Semesters
MGL1-7SP3 Spesialpedagogikk 3: Spesialpedagogrolla i skulen
Emneplanen er utarbeidd i samsvar med nasjonale retningslinjer for Grunnskulelærarutdanninga , 1-7 i faget Profesjonsretta pedagogikk eller spesialpedagogikk.
Dette emnet er konsentrert om rolla som spesialpedagog i skulen. Emnet byggjer vidare på innhaldet i dei to første emna i Spesialpedagogikk og Pedagogikk og elevkunnskap. Det utvidar perspektivet til å handle om spesialpedagogen og spesialpedagogisk profesjonsutøving. Lærarar med høg spesialpedagogisk kompetanse kan ha mange roller og oppgåver i skulen. Det kan innebere å planlegge og gjennomføre individuell tilrettelagd opplæring, legge til rette for eit godt læringsmiljø for elevar som strevar, vere rådgjevar og rettleiar for kollegaer, samarbeide med eksterne fagpersonar og å vere aktør i endrings- og utviklingsarbeid. Målet er å skape gode samanhengar og samband mellom ordinær opplæring og individuell tilrettelagd opplæring. Viktige tema i emnet er difor korleis lærar med både spesialpedagogisk og allmennpedagogisk innsikt kan styrke opplæringa for elevar som strevar. Det kan dreie seg om korleis spesialpedagogen på klassestega 1-7 kan arbeide for å gje ei god, opplæring utifrå eleven sine føresetnader både fagleg, sosialt og emosjonelt, i samarbeid med heimen, kollegaer og det spesialpedagogiske hjelpeapparatet.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten har:
- kunnskap om korleis skape gode samband mellom individuell tilrettelagd opplæring og ordinær opplæring
- breie forskingsbaserte kunnskapar om utfordringar og dilemma knytt til ulike aspekt ved rolla som spesialpedagog i skulen
- kunnskap om kartlegging og betydning av kartlegging
- kunnskap om utfordringar og moglegheiter i samband med tverrfagleg og tverretatleg samarbeid knytt til gjennomføring og evaluering av spesialpedagogiske tiltak
- kunnskap om profesjonsetiske dilemma i individuell tilrettelagd opplæring
- brei kunnskap om relevant profesjonsretta forsking
Studenten kan:
- gå inn i dei ulike rollene som lærar med høg spesialpedagogisk kompetanse i skulen
- analysere og vurdere elevar sin skulesituasjon og bruke sin allmennpedagogiske og spesialpedagogiske kunnskap for å betre ordinær opplæring og individuell tilrettelagd opplæring
- reflektere over og drøfte sentrale og dagsaktuelle spesialpedagogiske dilemma
- kritisk analysere og vurdere bruken av ulike spesialpedagogiske tiltak i planlegging, gjennomføring og evaluering
Studenten kan:
- utvikle og betre opplæringa i skulen med utgangspunkt i dei ulike rollene som spesialpedagogen har
- reflektere over eigen og skulen sin praksis kring undervisninga for elevar som strevar
- analysere og formidle eit samansett fagstoff munnleg og skriftleg
- bruke aktuelle styringsdokument i det spesialpedagogiske arbeidet i skulen
Arbeidsmåtane vil veksle mellom førelesingar, studentseminar, arbeid individuelt og i grupper, munnlege presentasjonar, oppgåveskriving og rettleiing.
1. Krav om 70 prosent frammøte/deltaking til obligatorisk undervisning, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 6-6
2. Gjennomføre to arbeidskrav i emnet
3. Oppmøte og aktiv deltaking i alle seminara som er knytt til arbeidskrava
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 9-4.
- Primary and Lower Secondary Teacher Education for Years 1-7 - master (5 years)
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Oral examination | Individual | 30 Minutes | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | 100 | Ingen. |