Semesters

MGL5-10EN2B Engelsk 2B

Course code: 
MGL5-10EN2B
Duration: 
1 semester
Credits (ECTS): 
15
Level of study: 
Specialization level (bachelor’s degree level)
Teaching semester: 
2024 Autumn
Assessment semester: 
2024 Autumn
Language of instruction: 
English
Required prerequisite courses
MGL5-10EN1A English 1A
MGL5-10EN1B English 1B
MGL5-10EN2A English 2A
Course content

Emnet Engelsk 2B utfyller perspektiva i Engelsk 2A på ulike måtar. Fokuset ligg framleis på eleven og engelsklæraren sitt møte med eleven, med noko meir vekt på spesifikke problem hjå einskildelevar og oppfølging av desse: tilpassa opplæring med læringsaktivitetar og arbeidsmåtar som kan nyttast i samband med dette er såleis framleis eit viktig element. Praksis vil også i tredje året ligge på ungdomstrinnet.

Emnet omfattar kunnskap om heilskaplege språkstrukturar i engelsk, med særleg vekt på munnleg kommunikasjon, og utvikling av eiga språkferdigheit, litteratur- og tekstkompetanse. Vi vil framleis arbeide med spørsmål kring språkets kulturelle forankring, men no med fokus på ulike notidige variantar av engelsk og engelsk som lingua franca. På kultursida har dette emnet eit historisk perspektiv. Emnet omfattar litterære tekstar, sakprosa og andre kulturelle uttrykk som gjev vidare perspektiv på globaliseringa av den engelskspråklege kulturen.

Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Learning outcome knowledge

Studenten

  • har meir djuptgåande kunnskap om barn og unge si språklæring i eit 2. og 3.- språksperspektiv, om språklæringsteoriar, metodar og strategiar
  • har meir djuptgåande kunnskap om korleis ein kan tilpasse språkopplæringa til einskildeleven, med særleg fokus på tilpassing til elevar med spesifikke problem
  • har kunnskap om diskusjon og vurderingar kring val av læremiddel og andre opplæringsressursar, mellom anna digitale ressursar
  • har kunnskap om læringsvideo, både i undervisinga og som verktøy i skulen, og varierte vurderingsformer og former for rettleiing
  • har kunnskap om engelsk språkbruk på Internett
  • har kunnskap om engelske språklege strukturar med vekt på munnleg kommunikasjon, bruk av talerytme og intonasjon, og om skilnader og likskapar mellom norsk og engelsk på desse områda
  • har kunnskap om notidige variantar av engelsk og engelsk som eit internasjonalt lingua franca
  • har kunnskap om engelsk, med vekt på danninga av ein global engelskspråkleg kultur
  • har kjennskap til eit utval av litterære tekstar og andre kunstformer som utrykker seg om danninga av ein global engelskspråkleg kultur, til både personleg vekst og undervisingsbruk
Learning outcome skills

Studenten

  • kan bruke engelsk godt munnleg og skriftleg tilpassa ulike målgrupper, sjangrar og situasjonar med sammenheng, flyt og presisjon. Emnet legg vekt på munnleg språkferdigheit
  • kan legge til rette for og leie eit trygt heilskapleg læringsmiljø som fremjar vidareutviklinga av dei grunnleggjande ferdigheitene for alle elevar
  • kan kritisk vurdere og velje mellom eit vidt spektrum av læremiddel, mellom anna digitale, for m.a. å tilpasse opplæringa til kvar einskilt elev
  • kan bruke undervegs- og sluttvurdering for å rettleie elevar i deira utvikling, med bruk av varierte, digitale vurderings- og rettleiingsverktøy
  • kan bruke kunnskap om engelsk språksystem, og språkbruk på Internett, til å justere eigen språkbruk og for å leggje til rette for elevane si språklæring og rettleie språkbruken til elevane, med vekt på det munnlege
  • kan identifisere og analysere sentrale trekk ved utviklinga i engelskspråklege samfunn av ein global engelskspråkleg kultur
  • kan tolke litterære tekstar og kunstformer som uttrykker seg om danninga av ein global engelskspråkleg kultur og kan bruke dei i klasserommet
  • har tileigna seg dugleik i akademisk skriving
  • kan analysere relevant forsking og formidle eit samansett fagstoff 
Learning outcome qualification

Studenten

  • kan reflektere over eiga læring og praksis når det gjeld etiske grunnverdiar og skulen sitt ansvar for den personlege veksten hjå barn og unge
  • kan arbeide sjølvstendig og saman med andre for å løyse identifiserte problem knytte til elevar si læring og utvikling i engelskfaget
  • kan halde ved like og utvikle sin eigen språklege, kulturelle, didaktiske og digitale kompetanse
  • kan vise faglig engasjement i viktige spørsmål om skule og opplæring
  • forheld seg sjølvstendig til forskingsetiske problemstillingar
Working and learning activities

Undervisningsformene vekslar mellom plenumsforelesing, seminar, arbeid i grupper og individuelt arbeid. I tillegg brukar vi HVO sine digitale læringsressursar. 

Assessment requirements

Frammøtekrav:

 Det er obligatorisk oppmøte til alle organiserte læringsaktivitetar

Arbeidskrav:

  • Ei oppgåve i språk
  • Ein 20 minutts munnleg presentasjon (med IKT-støtte) over eit tema vald i samråd med faglærar, etterfølgt av spørsmål frå resten av klassen
  • Ei skriftleg oppgåve på 1200-1500 ord over eit tema vald i samråd med faglærar

Oppgåvene skal leverast til oppsett tidsfrist. Studenten får eitt høve til å forbetre oppgåver som ikkje oppfyller krava. Alle arbeidskrav må vere godkjende for at studenten skal kunne gå opp til eksamen.

Evaluation system
Maximum number of students: 
40
Person in charge: 
Elaheh Tavakoli
Kim-Daniel Vattøy
Used in other programs
  • Primary and Lower Secondary Teacher Education for Years 5-10 - master (5 years)
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Oral examination
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
Tillate hjelpemiddel: Notatar frå førebuingsprosessen
Munnleg eksamen varar opp til ein halv time.
Approval signature: 
Arne Myklebust