Semesters
MGL1-7SP1 Spesialpedagogikk som fag og forskingsfelt i skulen
Emneplanen er utarbeidd i samsvar med nasjonale retningslinjer for Grunnskulelærarutdanninga , 1-7, i faget Profesjonsretta pedagogikk eller spesialpedagogikk, 30 studiepoeng. Emnet gjeld spesialpedagogikk som fag og forskingsfelt i skulen, og er nært knytt opp til verksemda som gjeld spesialundervisning.
Retten til læring i skulen gjeld alle elevar. Nokre elevar får ikkje tilstrekkeleg utbyte av den ordinære opplæringa til at denne retten er teken i vare. Dei kan få spesialundervisning. Dette emnet skal gi studentane ei forskingsbasert innføring i dei utfordringane som gjeld elevane som har vanskar med å få utbyte av den ordinære opplæringa, kva ordningar som er etablerte for denne oppgåva i skulen, korleis desse har fungert og fungerer. Emnet går også inn på kva som er karakteriserer forskinga om spesialundervisning. Det er lagt særleg vekt på 1.-7. klassesteg og begynnaropplæring.
Emnet startar med ei innføring i den historiske utviklinga som gjeld spesialundervisninga i skulen, praktisk og som forskingsfelt. Den blir følgt opp med tema som gjeld korleis den spesialpedagogiske tiltakskjeda er konstruert, intensjonane med den spesialpedagogiske tiltakskjeda, overordna om arbeidsformer og korleis spesialundervisninga fungerer i dagens skule. Desse områda blir drøfta både ut frå lov og regelverk, og ut frå korleis forskinga framsteller desse områda både som ideal og realitet.
Det er lagt spesielt stor vekt på å skape forståing for og innsikt i omgrepet inkludering i skulen, og for prosessar som er til hinder for eller fremjar inkludering. Det blir gjort gjennom å gå inn i ei rekkje sentrale omgrep innan spesialpedagogikken, lov – og styringsdokument, og funksjonane til det spesialpedagogiske hjelpeapparatet.
For å aktualisere forholdet mellom ambisjon og realitetar i spesialundervisninga skal studentane gjennomføre eit feltarbeid i skulen, knytt til trinn 1-7. Det startar også prosessen med å utvikle forskingsbasert kompetanse knytt til sentrale spesialpedagogiske problemstillingar i skulen.
Gjennom heile prosessen fram til endeleg rapport frå feltarbeidet (eksamensoppgåva) blir studentane følgde tett opp gjennom arbeidskrav som inneheld presentasjonar, tilbakemeldingar og rettleiing. Det er gjort for å sikre ein god progresjon og for å utvikle forståing for dei ulike elementa i ei forskingsbasert tilnærming.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studentane skal ha forskingsbaserte kunnskapar om:
- den historiske utviklinga av spesialundervisninga i Noreg
- ansvarsfordelinga i og funksjonane til den spesialpedagogiske tiltakskjeda
- arbeid for god overgang mellom barnehage og skule for elevar med særskilte behov
- kva grunnlaget er for at elevar får behov for og blir tildelt spesialundervisning, om korleis desse behova blir møtte og med kva resultat.
- korleis elevar som får spesialundervisning opplever og vurdere skulen og opplæringa
- om sentrale spesialpedagogiske omgrep som mellom anna integrering, inkludering, normalitet, avvik, funksjonshemming, diskriminering og lærevanskar.
Studenten
- skal kunne å samle inn data, analysere og drøfte innhald og arbeidsformer i skulen med relevans for elevar som får spesialundervisning på trinn 1-7
- skal kunne gjere faglege refleksjonar rundt innhald i faglitteratur knytt til spesialpedagogikk, formidle og delta i fagleg samtale med andre om desse refleksjonane
- skal kunne bruke teoretisk/ forskingsbasert kunnskap til kritisk å velje, formulere, undersøke og analysere spesialpedagogiske problemstillingar
Studenten
- skal ha god innsikt i tilhøvet mellom intensjon og praksis i den spesialpedagogiske verksemda i skulen.
- skal ha innsikt i og forståing for samspel og dilemma mellom spesialundervising og ordinær opplæring både på individ- og systemnivå
- skal ha god kjennskap til ulike forklaringar på behovet for spesialundervisning
Arbeidsmåtane i emnet vil veksle mellom førelesingar, seminar og gruppearbeid. Det er obligatorisk frammøte til all undervisning.
Frammøtekrav: Obligatorisk oppmøte til all timeplanfesta aktivitet, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda §4-6.
Arbeidskrav:
Aktiv munnleg deltaking i seminar der studentane skal presentere og drøfte aktuelle kunnskapsgrunnlag for ei gitt problemstilling for eit feltarbeid.
Gjennomføre eit feltarbeid i skulen ut frå ei gitt problemstilling og presentere resultat frå feltarbeidet for medstudentar .
Kommentere minst ein resultatpresentasjon.
Levere inn eit utkast til fagtekst til rettleiing
Detaljane i arbeidskrava vert gjort greie for i eit eige notat utlevert ved studiestart.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11
- Primary and Lower Secondary Teacher Education for Years 1-7 - master (5 years)
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Oppgave | Individual | Semester | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | Ei skriftleg oppgåve på om lag 4000 ord basert på feltarbeidet, jf. arbeidskrava (føreord, innhaldsliste, litteraturliste og eventuelle vedlegg kjem i tillegg). | Ingen. |