiv deltaking både skriftleg og munnleg gjennom heile studieprosessen.
Frammøtekrav:
Det er obligatorisk frammøte til all undervisning, sjå Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 4-6 http://lovdata.no/forskrift/2014-12-04-1697.
- To skriftlege arbeidskrav på 1500 (+/- 10%) ord med erfaringar og refleksjonar frå praksis knytt til læreplan og relevant teori. Den eine teksten skal vere skriven på bokmål og den andre på nynorsk. Til kvart av dei skriftlege arbeidskrava skal det inngå ein læringsfremjande respons til ein medstudent. Studenten skal også revidere teksten sin ut i frå rettleiing frå faglærar.
- Gruppeoppgåve med digital forteljing og ein munnleg presentasjon. Studentane skal vise evne til refleksjon rundt arbeidsprosessen og produktet, samt didaktisk bruk av digital forteljing i klasserommet
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11.
- Primary and Lower Secondary Teacher Education for Years 1-7 - master (5 years)
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Portfolio | Individual | 1 Semester | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | Begge målformer skal nyttast i fagtekstane for å sikre at studentane har kompetanse i både nynorsk og bokmål. Målforma på refleksjonsteksten er valfri. | Studenten skal levere ein revidert versjon av kvar av dei to skriftlege arbeidskrava som skal utvidast til 2000 ord (+/- 10%). I tillegg må mappa innehalde ein didaktisk refleksjonstekst på 1000 ord (+/- 10 %), der studenten drøftar sin eigen læringsprosess i lys av emneplan og fagdidaktisk teori. |