Semesters
MGL1-7SP2 Lærevanskar og spesialundervisning
Emneplanen er utarbeidd i samsvar med nasjonale retningslinjer for Grunnskulelærarutdanninga, 1-7, i faget Profesjonsretta pedagogikk eller spesialpedagogikk, 30 studiepoeng.
Dette emnet gir ei innføring i utfordringane for og tilbodet til elevane som har behov for spesialundervisning, særleg dei yngste elevane i skulen Det supplerer dermed det første emnet i studiet, og som tok opp spesialpedagogikk som fag og forskingsfelt i skulen. Dei mest konkrete utfordringane i spesialpedagogisk verksemd i skulen gjeld elevane som har vanskar med å lære. Emnet vil ta opp kva som kan skape lærevanskar, korleis lærevanskar kjem til syne, kva følgjer lærevanskar kan ha, og korleis møte lærevanskar i arbeidet både i den ordinære opplæringa og i spesialundervisninga i skulen. Dei vanlegaste lærevanskane i skulen er tekne med i dette emnet, og med ein særleg konsentrasjon om begynnaropplæringa. Det er lærevanskar knytte til språk, lesing og skriving, til sosiale og emosjonelle vanskar, problemåtferd og psykisk helse.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten har forskingsbaserte kunnskapar om
- årsaker til lærevanskar knytte til språk, lesing, skriving, problemåtferd og psykisk helse, korleis desse kan kome til uttrykk, og kva konsekvensar dei kan ha.
- ulike måtar å møte desse lærevanskane på i skulen
- kva tidleg innsats kan ha å seie for elevar med lærevanskar
Studenten
- skal kunne identifisere sentrale kjenneteikn på at elevar kan ha lærevanskar.
- skal kunne planlegge og gjennomføre undervisning for elevar med høgfrekvente lærevanskar, særleg for dei yngste elevane
- bruke teoretisk/ forskingsbasert kunnskap til kritisk å velje, formulere, undersøke og analysere spesialpedagogiske problemstillingar
- framstille og drøfte faglege problemstillingar innanfor ein vitskapleg tidsskriftsjanger
Studenten
- skal ha innsikt i korleis ein kan legge til rette læringsmiljøet for elevar med lærevanskar på klassestega 1-7.
- skal kunne meistre ulike teoretiske perspektiv på årsaker til lærevanskar, og korleis desse kan kome til uttrykk i skulen.
Arbeidsmåtane i emnet vil veksle mellom førelesingar, seminar og gruppearbeid. Det er obligatorisk frammøte til all undervisning.
Frammøtekrav: Obligatorisk oppmøte til all timeplanfesta aktivitet, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda §4-6.
Arbeidskrav:
Studentane skal presentere og drøfte utkast til teoretisk refleksjonstekst for ei gitt problemstilling med medstudentar på munnlege seminar.
Studentane skal kommentere minst eit utkast til teoretisk refleksjonstekst frå medstudent.
Studentane skal levere ei teoretisk refleksjonstekst på inntil 2000 ord ut frå gitt problemstilling.
Detaljane i arbeidskrava vert formidla i eit eige skriv ved semesterstart.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11
- Primary and Lower Secondary Teacher Education for Years 1-7 - master (5 years)
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Written Exam | Individual | 5 Hours | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | Ingen |