Semesters

MGL5-10EN2A Engelsk 2 A

Course code: 
MGL5-10EN2A
Duration: 
1 semester
Credits (ECTS): 
15
Level of study: 
Foundation level (bachelor’s degree level)
Teaching semester: 
2018 Autumn
Assessment semester: 
2018 Autumn
Language of instruction: 
English
Required prerequisite knowledge

Ingen. 

Course content

I Engelsk 2A for 5-10 blir fokus flytta frå lærarrolla til elevrolla, med vekt på tilpassa opplæring.  Emnet gir innsikt i ulike læringsaktivitetar og arbeidsmåtar: det vil ligge særleg vekt på aktivitetar og arbeidsmåtar som kan nyttast til å tilpasse undervisninga til einskildstudenten og til elevgrupperingar basert på kulturell, språkleg og anna variasjon. Kunnskap om fleirspråklegheit og måtar dette kan utnyttast på i klasserommet, vil i denne samanhengen vere eit viktig moment. Praksis i andre året vil ligge på ungdomstrinnet, og emnet vil ta opp kva som kjenneteiknar elevane i denne aldersgruppa, og kunnskap om deira språkutvikling.  Emnet omfattar kunnskap om overordna grammatiske strukturar i det engelske språket og utvikling av eiga språkferdigheit, litteratur- og tekstkompetanse og produktivt ordforråd. Språket si kulturelle forankring er også ein del av emnet, med ei kort innføring i språkhistorie. I tillegg omfattar emnet tekstar og kulturelle uttrykk som gjev perspektiv på framveksten av den engelskspråklege verda fram til slutten av 1700-talet. Desse skal medverke både til personleg og fagleg vekst og vere til bruk i undervisninga på mellom- og ungdomssteget. Studieturen til York (sjå under vilkår for å framstille seg til eksamen) vil vere sentral i høve til å utvikle dette historiske perspektivet, medvitet om språket si kulturelle forankring, og om fleirkulturelle samfunn.

Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Learning outcome knowledge

Studenten

  • Har meir djuptgåande kunnskap om barn og unge si språklæring i eit 2. og 3.-språksperspektiv, om språklæringsteoriar, metodar og strategiar
  • Har meir djuptgåande kunnskap om korleis ein kan tilpasse språkopplæringa til einskildeleven og elevgrupper
  • Har inngåande kunnskap om fleirspråklegheit som ressurs i klasserommet
  • Har kunnskap om sentrale nasjonale og internasjonale dokument for engelskfaget
  • Har kunnskap om eit vidt spekter av læremiddel og andre ressursar, mellom anna digitale, som kan brukast i opplæringa
  • Har kunnskap om overordna engelske språklege strukturar, inkludert verbsystemet, og til skilnader og likskapar mellom norsk og engelsk på dette området
  • Har meir inngåande kunnskap om normene for akademisk tekstproduksjon, ansvarleg kjeldebruk og personvern
  • Har kunnskap om den kulturelle forankringa til det engelske språket, inkludert grunnleggjande kunnskap om engelsk språkhistorie
  • Har kjennskap til trekk ved samfunnsutviklinga i den engelskspråklege verda fram til slutten av 1700-talet
  • Har kjennskap til eit utval av litterære tekstar og andre kunstformer frå denne perioden, i original form og i moderne versjonar, og til moderne kunstuttrykk som omhandlar den same perioden, til både personleg vekst og undervisningsbruk

 

Learning outcome skills

Studenten

  • kan bruke engelsk godt munnleg og skriftleg tilpassa ulike målgrupper, sjangrar og situasjonar med samanheng, flyt og presisjon. Emnet legg vekt på skriftleg språkferdigheit.
  • kan planlegge, leie og vurdere elevane sitt læringsarbeid på ein måte som tek omsyn til mangfaldet i gruppa, og som fremjar vidareutviklinga av dei grunnleggjande ferdigheitene
  • kan analysere og reflektere over sentrale dokument i engelskfaget
  • Kan aktivt gjere nytte av fleirspråklegheit i elevgruppa
  • kan på meir avansert nivå bruke kunnskap om engelsk språksystem til å justere eigen språkbruk, til å leggje til rette for elevane si språklæring og rettleie språkbruken til elevane
  • kan identifisere og analysere sentrale trekk ved framveksten av engelsk språk og av engelskspråklege samfunn,
  • kan tolke kunstformer frå eller om perioden fram til slutten av 1700-talet, med særleg vekt på drama, og bruke litteratur og kulturuttrykk frå eller om perioden i klasserommet
  • kan reflektere over, drøfte og vurdere vitskaplege tekster relatert til fag og undervisning
  • kan gjere sikker bruk av normer for akademisk tekstproduksjon, ansvarleg kjeldebruk og personvern 

 

Learning outcome qualification

Studenten

  • Kan reflektere over eiga læring og praksis i lys av etiske grunnverdiar og skulen sitt ansvar for den personlege veksten hjå barn og unge
  • Kan arbeide sjølvstendig og saman med andre for å løyse identifiserte problem knytte til elevar si læring og utvikling i engelskfaget
  • Kan halde ved like og utvikle sin eigen språklege, kulturelle og didaktiske kompetanse
  • Kan halde seg til normene for akademisk tekstproduksjon, ansvarleg kjeldebruk og personvern

 

Working and learning activities

Undervisingsformene vekslar mellom plenumsforelesing, seminar, arbeid i grupper og individuelt arbeid. I tillegg brukar vi ei rekkje digitale læringsressursar. Ein studietur til Det norske studiesenteret i Storbritannia (York) inngår i emnet.

Assessment requirements
  • Obligatorisk oppmøte til alle organiserte læringsaktivitetar
  • deltaking i studietur til York
  • to skriftlege oppgåver på 600 ord kvar
  • ei skriftleg oppgåve på 1200 ord (utkast til eksamensoppgåva)
  • ein logg med minimum 6 innlegg på minimum 100 ord kvar. Eit av innlegga skal vere munnleg

To av logginnlegga skal vere knytt til studentens praksis og reflektere over denne. Eitt av logginnlegga skal reflektere over fleirspråklegheit i klasserommet. Utkastet til eksamensoppgåva skal vere ein analyse av eit sentralt nasjonalt eller internasjonalt dokument i engelskfaget eller eit læreverk.

Oppgåvene skal leverast til oppsett tidsfrist. Studenten får eitt høve til å forbetre oppgåver som ikkje oppfyller krava. Alle arbeidskrav må vere godkjende for at studenten skal kunne gå opp til eksamen.

Evaluation system

Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11.

Evaluation

Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.

Maximum number of students: 
40
Person in charge: 
Svenn-Arve Myklebost
Used in other programs
  • Primary and Lower Secondary Teacher Education for Years 5-10 - master (5 years)
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Home exam
Individual
1 Week
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
Alle
2500 ord
Approval signature: 
Anne Øie