Semesters

MGL1-7NO3B Norskfaget, norsklæraren og klasserommet

Course code: 
MGL1-7NO3B
Duration: 
1 semester
Credits (ECTS): 
15
Level of study: 
Master
Teaching semester: 
2022 Spring
Assessment semester: 
2022 Spring
Language of instruction: 
Norwegian
Required prerequisite courses
MGL1-7NO2B Norwegian 2B: Language and text perpectives in Norway and Scandinavia
MGL1-7FOUNO R and D assignement in Norwegian
MGL1-7NO2A Norwegian 2A: Second-level reading and writing training
Course content

Emnet tek for seg norskfagets historie med vekt på korleis faget sine målsetjingar, innhald og arbeidsmåtar har endra seg og den samfunnsmessige konteksten for desse endringane. Tilnærminga legg vekt på legitimeringsspørsmål knytt til norskfaget sitt spenn mellom kunnskap, ferdigheiter, kompetanse og danning. Emnet gir innsyn i norskfaget sett i eit samfunnsmessig integrasjonsperspektiv og belyser dette både med ei diakron og synkron tilnærming. Sentrale emne i studiet er faghistorisk forståing og fagleg debatt, læreplanar og andre normtekstar som styrings- og forskingsobjekt, analyse av læreverk i norskfaget, danning og litterær kanon og morsmålsfaget norsk i eit norsk/nordisk perspektiv. Det vert vidare lagt vekt på korleis nye emne, som t.d. multimodale og digitale tekstar, vert del av eit tradisjonsrikt fag i eit møte mellom tradisjon og innovasjon. Emnet vektlegg korleis cultural literacy har hatt eit nasjonsbyggande funksjon i norsk skule og korleis dette har blitt utfordra av andre typar literacy etter tusenårsskiftet, mellom anna som følgje av internasjonale og nasjonale/lokale testar. 

Vurderingsordninga (fagartikkel) gir studentane øving i akademisk skriving på masternivå, og er såleis ei nyttig førebuing før den større masteroppgåva. Artikkelen vil til vanleg vere ei fortolkande dokumentanalyse av gjeldande normtekstar i dagens skule (lover, forskrifter, læreplanverk, styringsdokument frå Utdanningsdirektoratet, lokale læreplanar, nasjonale/lokale testar og kartleggingsprøver, læreverk/lesebøker/skuleutgåver av skjønnlitterære verk med meir). Litteraturlista består for ein stor del av fagfellevurderte og forskingsbaserte artiklar som kan fungere som modellar for studentane sitt eige arbeid med ein akademisk artikkel.
 

Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Learning outcome knowledge

Studenten

  • har inngåande profesjonsretta kunnskap om hovudtrekka i faget si historiske utvikling med vekt på faget sine normtekstar og legitimeringsspørsmål
  • har inngåande kunnskap om mål, innhald, arbeidsmåtar og vurdering i gjeldande læreplan i norsk og kritisk kunne vurdere ulike læremiddel i faget for 1-7. klasse
  • kan ta eit særskilt ansvar for å leie inkluderande faglege læringsmiljø som fremjar nyskapande læringsprosessar på barne- og mellomsteget
  • kan anvende forskingsbasert profesjonsretta kunnskap om faglege og fagdidaktiske utfordringar knytte til norskundervisning i dagens skule på ein konstruktiv og kritisk måte
  • kan analysere faglege problemstillingar med utgangspunkt i norskfaget si historie, tradisjonar, eigenart og plass i samfunnet
  • har inngåande kunnskap om og innsikt i språknormering og skulen si rolle som språkleg normberar
Learning outcome skills

Studenten

  • kan analysere og vurdere kritisk korleis dagens norskfag er eit resultat av ulike kunnskaps- og danningstradisjonar
  • kan utvikle, planlegge og gjennomføre norskopplæring med utgangspunkt i gjeldande normtekstar og i eit mangfaldig klasserom på barne- og mellomsteget
  • kan drøfte, grunngi, gjennomføre og vurdere norskfaglege og norskdidaktiske undervisningsopplegg på barne- og mellomsteget med utgangspunkt i relevante teoriar
  • kan planlegge og gjennomføre norskfagleg og/eller norskdidaktisk klasseromsforsking og utviklingsarbeid, der ein skil mellom observasjon og tolking
  • kan kritisk anvende og bruke forskingsbasert kunnskap om språknormering i opplæring, rettleiing og vurdering
  • kan analysere faglege problemstillingar basert på kunnskap om lærarprofesjonen og på norskfaget sin eigenart, verdigrunnlag og historie og bruke denne i forskings- og utviklingsarbeid
Learning outcome qualification

Studenten

  • Kan ut frå forsking og i lys av fagets historie og norskfaglege normtekstar reflektere kritisk og konstruktivt rundt rolla norskfaget og norsklæraren har og har hatt i skulen
  • Kan vurdere eigen praksis som norsklærar i klasserommet og grunngi vurderingane
Working and learning activities

Emnet vert organisert gjennom ei blanding av undervisning, seminar og andre studentaktive læringsmåtar. Det er obligatorisk frammøte til all undervisning.
 

Assessment requirements

Frammøtekrav:

Krav om 70 prosent frammøte/deltaking til obligatorisk undervisning, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda §4-6.

Arbeidskrav:

  1. To individuelle skriftlege deltukast til fagartikkelen 
  2. Eit gruppebasert munnleg innlegg knytt til responsarbeid med fagartikkelen
  3. Aktiv deltaking i alle seminara knytt til arbeidskrava
Maximum number of students: 
45
Person in charge: 
Kristin Kibsgaard Sjøhelle
Pernille Fiskerstrand
Used in other programs
  • Primary and Lower Secondary Teacher Education for Years 1-7 - master (5 years)
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Oppgave
Individual
Semester
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
Fagartikkel på ca. 5.000 ord
Approval signature: 
Arne Myklebust