Semesters

MGL5-10EN1B Engelsk 1B

Course code: 
MGL5-10EN1B
Duration: 
1 semester
Credits (ECTS): 
15
Level of study: 
Foundation level (bachelor’s degree level)
Teaching semester: 
2024 Spring
Assessment semester: 
2024 Spring
Language of instruction: 
English
Required prerequisite knowledge

Ingen

Course content

Engelsk 1B for 5-10 gir ei vidare innføring i engelsklæring og engelskdidaktikk i framhaldet av emnet 1A. Hovudfokuset på rolla som engelsklærar held også fram; emnet gir meir innsikt i og fleire reiskapar til å observere og reflektere over læraren si leiing av læringsprosessar, og læraren sine tankar kring val av læringsaktivitetar og arbeidsmåtar.  Praksis vil i fyrste året ligge på mellomsteget, og emnet omfattar også ei innføring i kva som kjenneteiknar elevane i denne aldersgruppa, og kunnskap om deira språkutvikling. Emnet omfattar studium av det engelske språksystemet, med fokus på kunnskap om lydsystemet i det engelske språket. Skilnadar mellom engelsk og norsk er lagt vekt på med referanse, der det er relevant, til andre språk i det norske klasseromet. Utvikling av eiga språkferdigheit står sentralt, med særleg vekt på munnlege ferdigheiter. I tillegg tek emnet føre seg eit vidt utval av tekstar, filmar og andre kunstuttrykk om den moderne engelsktalande verda, inkludert forteljande former retta mot barn og unge.   

Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Learning outcome knowledge

Studenten 

  • har kunnskap om korleis barn og unge lærer 2. og 3.-språk, om språklæringsteoriar, metodar og strategiar
  • har kunnskap om undervegs- og sluttvurdering av barn og unge si språklæring
  • har kunnskap om eit spekter av læremiddel og andre ressursar, mellom anna digitale ressursar, som kan brukast i opplæringa
  • har kunnskap om korleis ein kan tilpasse språkopplæringa til einskildeleven
  • har kunnskap om fleirspråklegheit og variantar av engelsk som ressurs i klasserommet
  • har kunnskap om kva som kjenneteiknar ulike typar akademiske tekstar
  • har kunnskap om engelske språklege strukturar, med vekt på lydsystem og uttale, og til skilnader og likskapar mellom norsk og engelsk på dette området
  • har kunnskap om digitale og andre former for historieforteljing og korleis dei kan motivere til læring
  • har kjennskap til eit utval av moderne kunstuttrykk og ulike forteljemåtar 
Learning outcome skills

Studenten:

  • kan bruke engelsk munnleg og skriftleg, sikkert og sjølvstendig, tilpassa ulike målgrupper og situasjonar
  • kan legge til rette for variert og differensiert læringsarbeid som fremjar utvikling av kunnskap og ferdigheit hjå alle elevar, m.a. vidareutvikling av dei grunnleggjande ferdigheitene 
  • kan legge til rette for progresjon i overgangen mellom barne- og ungdomssteget
  • kan bruke fagkunnskapen didaktisk og reflektert i høve til gjeldande læreplan for grunnskulen og kritisk vurdere eiga undervisning
  • kan vurdere og bruke digitale og andre læringsressursar og verkty
  • kan bruke undervegs- og sluttvurdering for å rettleie elevar i den faglege utviklinga deira
  • kan lese, drøfte og samanfatte hovudpoenga i eit utval akademiske tekstar
  • kan bruke kunnskap om det engelske lydsystemet til å justere eigen språkbruk, til å leggje til rette elevane si språklæring og rettleie språkbruken til elevane
  • kan analysere forteljemåtar og bruke presis terminologi, og leggje til rette for elevane sitt arbeid med kunstuttrykk 
  • kan lage digitale og/eller andre typar historier for å fremje læring
Learning outcome qualification

Studenten:

  • kan formidle relevant fagstoff og kommunisere på engelsk på ein måte som er tilpassa elevar på 5.-10. steg
  • kan reflektere over eiga læring og praksis i lys av etiske grunnverdiar og skulens ansvar for den personlege veksten hjå barn og unge
  • kan arbeide sjølvstendig og saman med andre for å løyse identifiserte problem knytte til elevar si læring og utvikling i engelskfaget
  • kan halde ved like og utvikle sin eigen språklege, kulturelle og didaktiske kompetanse 
  • kan lese og forstå akademiske tekstar for å fremje eiga læring
Working and learning activities

Undervisningsformene vekslar mellom plenumsforelesing, seminar, arbeid i grupper og individuelt arbeid. I tillegg brukar vi ei rekkje digitale læringsressursar. 

Assessment requirements

a. obligatorisk oppmøte til alle organiserte læringsaktivitetar

b. ei munnleg digital innlevering knytt til uttale

c. ei kunnskapsprøve i fonetikk 

d. eitt skriftleg arbeid over oppgitt tema på 1200 ord. Arbeidet skal vere basert på observasjonar frå praksis og reflektere over desse i lys av kunnskap frå pensumlitteraturen

e. eitt skriftleg arbeid i kultur på 1200 ord

 

Oppgåvene skal leverast til oppsett tidsfrist. Studenten får eitt høve til å forbetre oppgåver som ikkje oppfyller krava. Alle arbeidskrav må vere godkjende for at studenten skal kunne gå opp til eksamen. 

 

Evaluation system
Maximum number of students: 
50
Person in charge: 
Natalie Ann Donohue
Used in other programs
  • Primary and Lower Secondary Teacher Education for Years 5-10 - master (5 years)
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Portfolio
Individual
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
50
Omfattar det skriftlege arbeidet på 1200 ord, det skriftlege arbeidet i kultur på 1200 ord og kunnskapsprøva i fonetikk (alle omarbeidde på grunnlag av tilbakemelding)
Alle
2400 ord + kunnskapsprøva i fonetikk
Oral examination
Individual
25 Minutes
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
50
Munnleg eksamen basert på mappa og på pensum.
Mappa
Approval signature: 
Arne Myklebust