Semesters

MGL1-7SP1 Spesialpedagogikk som fag og forskingsfelt i skulen

Course code: 
MGL1-7SP1
Duration: 
1 semester
Credits (ECTS): 
15
Level of study: 
Foundation level (bachelor’s degree level)
Teaching semester: 
2025 Spring
Assessment semester: 
2025 Spring
Language of instruction: 
Norwegian
Required prerequisite courses
MGL1-7PE2 Pedagogy and student knowledge 2: Learner in student diversity
Course content

Emneplanen er utarbeidd i samsvar med nasjonale retningslinjer for grunnskulelærarutdanning 1-7 i faget Profesjonsretta pedagogikk eller Spesialpedagogikk, og utgjer 15 studiepoeng.

Dette emnet gjeld spesialpedagogikk som fag og forskingsfelt i skulen, og er nært knytt opp til verksemda som gjeld individuelt tilrettelagd opplæring. Det skal gi studentane ei forskingsbasert innføring i dei utfordringane som gjeld elevane som ikkje har utbyte av den ordinære opplæringa, kva ordningar som er etablerte for denne oppgåva i skulen, korleis desse har fungert og fungerer. Emnet går også inn på kva som karakteriserer spesialpedagogisk forsking. Det er lagt særleg vekt på 1.-7. klassetrinn.

Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Learning outcome knowledge

Studentane skal ha kunnskapar om: 

  • spesialpedagogikk som fagfelt og innhaldet i sentrale omgrep 
  • den historiske utviklinga av den individuelt tilrettelagde opplæringa i Noreg
  • ansvarsfordelinga i og funksjonane til den spesialpedagogiske tiltakskjeda
  • kva grunnlaget er for at elevar får behov for og blir tildelt individuelt tilrettelagd opplæring, om korleis desse behova blir møtte og med kva resultat med eit særleg blikk på tidleg innsats
  • sambandet mellom ordinær opplæring og individuelt tilrettelagd opplæring
  • gode overgangar mellom barnehage og skule, mellom dei ulike klassestega, og mellom mellomtrinn og ungdomstrinn for elevar med særskilde behov
Learning outcome skills

Studenten skal kunne

  • samle inn data, analysere og drøfte innhald og arbeidsformer i skulen med relevans for elevar som får individuelt tilrettelagd opplæring på 1.-7. trinn
  • gjere faglege refleksjonar rundt innhald i faglitteratur og forskinsglitteratur knytt til spesialpedagogikk, formidle og delta i fagleg samtale med andre om desse refleksjonane
  • analysere og vurdere spesialpedagogiske problemstillingar og tiltak i profesjonsutøvinga
Learning outcome qualification

Studenten skal ha

  • god innsikt i tilhøvet mellom intensjon og praksis i den spesialpedagogiske verksemda i skulen
  • god forståing for samspel og dilemma mellom individuelt tilrettelagd opplæring og ordinær opplæring både på individ- og systemnivå
  • god kjennskap til ulike forklaringar på behovet for individuelt tilrettelagd opplæring
Working and learning activities

Studentane skal gjennom ei forskingsbasert tilnærming gjennomføre eit feltarbeid i skulen på 1.-7. trinn som vert utgangspunkt for ein prosess fram til endeleg rapport frå feltarbeidet (eksamensoppgåva). Arbeidsmåtane i emnet vil veksle mellom undervisning og seminar med studentaktivitet, arbeid individuelt og i grupper. 

Assessment requirements

Frammøtekrav: Obligatorisk oppmøte til all timeplanfesta aktivitet, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda §4-6.

1.  Krav om 80 prosent frammøte/deltaking til obligatorisk undervisning

2.  Gjennomføre eit feltarbeid i skulen og presentere resultat frå feltarbeidet for medstudentar, 

3.  Oppmøte og aktiv deltaking i alle seminara som er knytt til arbeidskrava

Evaluation system
Maximum number of students: 
45
Person in charge: 
Anne-Kari Remøy
Used in other programs
  • Primary and Lower Secondary Teacher Education for Years 1-7 - master (5 years)
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Assignment
Individual
Semester
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
Ei skriftleg oppgåve basert på feltarbeidet
Ingen.
Approval signature: 
Arne Myklebust