Semesters
MGL1-7SP3 Spesialpedagogikk 3: Spesialpedagogrolla i skulen
Emneplanen er utarbeidd i samsvar med nasjonale retningslinjer for Grunnskulelærarutdanninga , 1-7, i faget Profesjonsretta pedagogikk eller spesialpedagogikk, 30 studiepoeng.
Dette emnet er konsentrert om rolla som spesialpedagog i skulen. Emnet byggjer vidare på innhaldet i dei to første emna i Spesialpedagogikk og Pedagogikk og elevkunnskap. Det utvidar perspektivet til å handle om spesialpedagogen og spesialpedagogisk profesjonsutøving. Lærarar med høg spesialpedagogisk kompetanse kan ha mange roller og oppgåver i skulen. Det kan innebere å planlegge og gjennomføre spesialundervisning, legge til rette den ordinære opplæringa for elevar som strevar, vere rådgjevar og rettleiar for kollegaer og å vere aktør i institusjonelt endrings – og utviklingsarbeid. Utfordringa er å skape gode samanhengar og samband mellom ordinær opplæring og spesialundervisning. Viktige tema i emnet er difor korleis lærar med både spesialpedagogisk og allmennpedagogisk innsikt kan styrke opplæringa for alle elevar. Det kan dreie seg om korleis ein på klassestega 1-7, med særleg vekt på begynnaropplæringa, kan arbeide for å gje ei god, samla opplæring utifrå eleven sine unike føresetnader både fagleg, sosialt og emosjonelt, i samarbeid med heimen, kollegaer og det spesialpedagogiske hjelpeapparatet.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten har
- inngåande forskingsbaserte kunnskapar om utfordringar og dilemma knytte til ulike aspekt ved rolla som spesialpedagog i skulen
- inngåande forskingsbaserte kunnskapar om korleis skape gode samband mellom spesialundervisning og ordinær opplæring
- avansert kunnskap om utfordringar og moglegheiter knytte til samarbeid om spesialpedagogiske tiltak, gjennomføring og evluering
- inngåande forskingsbaserte kunnskapar om relevant profesjonsretta forsking.
Studenten kan
- meistre dei ulike rollene som lærar med høg spesialpedagogisk kompetanse i skulen
- samarbeide på kvalifisert måte med heim, kollegaer og det spesialpedagogiske hjelpeapparatet om eit godt opplæringstilbod for eleven
- ta seg inn i og nytte relevant profesjonsfagleg forsking for å betre opplæringa
- kombinere spesialpedagogisk og allmennpedagogisk kunnskap for å betre både ordinær opplæring og spesialundervisning
Studenten kan
- med utgangspunkt i dei ulike rollene som spesialpedagog, utvikle og betre opplæringa i skulen
- engasjere seg i og initiere kollega- og foreldresamarbeid for å skape endring og utvikling for å forebygge lærevanskar, og/eller forbetre undervisninga for elevar som strevar fagleg og/eller sosialt
- analysere og formidle eit samansett fagstoff munnleg og skriftleg
- kjenne til og bruke aktuelle styringsdokument i det spesialpedagogiske arbeidet
Arbeidsmåtane vil veksle mellom førelesingar, lesing av faglitteratur, studentseminar, arbeid individuelt og i grupper, munnlege presentasjonar, oppgåveskriving og rettleiing.
Frammøtekrav:
Krav om 70 prosent frammøte/deltaking til obligatorisk undervisning, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda §4-6.
Arbeidskrav:
1. Utarbeide ei problemstilling til den skriftlege individuelle oppgåva (sjå arbeidskrav 4.)
2. Skrive eit utkast til den skriftlege individuelle oppgåva, som sendast til oppnemnt responsstudent og faglærar
3. Presentere munnleg utkast til den skriftlege individuelle oppgåva for dine medstudentar, og gi ei munnleg førebudd tilbakemelding til din responsstudent – i seminar.
4. Levere ein skriftleg individuell oppgåve på inntil 1500 ord, basert i hovudsak på aktuell pensumlitteratur
5. Gi ein munnleg presentasjon i seminar knytt til erfaringane frå spesialundervisninga under skuleovertakinga/praksis
6. Deltaking i seminara knytt til arbeidskrava
- Primary and Lower Secondary Teacher Education for Years 1-7 - master (5 years)
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Home exam | Individual | 2 Days | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | 100 | Ingen. |