Semesters

MGL1-7SP2 Spesialpedagogikk 2: Lærevanskar og spesialundervisning

Course code: 
MGL1-7SP2
Duration: 
1 semester
Credits (ECTS): 
15
Level of study: 
Foundation level (bachelor’s degree level)
Teaching semester: 
2025 Spring
Assessment semester: 
2025 Spring
Language of instruction: 
Norwegian
Required prerequisite courses
MGL1-7PE2 Pedagogy and student knowledge 2: Learner in student diversity
Course content

Emneplanen er utarbeidd i samsvar med nasjonale retningslinjer for Grunnskulelærarutdanninga, 1.-7- trinn, i faget Profesjonsretta pedagogikk eller Spesialpedagogikk, 15 studiepoeng.

Emnet gir ei innføring i utfordringane og tilbodet til elevane som har behov for spesialundervisning, med vekt på begynnaropplæring og mellomtrinn. Det supplerer dermed det første emnet i studiet, som tek opp spesialpedagogikk som fag og forskingsfelt i skulen. Dei mest konkrete utfordringane i spesialpedagogisk verksemd i skulen gjeld kva som kan sette elevar i utfordrande læresituasjonar. Dette emnet tek opp kva som kan skape lærevanskar, korleis lærevanskar kjem til syne, kva følgjer lærevanskar kan ha, og korleis møte lærevanskar både i den ordinære opplæringa og i spesialundervisninga i skulen. Det er dei vanlegaste utfordringane knytt til fagleg og sosial læring og utvikling i skulen som vert belyst i dette emnet. Det dreiar seg om psykisk helse, språk-, lese- og skrivevanskar, matematikkvanskar, åtferdsutfordringar og sosiale og emosjonelle behov. 

Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Learning outcome knowledge

Studenten har 

  • kunnskap om lærevanskar knytt til språk, lesing, skriving, matematikk, åtferd, sosialt samspel og psykisk helse
  • brei kunnskap om måtar å møte lærevanskane på i skulen
  • inngåande kunnskap om tidleg innsats og systematisk arbeid, og konsekvensane dette kan ha for elevane
Learning outcome skills

Studenten kan

  • analysere og forstå moglege årsaker til elevar sine lærevanskar
  • planlegge og gjennomføre undervisning for elevar med lærevanskar
  • bruke forskingsbasert kunnskap til kritisk å velje, formulere, undersøke og analysere spesialpedagogiske problemstillingar
  • formulere og drøfte faglege problemstillingar på ein kvalifisert måte, munnleg og skriftleg
Learning outcome qualification

Studenten

  • har innsikt i korleis ein kan legge til rette læringsmiljøet for elevar med lærevanskar på 1.-7. trinn
  • kan meistre ulike teoretiske og forskingsbaserte perspektiv på lærevanskar
Working and learning activities

Arbeidsformene vekslar mellom plenumsundervisning og seminar med studentaktivitet, arbeid i grupper og individuelt.

Assessment requirements

Frammøtekrav:

Arbeidskrav:

  • Oppmøte og aktiv deltaking i alle seminara som er knytt til dei skriftlege oppgåvene 

  Nærare retningslinjer om arbeidskrav vert gitt i semesterplanen i starten av semesteret. 

Evaluation system
Maximum number of students: 
45
Person in charge: 
Iselin Vatnehol
Used in other programs
  • Primary and Lower Secondary Teacher Education for Years 1-7 - master (5 years)
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Portfolio
Individual
Semesters
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
Ein individuell mappeeksamen med to innleverte arbeidskrav
Ingen
Approval signature: 
Arne Myklebust