Semesters

MGL1-7PR3 Praksis 3, 30 dagar

Course code: 
MGL1-7PR3
Duration: 
2 semesters
Credits (ECTS): 
0
Level of study: 
Foundation level (bachelor’s degree level)
Teaching semester: 
2020 Autumn
2021 Spring
Assessment semester: 
2021 Spring
Language of instruction: 
Norwegian
Required prerequisite courses
MGL1-7PR2 Teaching practice 2, 25 days
Course content

Hovudtema for dei tre første studieåra (syklus 1) er lærarrolla, lærararbeidet, elevmangfaldet, skulen som organisasjon og læraren si tilrettelegging for læring av fag for 1. til 7. trinn. Praksis 3 har hovudfokus på elevmangfald, skulen som organisasjon og overgang barnesteg-ungdomssteg.

Praksis i 3.studieår er på 30 dagar og er fordelt på tre praksisperiodar, der 5 av dagane er i barnehage og via overgangen barnehage – skule. Studenten skal samarbeide med medstudentar om planlegging, gjennomføring og vurdering av undervising med rettleiing frå praksislærar og faglærar.

Studentane skal i praksis i 3. studieår få undervisningsansvar for lengre sekvensar, som til dømes å følgje same faget fleire timar etter kvarandre eller å ha ansvaret for all undervisning heile dagar. Omsynet til elevmangfaldet tyder at studentane skal få erfaringar med å differensiere undervisninga, og få kunne møte elevar med ulike føresetnader på deira premissar. Det føreset også ein bevisst og målretta vurderingspraksis. Å skape gode relasjonar til elevane er ei anna side ved praksisen dette året. For å kunne lukkast med det, er det nødvendig at studentane skaffar seg kunnskapar om elevane. Det skal skje dels ved at studentane får del i dei kartleggings-prosessane og den kunnskapen skulen sit med om elevane, og dels skal det skje gjennom observasjonar og analysar av fagleg arbeid som elevane gjer, og gjennom elevsamtalar.

Praksisstudiet har ein integrerande funksjon i grunnskulelærarutdanninga og førset samarbeid mellom studentar, faglærarar, praksislærarar og skuleleiing. Praksis skal vere  tilpassa  studentane sine fagval. Faglærarar, praksislærarar og studentar samarbeider tett i planlegging, gjennomføring og etterarbeid i praksis. 

Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Learning outcome knowledge

Studenten

  • har kunnskap om metodar knytte til forskings- og utviklingsarbeid i skulen
  • har kunnskap om elevane sine føresetnader og utvikling som utgangspunkt for tilpassa opplæring
  • har kunnskap om kulturelt, språklig, religiøst og sosialt mangfald
  • har kunnskap om gjeldande lov- og planverk, og om det heilskaplege opplæringsløpet, med vekt på overgangen frå barnehage til skule, og frå barnesteg til ungdomssteg
  • har kunnskap om skulen som organisasjon og samarbeid med andre instansar
Learning outcome skills

Studenten

  • kan drøfte undervisning på bakgrunn av profesjonsetiske perspektiv
  • kan samhandle med elevar, føresette, kollegaer, og andre interne og eksterne aktørar
  • kan identifisere og drøfte tiltak for å handtere mobbing og trakassering, og bidra til positiv utvikling av skulen sitt læringsmiljø
  • kan gjennomføre profesjonsretta FoU-prosjekt i tråd med forskingsetiske normer
  • kan bruke relevante digitale ressursar og rettleie elevar i deira digitale kvardag
  • kan reflektere over likskaper og ulikskapar mellom barnehage og skule, med omsyn til formål, innhald, arbeidsmåtar og organisering
Learning outcome qualification

Studenten

  • har endrings- og utviklingskompetanse som bidreg til samarbeid om fagleg og pedagogisk nytenking i skulen
  • kan med grunnlag i teori og forsking kritisk vurdere eigen og andre sin praksis
  • har utvikla eigen læraridentitet, kommunikasjons- og relasjonskompetanse
  • kan styrke internasjonale og fleirkulturelle perspektiv ved skulen sitt arbeid og stimulere til demokratisk deltaking
  • har innsikt i problemstillingar og utfordringar knytt til overgangen barnehage-skule
Working and learning activities

Praksisen i tredje studieåret vert delt inn i tre praksisperiodar; 25 dagar i skulen (15 dagar haust og 10 dagar vår) og 5 dagar i barnehage (vår). Studentane vil normalt vere inndelt i praksisgrupper på 3-4 studentar og vere på ein praksisskule/barnehage.

Før og etter første og andre praksisperiode er det obligatoriske praksismøte med studentar, praksislærarar og faglærarar.
Før barnehagepraksisen er det obligatorisk seminar på høgskulen knytt til praksisen.

Praksislærar skal gje munnleg, rettleiande vurdering av arbeidet frå dag til dag i praksisperioden. Etter første praksisperiode (haust) skal studenten ha skriftleg midtvegsvurdering. 

Studentane nyttar digitale rettleiingsverktøy i praksis.

Assessment requirements

Frammøtekrav:

Det er obligatorisk frammøte til all førebuing, gjennomføring og etterarbeid til praksis. Alt fråver i praksis må takast att. Manglande frammøte til førebuing og etterarbeid  til praksis vil kunne føre til krav om eit individuelt kompensatorisk arbeid for å få godkjent praksis. Sjå praksisheftet for retningsliner. 

Arbeidskrav:

Følgande arbeidskrav skal vere gjennomført og godkjent:

a) Arbeidskrav etter første praksisperiode: Deltaking på seminar med drøfting av tema knytt til hovudfokus i praksisstudiet tredje år. Nærare spesifisering i Canvas/semesterplan.

b) Arbeidskrav etter andre praksisperiode: Deltaking på seminar med drøfting av tema knytt til hovudfokus i praksisstudiet tredje år. Nærare spesifisering i Canvas/semesterplan.

c) Gjennomført 5 dagar praksis i barnehage.

d) Refleksjonsnotat i gruppe med drøfting av tema knytt til sentrale erfaringar frå praksisperioden med fokus på overgang barnehage-skule.  
    Nærare spesifisering i Canvas/semesterplan.

Sjå elles §4-7 i Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda

Evaluation system
Minimum number of students: 
1
Maximum number of students: 
40
Person in charge: 
Ivar Hagen
Used in other programs
  • Primary and Lower Secondary Teacher Education for Years 1-7 - master (5 years)
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Praksis
Pass / fail
Etter praksisperioden skal student ha sluttvurdering med karakteren Stått/Ikkje stått. Rettleiing og
vurdering av studentar i praksisstudiet er eit felles ansvarsområde for praksislærar, rektor og faglærar i
lærarutdanningane.
Approval signature: 
Arne Myklebust