Semesters
MGL1-7NO3B Norskfaget, norsklæraren og klasserommet
Emnet tek for seg norskfagets historie med vekt på korleis faget sine målsetjingar, innhald og arbeidsmåtar har endra seg og den samfunnsmessige konteksten for desse endringane. Tilnærminga legg vekt på legitimeringsspørsmål knytt til norskfaget sitt spenn mellom kunnskap, ferdigheiter, kompetanse og danning. Emnet gir innsyn i norskfaget sett i eit samfunnsmessig integrasjonsperspektiv og belyser dette både med ei diakron og synkron tilnærming. Sentrale emne i studiet er faghistorisk forståing og fagleg debatt, læreplanar og andre normtekstar som styrings- og forskingsobjekt, analyse av læreverk i norskfaget, danning og litterær kanon og morsmålsfaget norsk i eit norsk/nordisk perspektiv. Det vert vidare lagt vekt på korleis nye emne, som t.d. multimodale og digitale tekstar, vert del av eit tradisjonsrikt fag i eit møte mellom tradisjon og innovasjon. Emnet vektlegg korleis cultural literacy har hatt eit nasjonsbyggande funksjon i norsk skule og korleis dette har blitt utfordra av andre typar literacy etter tusenårsskiftet, mellom anna som følgje av internasjonale og nasjonale/lokale testar.
Vurderingsordninga (fagartikkel) gir studentane øving i akademisk skriving på masternivå, og er såleis ei nyttig førebuing før den større masteroppgåva. Artikkelen vil til vanleg vere ei fortolkande dokumentanalyse av gjeldande normtekstar i dagens skule (lover, forskrifter, læreplanverk, styringsdokument frå Utdanningsdirektoratet, lokale læreplanar, nasjonale/lokale testar og kartleggingsprøver, læreverk/lesebøker/skuleutgåver av skjønnlitterære verk med meir). Litteraturlista består for ein stor del av fagfellevurderte og forskingsbaserte artiklar som kan fungere som modellar for studentane sitt eige arbeid med ein akademisk artikkel.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten
- har inngåande profesjonsretta kunnskap om hovudtrekka i faget si historiske utvikling med vekt på faget sine normtekstar og legitimeringsspørsmål
- har inngåande kunnskap om mål, innhald, arbeidsmåtar og vurdering i gjeldande læreplan i norsk og kritisk kunne vurdere ulike læremiddel i faget for 1-7. klasse
- kan ta eit særskilt ansvar for å leie inkluderande faglege læringsmiljø som fremjar nyskapande læringsprosessar på barne- og mellomsteget
- kan anvende forskingsbasert profesjonsretta kunnskap om faglege og fagdidaktiske utfordringar knytte til norskundervisning i dagens skule på ein konstruktiv og kritisk måte
- kan analysere faglege problemstillingar med utgangspunkt i norskfaget si historie, tradisjonar, eigenart og plass i samfunnet
- har inngåande kunnskap om og innsikt i språknormering og skulen si rolle som språkleg normberar
Studenten
- kan analysere og vurdere kritisk korleis dagens norskfag er eit resultat av ulike kunnskaps- og danningstradisjonar
- kan utvikle, planlegge og gjennomføre norskopplæring med utgangspunkt i gjeldande normtekstar og i eit mangfaldig klasserom på barne- og mellomsteget
- kan drøfte, grunngi, gjennomføre og vurdere norskfaglege og norskdidaktiske undervisningsopplegg på barne- og mellomsteget med utgangspunkt i relevante teoriar
- kan planlegge og gjennomføre norskfagleg og/eller norskdidaktisk klasseromsforsking og utviklingsarbeid, der ein skil mellom observasjon og tolking
- kan kritisk anvende og bruke forskingsbasert kunnskap om språknormering i opplæring, rettleiing og vurdering
- kan analysere faglege problemstillingar basert på kunnskap om lærarprofesjonen og på norskfaget sin eigenart, verdigrunnlag og historie og bruke denne i forskings- og utviklingsarbeid
Studenten
- skal ha inngåande kunnskap om korleis norskfaglege emne er legitimerte, og kva rolle norskfaget og norsklæraren har og har hatt i skulen
- har inngåande kunnskap om korleis norskfaglege normtekstar er styrande for klasseromsaktivitetar i skulen
Emnet vert organisert gjennom ei blanding av undervisning, seminar og andre studentaktive læringsmåtar. Det er obligatorisk frammøte til all undervisning.
Frammøtekrav:
Krav om 70 prosent frammøte/deltaking til obligatorisk undervisning, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda §4-6.
Arbeidskrav:
Presentasjon av førsteutkast til fagartikkel (sjå vurdering). Det blir gjort greie for detaljane i arbeidskravet i eit eige notat som blir utlevert ved studiestart.
- Primary and Lower Secondary Teacher Education for Years 1-7 - master (5 years)
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Oppgave | Individual | Semester | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | Fagartikkel på ca. 5.000 ord |