Semesters
MGL5-10EN2A Engelsk 2A
Ingen.
I Engelsk 2A for 5-10 blir fokus flytta frå lærarrolla til elevrolla, med vekt på tilpassa opplæring. Emnet gir innsikt i ulike læringsaktivitetar og arbeidsmåtar: særleg vekt vil ligge på aktivitetar og arbeidsmåtar som kan nyttast til å tilpasse undervisninga til einskildstudenten og til elevgrupperingar basert på kulturell, språkleg og anna variasjon. Kunnskap om fleirspråklegheit og måtar dette kan utnyttast på i klasserommet vil i denne samanhengen vere eit viktig moment. Praksis vil ligge på ungdomstrinnet, og emnet vil ta opp kva som kjenneteiknar elevane i denne aldersgruppa samt kunnskap om korleis språk og kultur er med på å forme deira identitet. Emnet omfattar kunnskap om overordna grammatiske strukturar i det engelske språket og utvikling av eiga språkferdigheit, litteratur- og tekstkompetanse og produktivt ordforråd. Språket si kulturelle forankring er ein del av emnet, med ei kort innføring i språkhistorie. I tillegg omfattar emnet (samansette) tekstar og kulturelle uttrykk som omhandlar ungdom i den engelskspråklege verda i gamal tid og no. Desse tekstane skal medverke både til personleg og fagleg vekst og vere til bruk i undervisninga på mellom- og ungdomssteget. Studieturen til York (sjå under vilkår for å framstille seg til eksamen) vil vere sentral i høve til å utvikle synet på den engelskspråklege verda, medvitet om språket si kulturelle forankring, og om ungdom i fleirkulturelle samfunn.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten
- har meir djuptgåande kunnskap om barn og unge si språklæring i eit 2. og 3.-språksperspektiv, om språklæringsteoriar, metodar og strategiar
- har meir djuptgåande kunnskap om korleis ein kan tilpasse språkopplæringa til einskildeleven og elevgrupper
- har inngåande kunnskap om fleirspråklegheit som ressurs i klasserommet
- har kunnskap om sentrale nasjonale og internasjonale dokument for engelskfaget
- har kunnskap om eit utval digitale læremiddel og andre ressursar som kan fremje læring i engelskfaget
- har kunnskap om overordna engelske språklege strukturar, inkludert verbsystemet, og til skilnader og likskapar mellom norsk og engelsk på dette området
- har meir inngåande kunnskap om normene for akademisk tekstproduksjon, ansvarleg kjeldebruk og personvern
- har kunnskap om den kulturelle forankringa til det engelske språket, inkludert grunnleggjande kunnskap om engelsk språkhistorie
- har kjennskap til ungdom og ungdomskultur i den engelskspråklege verda før og no
- har kjennskap til eit utval av engelskspråklege litterære tekstar og andre kunstformer, både eldre tekstar, moderne versjonar av eldre tekstar og heilt nye tekstar, i ulike medium og sjangrar, som fokuserer på ungdom
Studenten
- kan bruke engelsk godt munnleg og skriftleg tilpassa ulike målgrupper, sjangrar og situasjonar med samanheng, flyt og presisjon. Emnet legg vekt på skriftleg språkferdigheit.
- kan planlegge, leie og vurdere elevane sitt læringsarbeid på ein måte som tek omsyn til mangfaldet i gruppa, og som fremjar vidareutviklinga av dei grunnleggjande ferdigheitene
- kan analysere og reflektere over sentrale dokument i engelskfaget
- kan aktivt gjere nytte av fleirspråklegheit i elevgruppa
- kan velje ut og nytte eit utval digitale læremiddel og andre ressursar som kan fremje læring i engelskfaget, inkludert samskrivingsverktøy
- kan på meir avansert nivå bruke kunnskap om engelsk språksystem til å justere eigen språkbruk, til å leggje til rette for elevane si språklæring og rettleie språkbruken til elevane
- kan identifisere og analysere sentrale trekk ved framveksten av engelsk språk og av engelskspråklege samfunn
- kan tolke og bruke litteratur og kulturuttrykk om ungdom i klasserommet
- kan reflektere over, drøfte og vurdere vitskaplege tekster relatert til fag og undervisning
- kan gjere sikker bruk av normer for akademisk tekstproduksjon, ansvarleg kjeldebruk og personvern
Studenten
- kan reflektere over eiga læring og praksis i lys av etiske grunnverdiar og skulen sitt ansvar for den personlege veksten hjå barn og unge
- kan arbeide sjølvstendig og saman med andre for å løyse særlege problem knytte til elevar si læring og utvikling i engelskfaget
- kan halde ved like og utvikle sin eigen språklege, kulturelle, didaktiske og digitale kompetanse
- kan halde seg til normene for akademisk tekstproduksjon, ansvarleg kjeldebruk og personvern
Undervisingsformene vekslar mellom plenumsforelesing, seminar, arbeid i grupper og individuelt arbeid. I tillegg brukar vi ei rekkje digitale læringsressursar. Ein studietur til Det norske studiesenteret i Storbritannia (York) inngår i emnet.
- obligatorisk oppmøte til alle organiserte læringsaktivitetar
- deltaking i studietur til York
- eitt munnleg innlegg om didaktikk/kultur/litteratur
- ein kort tekst om historia til det engelske språket
- eitt refleksjonsnotat om praksis
- ei portefølje med tre tekstar som til slutt skal leverast som eksamen:
- ei grammatikkoppgåve
- ei didaktikkoppgåve
- ei kultur/litteraturoppgåve
Av dei tre tekstane i porteføljen får studenten rettleiing på grammatikkoppgåva og ei av dei to andre oppgåvene. Den siste teksten skal skrivast på ein kortare tidsfrist i slutten av semesteret. Grammatikkoppgåva vil telje 20 % medan dei to andre tel 40 % kvar.
Oppgåvene skal leverast til oppsett tidsfrist. Studenten får eitt høve til å forbetre oppgåver som ikkje oppfyller krava. Alle arbeidskrav må vere godkjende for at studenten skal kunne gå opp til eksamen.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11.
- Primary and Lower Secondary Teacher Education for Years 5-10 - master (5 years)
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Portfolio | Individual | 3 Days | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | Vekting: didaktikk 40 %, kultur 40 &, språk 20 % | Alle | 3 Pdf-filer: Essay 1300-1500 ord, grammatikkoppgåve, heimeoppgåve 1300-1500 ord. |