Semesters
MGL5-10EN1B Engelsk 1B
Ingen
Engelsk 1B for 5-10 gir ei vidare innføring i engelsklæring og engelskdidaktikk i framhaldet av emnet 1A. Hovudfokuset på rolla som engelsklærar held også fram; emnet gir meir innsikt i og fleire reiskapar til å observere og reflektere over læraren si leiing av læringsprosessar, og læraren sine tankar kring val av læringsaktivitetar og arbeidsmåtar. Praksis vil i fyrste året ligge på mellomsteget, og emnet omfattar også ei innføring i kva som kjenneteiknar elevane i denne aldersgruppa, og kunnskap om deira språkutvikling. Emnet omfattar studium av det engelske språksystemet, med fokus på kunnskap om lydsystemet i det engelske språket. Utvikling av eiga språkferdigheit står sentralt, med særleg vekt på munnlege ferdigheiter. I tillegg tek emnet føre seg eit vidt utval av tekstar, filmar og andre kunstuttrykk om den moderne engelsktalande verda, inkludert forteljande former retta mot barn og unge.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten
- har kunnskap om korleis barn og unge lærer 2. og 3.-språk, om språklæringsteoriar, metodar og strategiar
- har kunnskap om undervegs- og sluttvurdering av barn og unge si språklæring
- har kunnskap om eit spekter av læremiddel og andre ressursar, mellom anna digitale ressursar, som kan brukast i opplæringa
- har kunnskap om korleis ein kan tilpasse språkopplæringa til einskildeleven
- har kunnskap om fleirspråklegheit som ressurs i klasserommet
- har kunnskap om kva som kjenneteiknar ulike typar akademiske tekstar
- har kunnskap om engelske språklege strukturar, med vekt på lydsystem og uttale, og til skilnader og likskapar mellom norsk og engelsk på dette området
- har kunnskap om digitale og andre former for historieforteljing og korleis dei kan motivere til læring
- har kjennskap til eit utval av moderne kunstuttrykk og ulike forteljemåtar
Studenten:
- kan bruke engelsk munnleg og skriftleg, sikkert og sjølvstendig, tilpassa ulike målgrupper og situasjonar
- kan legge til rette for variert og differensiert læringsarbeid som fremjar utvikling av kunnskap og ferdigheit hjå alle elevar, m.a. vidareutvikling av dei grunnleggjande ferdigheitene
- kan legge til rette for progresjon i overgangen mellom barne- og ungdomssteget
- kan bruke fagkunnskapen didaktisk og reflektert i høve til gjeldande læreplan for grunnskulen og kritisk vurdere eiga undervisning
- kan vurdere og bruke digitale og andre læringsressursar og verkty
- kan bruke undervegs- og sluttvurdering for å rettleie elevar i den faglege utviklinga deira
- kan lese, drøfte og samanfatte hovudpoenga i eit utval akademiske tekstar
- kan bruke kunnskap om det engelske lydsystemet til å justere eigen språkbruk, til å leggje til rette elevane si språklæring og rettleie språkbruken til elevane
- kan analysere forteljemåtar og bruke presis terminologi, og leggje til rette for elevane sitt arbeid med kunstuttrykk
- kan lage digitale og/eller andre typar historier for å fremje læring
Studenten:
- kan formidle relevant fagstoff og kommunisere på engelsk på ein måte som er tilpassa elevar på 5.-10. steg
- kan reflektere over eiga læring og praksis i lys av etiske grunnverdiar og skulens ansvar for den personlege veksten hjå barn og unge
- kan arbeide sjølvstendig og saman med andre for å løyse identifiserte problem knytte til elevar si læring og utvikling i engelskfaget
- kan halde ved like og utvikle sin eigen språklege, kulturelle og didaktiske kompetanse
- kan lese og forstå akademiske tekstar for å fremje eiga læring
Undervisningsformene vekslar mellom plenumsforelesing, seminar, arbeid i grupper og individuelt arbeid. I tillegg brukar vi ei rekkje digitale læringsressursar.
a. obligatorisk oppmøte til alle organiserte læringsaktivitetar
b. ei munnleg digital innlevering knytt til uttale
c. ei kunnskapsprøve i fonetikk
d. eitt skriftleg arbeid over oppgitt tema på 1200 ord. Arbeidet skal vere basert på observasjonar frå praksis og reflektere over desse i lys av kunnskap frå pensumlitteraturen
e. eitt skriftleg arbeid i kultur på 1200 ord
Oppgåvene skal leverast til oppsett tidsfrist. Studenten får eitt høve til å forbetre oppgåver som ikkje oppfyller krava. Alle arbeidskrav må vere godkjende for at studenten skal kunne gå opp til eksamen.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11.
- Primary and Lower Secondary Teacher Education for Years 5-10 - master (5 years)
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Portfolio | Individual | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | 50 | Omfattar det skriftlege arbeidet på 1200 ord, det skriftlege arbeidet i kultur på 1200 ord og kunnskapsprøva i fonetikk (alle omarbeidde på grunnlag av tilbakemelding) | Alle | 2400 ord + kunnskapsprøva i fonetikk | |
Oral examination | Individual | 25 Minutes | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | 50 | Munnleg eksamen basert på mappa og på pensum. | Mappa |