Semesters

MGL1-7SP2 Spesialpedagogikk 2: Lærevanskar og spesialundervisning

Course code: 
MGL1-7SP2
Duration: 
1 semester
Credits (ECTS): 
15
Level of study: 
Foundation level (bachelor’s degree level)
Teaching semester: 
2021 Spring
Assessment semester: 
2021 Spring
Language of instruction: 
Norwegian
Required prerequisite courses
MGL1-7PE1 Pedagogy and student knowledge 1: The teacher`s facilitation for learning and development
Course content

Emneplanen er utarbeidd i samsvar med nasjonale retningslinjer for Grunnskulelærarutdanninga, 1-7, i faget Profesjonsretta pedagogikk eller Spesialpedagogikk, 30 studiepoeng.

Emnet gir ei innføring i utfordringane for og tilbodet til elevane som har behov for spesialundervisning, med vekt på begynnaropplæring og mellomtrinn. Det supplerer dermed det første emnet i studiet, som tek opp spesialpedagogikk som fag og forskingsfelt i skulen. Dei mest konkrete utfordringane i spesialpedagogisk verksemd i skulen gjeld elevane som har vanskar med å lære. Dette emnet tek opp kva som kan skape lærevanskar, korleis lærevanskar kjem til syne, kva følgjer lærevanskar kan ha, og korleis møte lærevanskar både i den ordinære opplæringa og i spesialundervisninga i skulen. Det er dei vanlegaste utfordringane knytt til fagleg og sosial læring og utvikling i skulen som vert belyst i dette emnet. Det dreiar seg om psykisk helse, språk-, lese- og skrivevanskar, matematikkvanskar, åtferdsutfordringar og sosiale og emosjonelle læringsbehov. 

Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Learning outcome knowledge

Studenten har forskingsbaserte kunnskapar om

  • lærevanskar knytt til språk, lesing, skriving, matematikk, åtferd, sosialt samspel og psykisk helse
  • ulike måtar å møte variasjonen i lærevanskane på i skulen
  • kva tidleg innsats og fortsettande systematisk arbeid kan ha å seie for elevar med lærevanskar
Learning outcome skills

Studenten kan

  • analysere og identifisere moglege årsakar til eleven sine lærevanskar
  • planlegge og gjennomføre undervisning for elevar med lærevanskar
  • bruke forskingsbasert kunnskap til kritisk å velje, formulere, undersøke og analysere spesialpedagogiske problemstillingar
  • formulere og drøfte faglege problemstillingar på ein kvalifisert måte, munnleg og skriftleg
Learning outcome qualification

Studenten

  • har innsikt i korleis ein kan legge til rette læringsmiljøet for elevar med lærevanskar på 1.-7. trinn
  • kan meistre ulike teoretiske og forskingsbaserte perspektiv på lærevanskar
Working and learning activities

Undervisningsformene vekslar mellom plenumsførelesing, undervisning og seminar med studentaktivitet, arbeid i grupper og individuelt.

Assessment requirements

Frammøtekrav: Obligatorisk oppmøte til all timeplanfesta aktivitet, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda §4-6.

Arbeidskrav: 

  • Studentane skal presentere og drøfte utkast til teoretisk refleksjonstekst for ei gitt problemstilling med medstudentar på munnlege seminar.

  • Studentane skal kommentere minst eit utkast til teoretisk refleksjonstekst frå medstudent.

  • Studentane skal levere ei teoretisk refleksjonstekst på 2000 ord ut frå gitt problemstilling. 

Evaluation system
Maximum number of students: 
45
Person in charge: 
Iselin Vatnehol
Used in other programs
  • Primary and Lower Secondary Teacher Education for Years 1-7 - master (5 years)
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Home exam
Individual
5 Hours
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
Alle.
Approval signature: 
Arne Myklebust